Utanriks

Vil Ukraina lukkast på fjerde forsøket?

Ukraina har fått sin fjerde og hittil mest innovative forsvarsminister under krigen. Noko av det første han gjorde, var å sørgje for at Russland mista tilgangen til Starlink.  

Ukraine's Defence Minister Mykhailo Fedorov attends a meeting of the Ukraine Defence Contact Group, after a meeting of NATO Defence Ministers at the Alliance headquarters, in Brussels, Belgium February 12, 2026. REUTERS/Tom Nicholson
Den ukrainske forsvarsministeren Mykhajlo Fedorov i eit møte med kontaktgruppa for forsvar av Ukraina i Brussel 12. februar.
Publisert Sist oppdatert

Utsyn

Kvar veke omset vi ein artikkel frå ei utanlandsk avis.

Vekas artikkel er frå Weekendavisen.

Omsett av Signe Bergvoll

Ein kan iblant nesten få ei kjensle av at dei amerikanskleidde fredsforhandlingane mellom Russland og Ukraina går aldeles glimrande. Ikkje berre fordi Donald Trump stadig tek opp att at dei to landa er «nokså nær» ein avtale, men fordi partane ofte jattar med han. Seinast førre veke kom det difor både ukrainske og russiske meldingar om «konstruktive» forhandlingar i Abu Dhabi.

Begge landa er i røynda fullt på det reine med – og ofte også opne om – at krigen truleg vil halde fram til minst 2027, og i verste fall i endå fleire år. Difor er det heilt avgjerande at ein betrar krigsinnsatsen og gjer han framtidsretta, og no har den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj utpeikt ein ny mann til å leie dette arbeidet.

35 år gamle Mykhajlo Fedorov har ikkje særleg stor militær erfaring. Han blir til gjengjeld sett på som ei stigande stjerne på den ukrainske politiske himmelen. Dette kjem av jobben han har gjort som digitaliseringsminister sidan 2019.

Ei stund hadde han òg ansvaret for utvikling av innovasjon, utdanning, vitskap og teknologi. Men den største suksessen hans er nok implementeringa av den nasjonale digitale ID-løysinga Dija (Ukrainas svar på MinID). Digitaliseringa har eigentleg blitt eit område der Ukraina ofte har eit forsprang på sjølv vestlege land. No er planen at den same innovative tilnærminga skal hjelpe landet i kampen mot den russiske krigsmaskina.

– Russland har éin markant fordel i denne krigen, nemleg evna til å gjennomføre omfattande og kraftige åtak mot Ukraina, konstaterte president Zelenskyj då han i byrjinga av januar utnemnde Fedorov til forsvarsminister.

– Vi er nøydde til å svare med ein meir aktiv bruk av moderne teknologi, med raskare utvikling av nye våpentypar og med ny taktikk, lydde oppfordringa frå den ukrainske presidenten til den nye forsvarsministeren, den fjerde på dei fire åra krigen etter kvart har vart.

I Russland har dei hatt to.

Service members of the 65th Separate Mechanized Brigade of the Ukrainian Armed Forces rest after a combat mission near a frontline, amid Russia's attack on Ukraine, in Zaporizhzhia region, Ukraine February 10, 2026. Andriy Andriyenko/Press Service of the 65th Separate Mechanized Brigade of the Ukrainian Armed Forces/Handout via REUTERS ATTENTION EDITORS - THIS IMAGE HAS BEEN SUPPLIED BY A THIRD PARTY
Ukrainske soldatar kviler etter eit kampoppdrag nær frontlinja i Zaporizjzja-regionen.

Økonom styrer forsvaret

I mai 2024 blei Vladimir Putin lei av at krigen ikkje gjekk som planlagt. Han avsette Sergej Sjojgu, yndling og mangeårig forsvarsminister, og utnemnde i staden den økonomiutdanna visestatsministeren Andrej Belousov til å leie krigsinnsatsen. Til ein viss grad har dette vore ein suksess.

For det første har Belousov satsa massivt på produksjonen av både store og små dronar. Desse har blitt ei konstant utfordring for Ukraina. Ofte er mengda med dronar rett og slett overveldande. Samtidig har russarane markert seg med fleire innovative løysingar. Dei bruker til dømes fiberoptiske dronar (som ikkje kan jammast) og utrustar Shahed-dronane med missil mot ukrainske helikopter.

Russian Defence Minister Andrei Belousov attends a meeting of Russian President Vladimir Putin and Syrian President Ahmed al-Sharaa at the Kremlin in Moscow, Russia, 28 January 2026. MAXIM SHIPENKOV/Pool via REUTERS
Den russiske forsvarsministeren Andrej Belousov i Kreml i januar i år.

For det andre har Belousov rydda opp i kommunikasjonsforma til forsvarsdepartementet. Det er slutt på dei hyppige brifingane med generalløytnant Igor Konasjenkov, som gjorde langt meir skade enn gagn når han overdreiv og bortforklarte. Det russiske forsvarsdepartementet blei ofte gjort til latter, og internt kunne ein aldri vere sikker på om ein kunne stole på dei ulike fråsegnene. Det er framleis eit stykke att, men Belousov har i alle fall sørgt for ein litt betre kultur.

Han har derimot ikkje klart å få det gjennombrotet som Putin har håpa på. Russarane rykkjer rett nok fram, men det går ganske langsamt, oftast med 250–500 kvadratkilometer i månaden.

I Ukraina er ein merksam på at erobringstempoet helst ikkje bør stige, og ein ser at russarane har fått nokolunde orden på ting under Belousov. I juli i fjor gjorde Zelenskyj det same som Putin: Han sette ein økonom, den mangeårige statsministeren Denys Sjmyhal, til å leie forsvarsdepartementet sitt. Men det skulle ikkje vare.

Berre eit halvt år seinare blei Sjmyhal send vidare for å sløkkje brannen i energidepartementet, og erstatta av digitaliseringseksperten Mykhajlo Fedorov, som allereie har markert seg i både ord og handling i den nye stillinga si.

Starlink gjev ein fordel

Også andre ukrainske toppolitikarar har tidlegare sagt at det for Ukraina berre handlar om å drepe så mange russiske soldatar som mogleg.

Men Fedorov har vekt åtgaum, for han er den første som har talfesta dette.

– Førre månad drap vi 35.000. Alle desse tapa er verifiserte på video. Dersom vi når 50.000, ser vi kva som kjem til å skje med fienden, sa Fedorov, som skapte store overskrifter i både Ukraina og Russland med dette ope uttalte målet.

Dette kan vere ei overdriving, for sjølv om det for så vidt stemmer at ukrainarane råkar rundt 30.000 til 35.000 russiske soldatar kvar månad, er det truleg snakk om både såra og drepne. Men logikken er klar: Skal Ukraina halde ut og tvinge Russland til å avslutte krigen, må ein drepe og såre langt fleire russarar enn ein gjer no.

Samtidig skal det satsast endå meir på «asymmetriske åtak og cyberåtak på fienden og økonomien hans», fastslo Fedorov. 

– Kostnaden ved krigen skal gjerast så høg for Russland at landet ikkje vil kunne bere han. Slik skal ein tvinge gjennom fred ved hjelp av styrke.

Det første steget i den retninga tok Fedorov berre eit par veker etter at han blei utnemnd. Då gjorde han Elon Musk, verdas rikaste mann, offentleg merksam på at russarane lenge hadde vore storforbrukarar av Starlink, Musks satellittsystem. På den måten hadde Starlink vore med på å støtte åtak på ukrainske soldatar og sivile.

Fedorov tok opp dette problemet allereie i 2024, men i 2026 har han ein annan ministerpost og dermed større tyngd, så denne gongen fekk han Musk til å lytte. Musk tok affære og deaktiverte dei russiske Starlink-terminalane. No verkar Starlink i utgangspunktet berre over Ukraina dersom den enkelte terminalen har blitt registrert og verifisert, anten av ukrainske lokale styresmakter eller via den digitale ID-løysinga Dija.

Dette har gjort livet mykje vanskelegare for russiske soldatar, særleg for droneoperatørar. Dei alternative løysingane deira er nemleg ikkje like effektive og presise som Starlink. Dermed har Ukraina fått ein heilt konkret fordel mot invasjonsmakta. I alle fall så lenge det varer.

Einerett: Weekendavisen / Dag og Tid

Omsett av Signe Bergvoll