Vedsvindelen
Offisielt slepper Danmark ut mindre klimagassar enn Noreg, reelt slepper dei ut mykje meir. EUs klimapolitikk er basert på juks, meiner 800 forskarar.
I Noreg har skogen auka i over 100 år. Om vi ville, kunne vi ha brent skog svarande til utslepp på 25 millionar tonn utan at det hadde vorte registrert som klimagassutslepp.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Danmark har vorte eit føredøme for verda, dei vert visstnok grønare og grønare. No har den nye regjeringa lovd å senka klimagassutsleppa med 70 prosent samanlikna med 1990. Målet høyrest ambisiøst ut, men i røynda er nær 50 prosent alt teke. Før låg Danmark langt framføre Noreg i utslepp, no ligg Noreg fem millionar tonn føre. Vi slepper ut 53 millionar tonn, Danmark 48 millionar tonn.
Problemet er at dette ikkje er sant. Per hovud har Danmark vorte verdas største forbrukar av fast biomasse. Om vi tek med utsleppa frå biomasse, slepper danskane ut 19 millionar tonn CO2 til. Mykje kjem frå brenning av halm, men heile 11,5 millionar tonn kjem frå brenning av ved i form av importert pellets.
På Danmarks Statistiks heimeside kan vil lesa: «Utsleppa frå innanlandske aktivitetar har vore fallande sidan 2000 (minus 34 prosent) som fylgje av effektivisering av energiutnyttinga, utvikling av fornyeleg energi og utflytting av aktivitetar til utlandet.» Det siste er rett nok ikkje så bra for klimaet. Ein rapport frå EU-kommisjonen syner at ein aluminiumsbarre produsert i Kina slepper ut sju til åtte gonger så mykje CO2 som ein barre produsert i Noreg. Men den danske regjeringa ynskjer sjølvsagt ikkje å flytta arbeidsplassar ut av Danmark, det dei derimot ynskjer, er meir fornyeleg energi. Og særleg ynskjer dei kraft som kan nyttast når vinden ikkje blæs. Danmark har gått frå kol, som var særs billig og særs effektivt, til bioenergi, som er dyrare og mindre effektivt.
Populære tiltak
Satsinga har vore populær hjå danske veljarar, som er særs opptekne av klima. Dei seinaste åra er det særleg tremasse som har vorte nytta, og det skal nyttast i stadig aukande grad. Som Energistyrelsen skriv: «Sidan 2010 har bruken av pellets og flis dominert som biomasse. Av Danmarks samla forbruk av fornyeleg energi i 2017 kom 64 prosent frå fast biomasse.» Korleis har det heile vorte finansiert? «Bruken av fast biomasse vert fremja særleg gjennom tilskot og avgiftsfritak.»
Det heile vert altså finansiert av skatteytarane, som i tillegg til direkte subsidiar og avgiftsfritak altså skal betala mykje meir for varmen og straumen enn tidlegare generasjonar. Danskane gjer dette for å få ned CO2-utsleppa. Men ved slepper òg ut CO2? Ja. Om ein brenn tre og kol på ein effektiv måte, slepper tre ut omtrent halvannan gong så mykje CO2 som kol, og tre gonger så mykje som naturgass. Men her kjem det internasjonale regelverket Danmark til hjelp. Det seier at så lenge eit land aukar skogarealet sitt, kan dei hogga stadig meir skog til brenning. Heilt sidan den industrielle revolusjonen har dei nordlege landa hatt ein auke i skogareal. Vi har gått frå å brenna ved til å brenna kol og gass og til å laga vasskraft og atomkraft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.