Takketale
«Korleis reagerer folk når dei får eit måltid utan salt?»
May Linn Clement, avisteiknar og skribent i Dag og Tid, heldt denne takketalen under utdelinga av Fritt Ords Pris 20. mai.
May Linn Clement fekk Fritt Ords Pris saman med Marvin Halleraker og Morten Mørland.
Foto: Ilja C. Hendel / NTB
«Då eg vart beden om å halda ein takketale her i dag, visste eg kven eg skulle spørja til råds. Det måtte bli Svein Gjerdåker, redaktøren i Dag og Tid. I 2017 var det han som stod her og tala, då avisa fekk Fritt Ords Pris og eg sat blant publikum.
Svein var ikkje vanskeleg å be og gav meg to konkrete tips.
1. Ikkje snakk om deg sjølv. Sei noko overordna som gjeld avisteiknarar generelt.
2. Og den statuetten du får, er tung. Ikkje grip han med éi hand, som om han ikkje veg noko. Då kan du risikera å falla over ende og sjå tåpeleg ut. Ta han med begge hendene, og rett deg opp i ryggen.
Difor vil eg no seia noko som gjeld avisteiknarar generelt, men ved å bruka meg sjølv som døme.
Å karikera og teikna folk rundt meg er noko eg alltid har drive med. Det var ofte slik veninnene mine og eg underheldt kvarandre då me vaks opp i eit byggjefelt i Norheimsund på nittitalet. Me teikna foreldre, naboar og lærarar – autoritetar i liva våre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.