Kommentar
Bjørneboes aure
Det er påfallande korleis Jens Bjørneboe, som elles i det han skreiv la sterk vekt på den personlege fridomen til menneska, glorifiserer den seksuelle ekspertisen slik at den unge kvinna vert offer utan at ho sjølv ser det.
Den 1. juni er det 50 år sidan forfattaren Jens Bjørneboe i 1967 møtte i byretten i Oslo, tiltala for brot på den såkalla utuktsparagrafen. Saka gjaldt den pornografiske romanen Uten en tråd, som vart utgjeven anonymt året før.
Boka vart forboden og Bjørneboe dømd, men aktoratets påstand om ein straff på 30 dagars fengsel på vilkår og 1000 kroner i bot, vart ikkje teken til fylgje. Dommen om ei bot på symbolske 100 kroner var vel eit teikn på at retten sjølv fann utuktsparagrafen forelda, noko som synte seg i at boka sidan er komen i fleire nye utgåver utan at den gamle domen vakna opp att.
Skandalesuksess
Uten en tråd var ein skandalesuksess som bidrog til Bjørneboes heltestatus i 68-generasjonen. Men mellom dei vaksne kulturradikalarane, som hadde slutta opp om Agnar Mykle under prosessen mot Sangen om den røde rubin i 1957, var det ikkje mykje eldhug å spore for Uten en tråd. I Dagbladet vart boka slakta av Philip Houm, og få ville støtte Bjørneboe som forsvarsvitne i sjølve rettssaka. Agnar Mykle truga med erstatningssak om nokon våga å trekkja inn boka hans i Bjørneboe-saka.
Årsaka var ikkje berre at Sangen om den røde rubin var ein mykje betre roman enn Uten en tråd, som likna kiosklektyre. Mykle hadde òg ein annan bodskap enn Bjørneboe. Mykles hovudperson Ask Burlefot var skildra som ein forvilla jeger etter den sanne kjærleiken i møte med den utkåra kvinna. Bjørneboe ville avmytologisera kjærleikslivet med eit innlegg for enkel sex i uforpliktande relasjonar utan anna meining enn nyting. Det var ein nihilisme som radikalarane på Bjørneboes tid slett ikkje kjende seg vel med.
Orgasmeproblem
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.