Polen
Val i eit land med veksesmerter
GDANSK/WARSZAWA: Polen er i ferd med å etablere seg som europeisk stormakt. Søndag røysta over halvparten av veljarane høgreradikalt under første runden av presidentvalet.
Karol Nawrocki taler til valvaka etter første runden i det polske presidentvalet. Høgrepopulisten gjorde det mykje betre enn venta.
Foto: Lukasz Glowala / Reuters / NTB
Eg er visst komen til feil klode, tenker eg når eg går langs kranene på Lenin-verftet i Gdansk. Det er søndag 18. mai og valdag i Polen. Likevel er det knapt ein valplakat å sjå. Stussar over reisemålet gjer eg òg. Eg skal på valvaka til presidentkandidaten for det høgrepopulistiske Lov- og rettferdspartiet (PiS), Karol Nawrocki.
I staden for å finne ein konferansesal, slik eg er vand med frå Noreg, kjem eg til eit nedslite murhus. Det er på storleik med ein gjennomsnittleg norsk gymsal. Attpåtil har høgrepopulisten Nawrocki valt å tilbringe valnatta i ein av dei mest liberale byane i Polen. Eg må ha kome feil.
Slett ikkje. Straks eg kjem inn og i ly for den sure vinden frå Austersjøen, skjønar eg at det var nett i dette teglsteinshuset at det moderne polske demokratiet blei født: Ein sommardag for 45 år sidan sette eit knippe arbeidarar frå Lenin-verftet seg ned for å streike. Seinare blei dei kjende som fagforeininga Solidaritet. Ni år seinare fall muren. Eg har kome til fødestaden til det moderne, demokratiske Polen.
Det store spelet
Spente ventar tilhengarane til Nawrocki på dei første prognosane. Dette er rett nok berre første valomgangen, og kandidaten deira er alt favoritt til å gå vidare i den avgjerande andre runden 1. juni, der han er venta å konkurrere mot den liberale borgarmeisteren i Warszawa, Rafal Trzaskowski. Men Nawrocki har nett blitt skulda for å snyte ein eldre mann for bustaden hans. Det har gjort han upopulær hos mange. Mykje kan skje.
Og det står mykje på spel, for presidentposten er viktig. For to år sidan fekk Polen ei liberal regjering leidd av Donald Tusk. Han lova å reversere ei rekke av dei kontroversielle reformene til den nasjonalkonservative PiS-regjeringa som styrte landet mellom 2015 og 2023. Det har ikkje den nye regjeringa fått til. Grunnen er nett den avtroppande presidenten, som har tette band til dei nasjonalkonservative og nyttar vetomakta si til å blokkere reformframlegg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.