Kommentar
Kulturarv på veg til museet
Statsbudsjettframlegget om kutt i stønaden til frivillige organisasjonar syner oss eit regjeringsapparat som ikkje har skjønt kva ein levande kulturarv har å seie.
Landbruksminister Jon Georg Dale opna den norske paviljongen for tradisjonskost på Internationale Grüne Woche i Berlin i år – før han brukte saksa i stønadsbudsjettet.
Foto: Vidar Alfarnes
Eg trur rett og slett eg lyt byrje denne teksten med å gjere noko eg sjeldan gjer: skryte av Noreg. Og ikkje berre av langrennsløparane våre eller den korte vegen til topps i politikken eller fjordlandskapet – nei, av sjølvaste kulturarven vår, og av det faktumet at han framleis er levande.
At vanlege menneske i Noreg, og i alle aldrar, i 2017 er opptatt av og betaler tusenvis av kroner for å gå på kurs i treskjering, grindverksbygging, hardangersaum og ysting, er på ingen måte unikt. Men ser ein på land kring oss som vi likar å samanlikne oss med, er det litt spesielt likevel. Førre skuleår gjekk eg på ein folkehøgskule som spesialiserer seg i tradisjonshandverk. Kvart år er skulen full av danskar som utvandrar til Noreg for å lære tradisjonane våre, sidan dei ikkje har nokon stad å lære sine eigne. Kanskje finst det heller ikkje nokon som kjenner dei lenger.
Så dårleg stilte er vi ikkje i Noreg. Enno. Framleis har vi levande menneske som sender vidare den handlingsborne kulturarven vår. Smedar og tømrarar som faktisk kan handtere ei øks, og folk som kan spinne ull på ein handtein og slikt som berre kan vernast gjennom at det er i aktiv bruk, og som i dag vert tatt vare på av nokre profesjonelle utøvarar saman med ei rekke små organisasjonar.
Somme av desse får nokre kroner i statleg stønad. Somme av dei får stønad gjennom Landbruks- og matdepartementet (LMD), og andre gjennom eit studieforbund som igjen får pengar av Kunnskapsdepartementet. Dei har det til felles at dei er knytte til departement som ikkje skjønar kva dei har føre seg.
Yrkesretta
Studieforbunda er ei rekke paraplyorganisasjonar som deler ut små pengesummar til lokale organisasjonar som held kurs. Eit kurs kan vere alt frå leikarring for born til kurs i plantefarging eller muring og støyping. Å melde inn kurs til eit studieforbund utløyser ein stønad på 90 kroner per studietime.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.