Venstre
Venstre har laga eit floskelprogram. Det verkar som om programkomiteen har gjeve heilt opp.
Venstres program er på 191 sider, dobbelt så langt som gjennomsnittet for andre parti. Innhaldslista åleine er på fire sider, med ei skrift så lita at eg knapt kan tyda henne. Kan ein i det heile teke lita på eit parti som ikkje er viljug til å skriva kort? Dei to fyrste setningane er desse: «En av de viktigste oppgavene vi har (her manglar komma) er å sørge for at ungene (ungar er det dyr som får, vi menneske får born) våre får en god oppvekst. Trygge og lykkelige barn gir innovative og handlekraftige voksne.»
Då veit vi det. Venstre vil at borna våre skal verta innovative. Den neste sida byrjar slik: «Barnehagen er det stedet små barn tilbringer mest tid utenfor familien. Det er her de øver på å leke sammen, krangle og bli venner igjen. Det er her de øver på å klatre, løpe og knytte skolisser. Barnehagen skal være med på å gi ungene våre en god start på livet, og det skjer ikke av seg selv. En god barnehagedag ledes av dyktige voksne som inspirerer når de kan, gir rom for lek når de bør og trøster når det trengs.» Eit gjennomarbeidd partiprogram skal handla om det som skil eit parti frå andre parti, ålmenne meiningar treng ein ikkje snakka om. Absolutt alle stortingsrepresentantar vil seia at dei er heilt samde i desse linene. Då treng ein ikkje skriva det ned i eit partiprogram.
Så byrjar dei å verta konkrete. Venstre vil ha gratis kveldsopne barnehagar med kontinuerleg opptak og 80 prosent fagutdana som skal «ta i bruk digitale verktøy i en pedagogiske sammenheng». Her snakkar vi om 20–30 milliardar, og det før vi har kome til den tredje sida etter innhaldslista. Ja, eg slit medan eg les dette. Eg har ein stygg mistanke om at kvar medlem har fått skrive sitt eige avsnitt.
Meir løn!
Skulen då? Ja, de gissar rett. Lærarar skal få mykje høgre løn, få mykje betre rettleiing og verta mindre byråkratiske. I tillegg skal Venstre «legge til rette for flere doktorgradsutdannede i undervisningsstillinger i grunnopplæringen». Personleg er eg for alt Venstre skriv om skulen – klart vi bør få betre lærarar med betre utdaning og betre løn. Men politikk handlar om å fordela knappa ressursar; om ein ignorerer dette, forvitrar politikken, då står berre retorikken att. Korleis Venstre vil finansiera «to obligatoriske fremmedspråk fra 5. trinn», får vi aldri vita.
Hovudgrunnen til at norske lærarar har relativ låg løn i OECD-samanheng, er at dei underviser i få timar og er så mange. Om ein vil ha opp løna og går ut frå at samfunnet ikkje har uendeleg med ressursar, er svaret på korleis ein skal få opp løna, fleire undervisingstimar. Venstre ignorerer dette og krev i staden at vi må «ha logoped, spesialpedagogisk og psykologisk kompetanse tilgjengelig på hver enkelt skole», og forlangar at «programmering kommer inn i norsk skole». Nemde eg at SFO skal verta gratis og at fråversgrensa i vidaregåande skule skal fjernast?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.