JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ville fjerne stats-

støtta til HRS

Human Rights Service bør misse statsstøtta på 1,8 millionar kroner, tilrådde Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i fjor. Ingenting skjedde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hege Storhaug, informasjonsansvarleg i HRS, signerer bøker i Asker kulturhus i 2015. Bestseljaren Islam. Den 11. landeplage vart omtalt som eit «sentralt prosjekt» for HRS i rapporteringa til IMDi.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

6715
20170317
6715
20170317

SAMFUNN

peranders@dagogtid.no

Stiftinga Human Rights Service (HRS) er ein profilert og ofte krass deltakar i debatten om innvandring og islam i Noreg. HRS får 1,8 millionar kroner i årleg støtte frå staten gjennom ei ordning kalla «Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet». I mai i fjor tilrådde Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i ein rapport at HRS burde takast ut av støtteordninga, fordi verksemda til organisasjonen ikkje er i samsvar med føremåla med tilskotet. Rapporten har til no ikkje vore offentleg kjend.

Denne tilskotsordninga skal mellom anna «medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarar og barna deira». 19 millionar kroner vart i fjor fordelt på 16 ulike organisasjonar.

IMDi meiner at verksemda til HRS ikkje er i tråd med intensjonen bak tilskotet, og skriv i rapporten: «HRS har de senere årene hatt en retorikk som av flere blir ansett som fremmedfiendtlig og muslimfiendtlig. En slik retorikk kan skape polarisering og bidra til å svekke tilliten til samfunnet blant deler av innvandrerbefolkningen».

Ville ta ut fem

Direktoratet har ansvar for å følgje opp rapporteringa frå organisasjonane som får dette tilskotet. I fjor bad Justisdepartementet IMDi om å lage ein rapport om arbeidet til organisasjonane som fekk støtte gjennom denne ordninga. Rapporten skulle brukast av departementet i ein gjennomgang av korleis verksemda til støttemottakarane bidreg til å fremje føremålet med tilskotet.

Rådet frå IMDi var at fem av organisasjonane burde takast ut frå tilskotsordninga. Ein av desse er altså Human Rights Service, som vart starta av Rita Karlsen i 2001. Dagleg leiar Karlsen og informasjonsansvarleg Hege Storhaug utgjer i dag HRS saman med Nina Hjerpset-Østlie, som er redaktør for nettstaden Rights.no. HRS har fått statsstøtte sidan 2002.

Mindre tillit

Dei siste åra har HRS og særleg Hege Storhaug markert seg i ålmenta som harde kritikarar av islam. På nettstaden sin kjem organisasjonen med daglege oppdateringar, som for det meste er kommentarar til oppslag i andre medium. Ein stor del av sakene handlar om negative konsekvensar av innvandring, om mislukka integrering eller om islam som eit trugsmål mot Noreg og Europa.

IMDi skriv i vurderinga si av HRS at retorikken til organisasjonen «mot enkelte minoritetsgrupper i samfunnet kan også bidra til at disse blir mer lukket, og dermed bidra til å hemme deres deltakelse i samfunnet. HRS sitt samlede virke kan derfor bidra til å skape mindre tillit og mindre deltakelse hos innvandrerbefolkningen», skriv IMDi – altså det motsette av det tilskotet skulle bidra til.

Lite forankring

Mottakarane av tilskotet skal òg «samle og formidle kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet basert på erfaring, ei brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø». «Vi kan (...) ikke se at HRS har solid forankring i noe innvandrermiljø», heiter det i rapporten.

IMDi skriv at delar av aktiviteten til HRS kan vere i tråd med føremålet med tilskotet: «Å forebygge sosial kontroll og bidra til økt myndiggjøring av personer som er utsatt for dette vil kunne gi disse personene større muligheter til å velge egne veier for deltakelse i samfunnet, og slik være med å senke barrieren for fullverdig deltakelse i samfunnet. Man kan dermed si at noe av HRS sine aktiviteter kan bidra til øke deltakelsen blant de som er utsatt for slik kontroll», heiter det i rapporten.

Men dette er ikkje nok til å kvalifisere for statsstøtte, meinte IMDi, og konkluderte med at HRS bør takast ut av ordninga: «Det er vanskelig å argumentere for at organisasjonen bidrar til økt deltakelse i, og økt tillit til, samfunnet blant innvandrere og deres barn», eller at organisasjonen har solid forankring i innvandrermiljøer, (jf. formålet med tilskuddsordningen.»

«Politisk korrekt»

Rådet frå IMDi vart ikkje teke til følgje da statsbudsjettet vart laga i fjor haust. HRS vart verande innanfor ordninga «Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet», og støtta vart vidareført i 2017 på same nivå som året før. Heller ingen andre av organisasjonane som IMDi tilrådde å ta ut av ordninga, har mista støtta.

Dag og Tid kontakta onsdag Justisdepartementet og spurde kvifor råda frå IMDi ikkje har fått konsekvensar for tilskotsordninga. Konstituert innvandrings- og integreringsminister Per Sandberg svarte dette på e-post: «Det er ikke IMDi som bestemmer tilskuddene, det er det politikerne som gjør gjennom statsbudsjettet. Vi mener HRS er en viktig del av integreringsdebatten. Det skal ikke bare være de politisk korrekte organisasjonene som får tilskudd. Dette vil vi vurdere og komme tilbake til i statsbudsjettet.»

Dag og Tid bad òg om ein kommentar frå IMDi til denne saka, men det lukkast ikkje. «Jeg har ikke inngående kunnskap til den tidligere direktørens begrunnelser for sine anbefalinger overfor departementet», svarte IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn. IMDi har skifta direktør etter at den omtalte rapporten vart skriven. Åremålet til Geir Barvik gjekk ut i august i fjor, og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug utnemnde Rieber-Mohn som ny direktør for direktoratet.

Dag og Tid kontakta òg Morten Tjessem, seksjonsleiar i IMDi, som stod som forfattar av rapporten. Han ønskte ikkje å kommentere saka og viste til kommunikasjonsavdelinga.

Islam som landeplage

Statsstøtta på 1,8 millionar er ein stor del av inntekta til HRS, syner rekneskapen til stiftinga for 2015. Samla driftsinntekter var 4,4 millionar kroner dette året. HRS fekk inn 907.000 kroner i gåver og medlemskontingent. I 2015 fekk HRS òg eit tilskot på ein million kroner frå Oslo kommune. Av utgiftene gjekk 2,4 millionar til løn og personalkostnader. HRS hadde tre tilsette i 2015. Dette året hadde HRS eit overskot på 1,4 millionar.

HRS rapporterte til IMDi i fjor at organisasjonen i 2015 «har hatt størst fokus på innhenting av informasjon og dokumentasjon, samt analyse og kunnskapsformidling. HRS trekkjer sjølv fram boka Islam. Den 11. landeplage, forfatta av Hege Storhaug, som «et sentralt prosjekt for HRS i 2015». Storhaug har sjølv kalla denne boka «et radikalt oppgjør med det som er blitt Norges og Europas viktigste religion, islam». I fjor haust hadde boka nådd eit opplag på 50.000 eksemplar.

«I tillegg har HRS blant annet hatt fokus på tvangsekteskap, ekteskapsmønster blant utvalgte innvandrergrupper, søskenbarnekteskap, kjønnslemlestelse, velferdsstaten og økonomi, befolkningsutvikling i Oslo og kriminalitet», heiter det i oppsummeringa til IMDi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis