Aust-Europa

Vil ut av Putins jarngrep

Laurdag sleppte belarusiske styresmakter fri den viktigaste politiske fangen sin.

Etter han blei sleppt fri, kom Siarhej Tsikhanowski til Vilnius, der kona, demokrati­forkjemparen Svjatlana Tsikhanowskaja held fram kampen for eit demokratisk Belarus.
Publisert Sist oppdatert

Då eg snakka med Svjatlana Tsikhanowskaja vest i Vilnius for tre veker sidan, var det vanskeleg å finne lyspunkt. Russland har teke sterkare kontroll over Belarus, Aljaksandar Lukasjenka hadde vunne nok eit presidentval utan reell opposisjon, og ektemannen til Tsikhanowskaja, Siarhej Tsikhanowski, hadde sete i fengsel i over fem år, dei siste to åra utan kontakt med kona og omverda.

Besøk frå USA

Laurdag slapp han ut saman med 13 andre politiske fangar, nokre av dei med svensk, polsk og japansk statsborgarskap. Lauslatinga kom til etter at USAs spesialutsending til Ukraina og Belarus, Keith Kellogg, hadde vore på vitjing i Minsk og snakka med Lukasjenka i over seks timar.

– Det har heilt klart vore ein avtale med USA om at møtet til Kellogg skulle ende med at nokre fangar blei lauslatne, særleg fangar med bakgrunn frå andre statar. Men eg ser inga endring i tilnærminga til den demokratiske rørsla. Det har vi meir enn nok prov på ved å sjå på korleis Tsikhanowski såg ut då han blei lauslaten, eller ved å sjå pressekonferansen i etterkant. Begge vitna om dei brutale forholda politiske fangar blir haldne i, skriv David R. Marples på e-post til Dag og Tid.

Han er professor i historie ved University of Alberta og går for å vere ein av verdas fremste ekspertar på det moderne Belarus.

– Kvifor gjekk regimet med på å lauslate ein av dei viktigaste politiske fangane sine?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement