Kommentar
Ei tid for håp for framtida
Har det vore eit håplaust år? Nei, vi menneske er heldigvis ikkje skapte for slikt.
Lytt til artikkelen:
Eg var ikkje budd på å reagere så sterkt. Det ho song, var trass alt veldig store ord: «People have the power», liksom, folket har makta – «to wrestle the world from fools» – til å bryte verda laus frå toskane, og ho song ikkje for tusenvis, Patti Smith, men for eit titals tilfeldig forbipasserande på eit gatehjørne i New York i oktober.
«Drøym!», seier ho, med knyttneven heva, og i neste augneblink «Røyst!», som om det var to sider av same sak. Eg sit heime i mi eiga stove og skal ikkje røyste, ikkje i dette valet, men eg ser videoen om att og om att, rett og slett fordi eg kjenner at han gjer verda bitte litt – eller akkurat der og då til og med ganske så mykje – betre. Eg høyrer Patti Smith, den 75 år gamle hippiepunkaren, synge «I believe everything we dream can come to pass through our union», og eg er ikkje den einaste – instagramvideoen er sett over 1,4 millionar gonger.
Eg var ikkje budd på å felle tårer for Kamala Harris heller. Ho er ikkje min visepresident, og når tida for festtaler har gått over til tida for praktisk politikk, har vi truleg ikkje særleg mykje til felles. Det får kome seinare, for no er det tida for å glede seg over den fyrste, kvinnelege visepresidenten – ein bitte liten siger for menneskeætta.
Så mykje att å gjere
Derimot var eg budd på å reagere på dokumentarfilmen I am Greta, som hadde premiere tidlegare i november. Det bør vere tilnærma umogleg å ikkje late seg røre av krafta som ligg i den unge dama med flettene. I evnene hennar, gjennomføringsevnene, mellom anna. Det bør vi alle ha fått med oss no, etter kvart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.