Samfunn

Vil ha oljefondet heilt ut av Israel

– Å investera i Israel no representerer ein uakseptabel risiko for å bidra til folkerettsbrot, meiner førsteamanuensis i økonomisk historie ved BI Pål Nygaard.

Det norske oljefondet har investert i til dømes Bet Shemesh Engines, som driv vedlikehald på jetmotorane til israelske kampfly.
Publisert

Denne veka vart det kjent at ojefondet har investert fleire hundre millionar i selskap som bidreg til israelsk krigføring og folkerettsbrota på Gaza og på Vestbreidda. Eitt av selskapa, Bet Shemesh Engines, vedlikeheld jetmotorane til israelske kampfly. Eit anna leverer kamera til israelske dronar. Tysdag bad Finansdepartementet Noregs Bank om ein gjennomgang av investeringane fondet hadde i israelske selskap.

Ei gruppe historikarar meiner no å kunna dokumentera at oljefondet, Statens pensjonsfond utland (SPU), har investert i minst 30 israelske selskap som bryt dei etiske retningslinjene til fondet.

– Konklusjonen vår er at oljefondet er investert i nær sagt alle aspekt som sørgjer for at Israel ulovleg kan okkupera stadig meir palestinsk land, alt frå bank og forsikring til lån til okkupantar, energi, utbygging av infrastruktur, internett, kjøpesenter og dessutan bidrag til militærvesenet, seier Pål Nygaard, som er historikar og førsteamanuensis ved Institutt for rettsvitskap og styring ved Handelshøyskolen BI, til Dag og Tid.

Saman med 15 andre historikarar har Nygaard jobba med å saumfara investeringane oljefondet har i israelske selskap. Av dei 64 israelske selskapa oljefondet har investert i, meiner dei altså at minst 30 bryt retningslinjene.

– De kallar dykk Historikarar for Palestina. Korleis har de jobba med denne rapporten?

– Me har teke utgangspunkt i retningslinjene som Finansdepartementet har gitt Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland og Noregs Bank, og spurt i kva grad dei israelske selskapa overheld retningslinjene? Elleve israelske selskap er alt ekskluderte frå porteføljen, og med desse ekskluderingane medfølgde ei fråsegn frå etikkrådet. Me har lese utsegnene og undersøkt verksemda til dei resterande israelske selskapa og konkludert med at minst 30 av dei burde vera ekskluderte. Hovudkjeldene våre er selskapa sine eigne nettsider og årsrapportar, dokument som er offentleg tilgjengelege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement