Kommentar
Jordas gull er ikkje utan gråstein
Sjølv den grunnaste jorda må vere meir verd i morgon enn ho er i dag.
Ein heilt vanleg dag, i ei heilt vanleg lokalavis på Vestlandet, skal nokon kanskje ekspropriere grunn til bygging av ein idrettshall:
«Advokaten reknar det som lite sannsynleg at jordbruksverdien av matjorda blir lagt til grunn ved ei eventuell oreigning, her er det snakk om kvadratmeterpris på mellom 20 og 35 kroner. Ei samanlikning med tomteprisar viser at ei ferdig regulert og opparbeidd tomt kanskje seljast for 850 kroner per kvadratmeter.»
Treng eg forklare? Vi treng ved alle høve ikkje gå til den meir omtala jordvernsaka i Bergen, der 1000 mål jord skal verte bilforretningar, eller Ikea-jordet på Vestby, for å finne høve til å diskutere det kvardagslege jordvernet. Dei små åkerlappane, dei som saman lagar dei tre prosentane av Noreg som er jordbruksareal, er stort sett slikt småplukk. Halvpartane av dei graskledde teigane våre er på under ti mål. Ballparkar i dag kan ikkje konkurrere med framtidige bolledeigar.
Triste lovendringar
Difor er det ikkje noko anna enn trist at Noreg for halvannan månad sidan fekk 3700 færre konsesjonspliktige, 12.300 færre bupliktige og 13.600 færre odelsretta eigedommar, idet nye lover som aukar arealgrensa for kva som i praksis er eit gardsbruk (eigedommar som er omfatta av konsesjonsplikt, driveplikt, buplikt og/eller odelsrett) frå 25 til 35 dekar, tredde i kraft.
Det er likevel ikkje desse dekarane denne teksten fyrst og fremst skal handle om. Når vi diskuterer om vi skal verne eller bygge ned dei 3 prosentane av Noreg som er jordbruksareal, diskuterer vi dei fulldyrka teigane, dei overflatedyrka teigane og innmarka. Jorder som er djupe nok til å kunne pløyast, eller kor minst 50 prosent av arealet er dekte av kulturgrasartar og beitetålande urter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.