Vind frå alle kantar
Er vindkraft lurt å byggja ut? Det kjem heilt an på kven du spør.
Dette skal verta eit vanleg syn over store delar av Vestlandet. Her er vindparken over Fitjar sentrum.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
«Mot vinden er det fåfængt å blæsa», sa Ivar Aasen. Lenge såg det ut som han hadde rett, men i vår snudde «auståvinden som vil dræpa kvar ein ting», som Henning Sommerro ein gong song i Grand Prix. Nok klisjear. Noreg skal få massivt med ny vindkraft for å berga klimaet, har eit samla storting vedteke. Men det er òg eit faktum at mange nordmenn denne våren har byrja ein storstilt kamp mot vindturbinar og vindkraft. Dei vil ikkje ha det i naturen sin.
Motstanden kan ha kome for seint. Eit land som Danmark har litt fleire innbyggjarar enn Noreg. Dei nyttar kvart år 30 terawattimar (TWh) straum og produserer 15 TWh vindkraft. Før året er omme, står det minst 10 TWh vindkraft klar i Noreg, og på sikt kjem det truleg mykje meir enn Danmarks samla forbruk. Men alt no produserer Noreg 150 TWh om vi i tillegg til vasskrafta tek med den vinden som har kome og kjem i år. Det er langt meir enn vi nyttar. Somme vil seia at vi treng vinden til å elektrifisera transportsektoren. Kanskje, men sjølv om vi elektrifiserer både ferjene, bussane og personbilane fullt ut, viser prognosane frå NVE at kraftoverskotet vert stadig større.
Kvotemarknaden
Eit anna moment er at Noreg er med i EUs kvotemarknad for klimagassar. Det vil seia at utsleppa frå kraftsektoren i EØS-området er politisk avgjorde. Går utsleppa ned i eitt land, går det opp i eit anna, alt etter kva EU set som tak for utsleppa og prisnivået på kvotane. Og klimagassar verkar, som vi veit, ikkje nasjonalt, men globalt. Dei store syndarane USA, Kina og India er dessutan ikkje med i kvotemarknaden. Kvart kvartal byggjer Kina ut meir kolkraft enn den samla norske kraftproduksjonen.
Men sett vekk frå det globale, er det lurt av Noreg å byggja ut vindkraft? For å gje svaret med ein gong: Forvirringa er bortimot total. Lat oss byrja med vinden og kvar han blæs. Det aller meste av vindkrafta skal byggjast ut på Vestlandet. Der er nettet dei siste åra vorte kraftig utbygd og vert stadig forsterka. Denne utbygginga vert i hovudsak finansiert av skattebetalarane gjennom nettleiga, som i fjor i gjennomsnitt var på vel 30 øre før skattar og avgifter. Vindkraftselskapa slepp i praksis å betala særleg for nettet som trengst for å få ut krafta. (Dei betaler rundt 1,3 øre per kWh for bruken pluss noko for utbygging i område som ikkje har god nettkapasitet. Men det siste gjeld ikkje i særleg grad på Vestlandet.) Dessutan blæs det mykje på Vestlandet, som dimed er eit av dei best eigna områda i Europa for vindkraft. Såleis har det vorte lønsamt for tyske og sveitsiske pensjonsfond å investera i vind på Vestlandet, der dei får i tillegg til vind, subsidiar og billig nett.
Eksport? Tja
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.