Politisk idéhistorie

Tese 13

Sosialdemokratiet må fornyast gjennom venstrepopulismen – eller omvendt.

Bill Clinton, Tony Blair og Gerhard Schröder fotograferte på eit møte i 1999.
Publisert Sist oppdatert

Sentrum–venstre-politikarane som overtok etter Reagan og Thatcher – Bill Clinton i USA, Tony Blair i Storbritannia og Gerhard Schröder i Tyskland – innførte den sosialdemokratiserte nyliberalismen. Dermed bana dei veg for høgrepopulismen og ber eit ansvar for den. Venstrefløya gav opp prosjektet sitt: å temje den kapitalistiske marknaden – og den venstreorienterte politikken mista mobiliserande kraft.

Det er synspunktet til den franske økonomihistorikaren Thomas Piketty og den amerikanske sosialfilosofen Michael Sandel i Equality. What It Means and Why It Matters (2025), ein pamflett i form av ein dialogisk konfrontasjon mellom sosialdemokrati og venstrepopulisme.

Dei to er intellektuelle premissleverandørar til den internasjonale samfunnsdebatten. Medan Piketty er ein radikal sosialdemokrat med skepsis til populismen, som han ser på som «litt risikabel», er Sandel ein «kommunitaristisk» venstrepopulist med skepsis til sosialdemokratiske marknadsteknokratar.

Den sosialdemokratiske samfunnskontrakten, som fekk sitt fremste uttrykk i dei skandinaviske landa i dei gylne tiåra etter 1945, har ifølgje Piketty vorte «ei slags frysevare». Det er denne Piketty no vil revitalisere med ei radikal omfordeling av økonomiske og politiske gode.

Venstrefløya har late høgrefløya leggje premissane for skattedebatten: skatt som eit slags individuelt vonde. Skatt er i Pikettys samfunnsmoralske perspektiv eit bidrag til fellesskapets infrastruktur av verdiar – til det gode samfunnet. Det inneber eit offensivt forsvar for progressiv skattlegging. Også politisk makt må omfordelast gjennom eit utvida økonomisk demokrati.

Men omfordelingssosialismen har ifølgje Sandel også ein tredje, ekspressiv dimensjon som går utover Pikettys rasjonalistiske horisont med omfordeling av pengar og makt. Venstrefløya har late høgrepopulismen få «monopol på nokre av dei mest potente politiske kjenslene: patriotisme, fellesskap og tilhøyrsle».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement