Kommentar

Dekkoperasjonen

Mens Joe Biden trong meir og meir kvile og stadig kom ut for små katastrofar i form av forsnakkingar og fall i flytrapper, var staben hans aktivt i gang med å skjula tilstanden.

Publisert Sist oppdatert

For nokre år sidan sa Joe Biden til veljarane sine at han såg på seg sjølv som ein overgangsfigur – frå ein generasjon av eldre til ein generasjon av yngre politikarar. Han kom då også til å bli ein overgangsfigur, men det synte seg å bli frå Donald Trumps fyrste presidentperiode til den andre.

I skrivande stund veit me ikkje kor katastrofal den andre presidentperioden til Donald Trump kjem til å bli. Det som derimot avteiknar seg klarare, er det ansvaret som ekspresident Joe Biden ber for at Trump kom tilbake til makta.

Dårleg skikka

Skal ein tru fleire bøker som no er publiserte i USA, var Joe Biden gjennom delar av den tida då han sat som president, dårleg skikka til å utøva embetet sitt. Det var kanskje ikkje det aller verste. Det største problemet var at medarbeidarane hans – godt støtta av fyrstedama Jill Biden – aktivt dekte til røyndomen slik at det amerikanske folket blei ført bak lyset.

Dette blir hevda i boka Original Sin («Arvesynd»), som kom ut i USA denne veka. Boka er skriven av to respekterte journalistar, Jake Tapper frå CNN og Alex Thompson frå nyhendenettstaden Axios. Noko av det same blir omtala i boka Fight: Inside the Wildest Battle for the White House, som kom ut for nokre veker sidan. Denne boka er skriven av parhestane Jonathan Allen og Amie Parnes, som i likskap med Tapper og Thompson er kjende for å halda ein høg journalistisk standard.

Alvorleg svikt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement