JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vi har vore ein heldig randstat

Noreg har som einaste granneland aldri vore i krig med Russland. Det er ikkje fordi Russland alltid har ynskt det beste for Noreg. Årsaka er mykje meir komplisert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finsk soldat på vakt i Petsamo 1. januar 1940. Sovjet erobra området i oktober 1944 og fekk med det grense mot Noreg.

5265
20220506
5265
20220506

Noko viktig skjedde i det nordiske området i mai 1703: Russiske soldatar erobra den svenske festninga Nyenskans inst i Finskebukta. 15 dagar seinare grunnla Peter den store byen St. Petersburg, om lag ei halv mil unna i luftline.

Fram til det året hadde den russiske staten halde seg inne i dei austslaviske skogane og slettene. Hovudstaden Moskva hadde rett nok gjennom fleire hundreår hatt ein hamneby i Arkhangelsk, men Russland hadde korkje vore ei nordisk eller ei europeisk makt. Fyrst med erobringa av Ingermanland, området på båe sider av elva Neva, trengde Russland seg fram mot Austersjøen.

Heile det strategiske biletet i Norden blei med dette endra.

Ny strategi

Dei nordiske landa måtte kvar for seg finna ut korleis dei skulle handtera dette skiftet. Fyrst gjennom den store nordiske krigen og så gjennom to andre krigar på 1700-talet freista den svenske staten å ta kampen opp mot den russiske ekspansjonen. Kvar gong enda det med fiasko. For den som sat i København og hadde makta over det smale landområdet frå Holstein i sør til Vardøhus i nord, såg situasjonen annleis ut.

Heilt sidan Sverige hadde vorte ei stormakt på 1630-talet, hadde trugsmålet om utsletting hange over den dansk-norske staten. I året 1700 gjekk danskekongen i allianse med tsar Peter den store. Gjennom heile 1700-talet var det alliansen med St. Petersburg som hindra svenskane i å lemlesta og utsletta den dansk-norske staten.

Nokon krig mellom Russland og Danmark-Noreg i denne perioden var difor uaktuelt.

Alle som snart gjer seg klare til å feira 17. mai, veit at Noreg i året 1814 gjekk frå å vera eit dansk til å bli eit svensk underbruk. Grunnen til at den svensk-norske unionen ikkje tok med seg det tradisjonelt dårlege svenske tilhøvet til Russland, var kronprins Karl Johans utanrikspolitiske heilomvending i 1812. I staden for å prøva å gjenerobra Finland frå Russland gjekk Karl Johan i allianse med tsar Aleksander I. Vinsten som Karl Johan henta inn, var Noreg. Fordelen for unge norske gutar var at dei slapp å bli tvangsutskrivne til den neste svenske krigen mot Russland.

God grense for Noreg

Det gode tilhøvet mellom Karl Johan og den russiske tsaren kom verkeleg til nytte då grensa mellom Noreg og Russland blei fastlagd i 1825–26. Mange i leiande krinsar i St. Petersburg meinte at dei russiske forhandlarane hadde vore for slepphendte overfor Noreg. Om tsaren i St. Petersburg hadde sett på den svensk-norske kongen som ein fiende, ville nok den norsk-russiske grensa ha gått lenger mot vest enn ho går i dag.

Nokon krig mellom Noreg og Russland kunne det heller ikkje bli snakk om då den europeiske freden braut saman i 1914. Tsar-Russland hadde ingen grunn til å gå til åtak på noko skandinavisk land. Dessutan hadde Kolahalvøya så dårlege kommunikasjonar med resten av Russland, at eit russisk militært åtak på til dømes Noreg hadde vore umogleg.

Det er rett etter 1914 at det skjer noko heilt nytt i det norsk-russiske grannetilhøvet: Russland treng eit heilårssamband med dei vestallierte for å ta imot krigsmateriell. I 1916 er jarnbanen til Murmansk ferdig. Området kring Kolafjorden blir ein integrert del av det russiske imperiet. For fyrste gong i moderne tid er Noreg og Russland verkelege granneland, men dette grannetilhøvet blir kort. I fredsavtalen i Tartu i 1920 fekk Finland den såkalla Petsamo-korridoren ut til Ishavet, slik at området på den andre sida av Grense Jakobselv blei finsk. Fyrst med den sovjetiske erobringa av Petsamo-korridoren og framrykkinga mot Kirkenes i oktober 1944 får Noreg og Russland igjen felles grense.

Samstundes med den sovjetrussiske framrykkinga i Aust-Finnmark vart det halde eit dramatisk møte i Moskva. Den sovjetiske utanriksministeren Vjatsjeslav Molotov kalla inn utanriksminister Trygve Lie på kontoret sitt og kravde at Svalbardtraktaten skulle skrotast, slik at øygruppa blei forvalta av Noreg og Sovjetunionen i fellesskap. Noreg var hamna i ein potensielt farleg situasjon. Sovjetiske troppar stod då ved Tana bru, og eit klart sovjetisk krav var retta mot Svalbard.

Dokument henta frå det sovjetiske regjeringsapparatet syner at mange der på denne tida snakka om å skyva den norsk-sovjetiske grensa mot vest. Men Stalin heldt seg heldigvis til dei avtalane han hadde inngått med dei allierte. Då Noreg blei medlem av Nato i 1949, kom me inn under den amerikanske garantien. Eit sovjetisk åtak på Noreg kunne då berre skje som del av ein ny verdskrig.

Kola-basen

Likevel kom Noreg i ein meir utsett posisjon etter kvart som den kalde krigen utvikla seg. Kola-basen blei utetter 1950- og 1960-talet stadig viktigare, og i dag er militærkomplekset sjølve krumtappen i det russiske atomforsvaret. Strategiske djup for denne basen kan Russland berre skaffa seg ved å okkupera Svalbard og Finnmark.

Om Vesten og Russland skulle hamna i krig, kjem norsk territorium i skotlina heilt i byrjinga, heilt ulikt slik det tradisjonelt har vore.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stalin heldt seg heldigvis til dei avtalane han hadde inngått med dei allierte.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis