Eurovision 2025
Hjarte og hjerne, hud og håp
BASEL: «Music unites» er slagordet. Krig eller ei – i ei veke samlast Europa, saman med Australia og Israel, for å synge, danse og feste. Men dei må òg dømme kvarandre.
Ein halv million menneske er innom den vekelange Eurovision-festen. Minst 1000 journalistar og fotografar frå 50 land dekker han.
Foto: Marita Liabø
Når 500.000 menneske kjem til Basel, som har 182.000 innbyggarar, må det bli haraball.
Det glitrar og skin i paljettar og flagg. Mange ber flagget på ryggen, som ei kappe mot vinden og verda. Enkelte, som Lesley Sim frå Coventry i England, er rikt utsmykka. Ho har hekla skjal og hatt med flagg, flaggnegler og pynt i alle regnbogefargar. Ho har vore på Eurovision 16 gonger.
Ho skal stemme på Albania, seier ho.
– Albania kjem til å få poeng av dei austeuropeiske juryane, men ikkje den greske.
Det ho er mest spent på, er om Celine Dion kjem til å opptre.
– Det går rykte om det, nærmast kviskrar ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.