Kommentar

Ikkje gjer alle flyreiser billegare

Lønsame kortbaneflyplassar med råbillege billettar kan fort vere eit luftslott. Og kanskje er det like greitt.

Publisert

Vi slår det fast med ein gong: Nordmenn er eit fykande folkeslag. At vi bur i det landet i Europa kor folk flyr mest innanlands – for det gjer vi – er på ein måte ikkje så rart – langstrakt og krokete som landet vårt er er det tyngre å bygge ut med så vel togskjener som vegar enn mange andre land.

Men er det eigentleg ei god forklaring på korleis reisene vi føretek på den minst miljøvenlege måten tilgjengeleg føregår? Lat oss sjå litt nærare på den norske flykvardagen – og politikken som styrer han.

byrjar i ein annan ende

I 2018 sette nemleg regjeringa ned eit ekspertutval som skulle gå gjennom norsk luftfart – og finne ut korleis globalisering, auka konkurranse og mangel på konkurranse verka inn på mellom anna miljøpåverknaden til næringa. Ut i frå denne skal dei lage ny politikk.

Rapporten kom i desember i fjor – men har fyrst no, når det har nærma seg høyringsfrist – fått merksemd, og det mest fordi utvalet foreslår å legge ned kortbaneflyplassar i distrikta for å betre lønsemd og konkurranse på dei kortaste, minste, gjerne statleg subsidierte flyrutene.

Men er verkeleg dårleg lønsemd på små flyplassar det største problemet i luftfarts-Noreg? Lat oss i staden byrje i ein annan ende: Kvifor har vi luftfartspolitikk i Noreg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement