Viltveksande byråkrati
Byråkratiet sentralt i helseføretaka veks heilt uavhengig av kor mykje helsepersonell som finst. Forskarane forstår ikkje kvifor.
Peter
Det er ikkje til å koma forbi, talar ein med politifolk, lærarar, lækjarar, sjukepleiarar og andre offentlege tilsette, kjem det same temaet alltid opp: veksten i talet på byråkratar og alle dei nye skjermane og spørsmåla som til kvar tid må fyllast ut og svarast på. Samanhengen verkar klar: Di meir staten effektiviserer, di fleire reformer, di meir byråkrati. Men fram til omorganiseringa av sjukehusa var det eit system i galskapen, ikkje berre i Noreg, men i heile Vesten. Og noko av både den gamle og nye forskinga på feltet er det Bjørn Jamtveit som står bak. Denne veka har han, saman med medisinstudent Astrid Uhrenholdt Jacobsen (ja, ho med tre VM-gull i langrenn og Egebergs Ærespris) og medisinprofessor Torgeir Bruun Wyller, publisert ein nokså – lyt vi seia – skremmande artikkel i fagtidsskriftet Samfunnsøkonomen.
Jamtveit har vore nemnd før, han er ein verdsleiande geolog som har fått ei rekkje prisar. Men han var òg ein person som vart lei av byråkratiseringa av Universitet i Oslo, der han er tilsett. Han prøvde i si tid å finna relevant litteratur om temaet, for slik å sjå om det var noko lovmessig i utviklinga av talet på byråkratar. Nokon slik litteratur fann han ikkje. Difor byrja han sjølv å forska på temaet. Han henta inn tal frå ei rekkje europeiske forskingsinstitusjonar og universitet. Studien vart publisert i det verdsleiande amerikanske tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences, PNAS i 2009.
Byråkratisk jarnlov
Han fann at talet på støttefunksjonar, altså byråkratar, voks nærast etter ein jarnlov. Auka talet på forskarar, auka talet på byråkratar proporsjonalt opphøgd i ein potens på 1,3. Enkelt sagt: Vart talet på forskarar høgt nok, ville det til slutt vera tilsett fleire byråkratar enn forskarar. Og dette galdt altså ikkje berre i Noreg, men i 70 institusjonar over heile Europa. Di større institusjonar staten lagar, di relativt fleire byråkratar. Den svært respekterte Handelshögskolan i Stockholm hadde til dømes 300 årsverk, berre 15 prosent var tilsett i støttefunksjonar. Københavns Universitet, som er Skandinavias største, hadde på si side 8000 tilsette, 50 prosent av desse var byråkratar.
Konklusjonen gjev seg sjølv: Di større ein institusjon vert, di meir ressursar må vi som samfunn nytta på byråkratar. Men det er ein slags logikk i dette, for store organisasjonar er per definisjon mykje meir komplekse enn små organisasjonar. Om du er tilsett for å driva med kjerneoppgåva, forsking, ja, så treng du etter det meste å døma mykje meir hjelp frå byråkratane for å kunne gjera det du ser sett til å gjera, som altså er forsking, di større institusjonen vert.
Biologisk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.