Vindkraft mot vasskraft
Regjeringa og Noregs vassdrags- og energidirektorat seier at vindkraft er billigare enn magasinkraft. Det er ei sanning med modifikasjonar.
Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.
Teikning: May Linn Klement
Noregs mest infiserte politiske spørsmål for tida er vindkraft. På den eine sida har vi komande Venstre-leiarar, NVE-sjefar og ministrar som snakkar om det uheldige toneleiet i debatten, på den andre sida har vi lenkjegjengar og Facebook-grupper. Debatten kjem litt seint. Vi burde nok ha teke han for mange år sidan. Ein som tok debatten, i det minste internt, var Jens Stoltenberg. I 2003 fann svenskane ut at dei ville kvitta seg med både med kjernekraft og med fossile kjelder i kraftproduksjonen. Dei innførte elsertifikat, som av det vi lyt tru var av politiske grunnar, straks vart omdøypte til «grøne sertifikat». Svenskane fann ut at dei ville subsidiera vindkraft og brenning av tre til kraftproduksjon. Det skulle ein tru ikkje var særleg relevant for Noreg, sidan vi hadde kraftoverskot og ikkje hadde atom- eller kolkraft. Det meinte i det minste Stoltenberg.
I sjølvbiografien skriv han mykje om det han kallar det «miljøindustrielle kompleks», ein allianse mellom LO, grunneigarar, den kraftkrevjande industrien og ulike klimaorganisasjonar. Dei ville at vi, som svenskane, skulle byrja å subsidiera slikt som småkraftverk og vindturbinar. Stoltenberg var motstandard, seiar han, av di rekninga kom til å verta så høg. Dei offentlege magasinselskapa og dimed velferdsstaten kom til å tapa mykje pengar, og forbrukarane kom til å få ei mykje høgre kraftrekning, sidan det var dei som skulle betala subsidiane. Stoltenberg tapte. Eit nær samla storting og ei heilt samla presse meinte at vi burde gå saman med svenskane. Men han fekk likevel rett. Magasinkrafta vart mindre verd, og den samla kraftrekninga til forbrukarane gjekk opp.
Stor suksess
Subsidieordninga vart ein suksess. Incentiv verkar. I 2012 byrja ordninga med elsertifikat. Noreg og Sverige skulle saman laga 28,4 nye TWh med fornyeleg kraft mellom 2012 og 2021. Stoltenberg tapte grundig, Noreg skulle taka halvparten av rekninga sjølv om vi berre var halvparten så mange som Sverige. Det kom inn massivt med søknader om å byggja vind- og småkraft. I mai 2019 vart målet nådd. Noreg og Sverige hadde laga 28,4 nye TWh, eller vel 28 milliardar nye kWh. Men utbyggingane stogga ikkje. Alle som set opp vindturbinar før utgangen av 2021, er via kraftrekninga og elsertifikata garanterte subsidiar i femten år.
Førre veke la regjeringa fram ei melding både om vindkraft og om norsk kraftproduksjon generelt. Meldinga er ein freistnad på å skapa ro i ordskiftet om vind. Vi skal ikkje diskutera meldinga i særleg grad her, sidan ho er tynn, både i innhald og i sidetal. I hovudsak er meldinga ein lovnad frå regjeringa om at dei skal koma attende til vindproblematikken i framtida. Men meldinga inneheld ein figur som ikkje vert problematisert, og det er litt underleg, sidan forskingslitteraturen om problema med definisjonen som vert nytta i den figuren, etter kvart er omfemnande. Det både meldinga og figuren utvitydig slår fast, er at vindkraft no har vorte den billigaste forma for kraftproduksjon vi kan ha i Noreg.
Billig vind
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.