Økonomi
Ynskjer å betre grunnlaget
Det er for krevjande å leggja fram gode tal, seier departementet.
Brage Baklien (Frp) er statssekretær i Finansdepartement. Han seier at regjeringa ynskjer å gjennomføra klimatiltak til lægst mogleg kostnad.
– Nasjonalbudsjettet syner at tala er usikre, og at eit reknestykke for kostnadene ikkje er kjent. Det gjer det krevjande å gje eit samla oversyn over kostnadene knytte til klimapolitikken. Men departementet arbeider med å betre grunnlaget for å kunna rekna på kostnadene og vinstane av klimapolitikken.
Han peikar på at Finansdepartementet har kome med kostnader på nokre felt.
– Overslag over skatte-
utgiftene er på 7,7 milliardar i 2018 for elbilpolitikken. Målet om CO2-utslepp på 85 gram per kilometer for personbilar var innan 2020. Dette målet vart nådd for tre år sidan takka vera den offensive politikken til regjeringa.
Han viser vidare til at regjeringa har kome med overslag over kostnadene ved karbonfangst.
– Frå 2008 til 2019 har staten nytta om lag 13 milliardar på planlegging av fangst og lagring av CO2, investeringar i og drift av testsenteret på Mongstad og relatert forskingsaktivitet. I tilknyting til revidert nasjonalbudsjett 2018 var overslaget for investering og lagring dei komande fem åra mellom 11 og 13 milliardar kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.