Vi har vore ein heldig randstat

Noreg har som einaste granneland aldri vore i krig med Russland. Det er ikkje fordi Russland alltid har ynskt det beste for Noreg. Årsaka er mykje meir komplisert.

Finsk soldat på vakt i Petsamo 1. januar 1940. Sovjet erobra området i oktober 1944 og fekk med det grense mot Noreg.
Finsk soldat på vakt i Petsamo 1. januar 1940. Sovjet erobra området i oktober 1944 og fekk med det grense mot Noreg.
Publisert

Noko viktig skjedde i det nordiske området i mai 1703: Russiske soldatar erobra den svenske festninga Nyenskans inst i Finskebukta. 15 dagar seinare grunnla Peter den store byen St. Petersburg, om lag ei halv mil unna i luftline.

Fram til det året hadde den russiske staten halde seg inne i dei austslaviske skogane og slettene. Hovudstaden Moskva hadde rett nok gjennom fleire hundreår hatt ein hamneby i Arkhangelsk, men Russland hadde korkje vore ei nordisk eller ei europeisk makt. Fyrst med erobringa av Ingermanland, området på båe sider av elva Neva, trengde Russland seg fram mot Austersjøen.

Heile det strategiske biletet i Norden blei med dette endra.

Ny strategi

Dei nordiske landa måtte kvar for seg finna ut korleis dei skulle handtera dette skiftet. Fyrst gjennom den store nordiske krigen og så gjennom to andre krigar på 1700-talet freista den svenske staten å ta kampen opp mot den russiske ekspansjonen. Kvar gong enda det med fiasko. For den som sat i København og hadde makta over det smale landområdet frå Holstein i sør til Vardøhus i nord, såg situasjonen annleis ut.

Heilt sidan Sverige hadde vorte ei stormakt på 1630-talet, hadde trugsmålet om utsletting hange over den dansk-norske staten. I året 1700 gjekk danskekongen i allianse med tsar Peter den store. Gjennom heile 1700-talet var det alliansen med St. Petersburg som hindra svenskane i å lemlesta og utsletta den dansk-norske staten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement