Samfunn

Oppbrot i Trøndelag

I 1960- og 70-åra blei mange politiske miljø i Noreg radikaliserte. Radikaliseringa i sentrum er hendingane som historikarar flest bladde forbi, og som folk flest gløymde. Dette er min versjon.

RADIKAL? Kva legg De i ordet radikal? spurde Per Øyvind Heradstveit i Åpen post hausten 1968. Viljen til å gripe inn i samfunnet for å løyse dei problema som oppstår. Der er nok av dei som overlèt dette til krefters frie spel, svara Venstre-formann Gunnar Garbo (1924–2016).
Publisert Sist oppdatert

Korleis bør vi markere 1. mai? Dette vanlege spørsmålet i fagrørsla, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Folkeparti i 1960-åra dukka våren 1965 opp ein heilt annan stad. I Nord-Trøndelag spurde fylkeslaget av Senterungdommens Landsforbund i brev til lokallaga: «Er det ønskelig at SU engasjerer seg i 1. mai-arrangement?» Og om så, korleis då? Det blei med spørsmålet, som heller ikkje viste att offentleg.

I mars same året tok Odd Einar Dørum og to andre frå Unge Venstre initiativet til eit tverrpolitisk demonstrasjonstog i Trondheim mot den amerikanske krigføringa i Vietnam. Raudrussformann Sigurd Allern las høgt det oppropet som låg til grunn for demonstrasjonen, og i ein appell protesterte Dørum mot svart-kvitt-tenkinga om at alt frå Sovjetunionen var gale, og at alt frå Vesten var rett.

Brevet og protesten vitnar om at oppbrot var på gang i det politiske sentrum. Radikalisering på norsk oppstod mange stader og tok mange former. Gjennom historier og minne fortel eg subjektivt om radikaliseringa i det politiske sentrum med blikket retta mot ungdomspolitiske arenaer. Sjølv var eg med i Unge Venstre frå 1971 og formann 1975–76. Ein utbrend fakkel frå valnatta i 1972 rommar meir enn brennande engasjement.

Opprør mot lys framtid

Verda skulle byggjast opp att etter den store krigen, nye krigar og konfliktar herja på andre kontinent, politikarane hadde nok med det ideologiske jernteppet som delte Vesten, og dei gamle koloni-imperia var i ferd med å bli bygde ned.

Det braut ut opprør i mange land og fleire verdsdelar, og følgjene var så ymse. I USA tok oppgjeret med institusjonalisert rasisme til i midten av 1950-åra, parallelt med ein kvelande mccarthyisme, i Frankrike førte sosial uro og misnøye til gateopptøyar og barrikadar, og i Tyskland byrja etterkrigsgenerasjonen å spørje kva fedrane hadde gjort under naziregimet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement