JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Varm fortid, varm framtid

125.000 år gamle spor fortel mykje om kva slags verd vi er på veg inn i.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kunstnarleg tolking av naturen ved Themsen for kring 125.000 år sidan. Fossil funne ved Trafalgar Square i London syner at mellom anna elefantar, løver og flodhestar levde der i eem, den førre mellomistida.

Faksimile frå Illustrated London News / NTB

12382
20221209

Eem

Varm periode mellom istidene saale og weichsel

Siste mellomistid før holocen, som vi lever i no

Tok til for kring 130.000 år sidan

Varte i kring 13.000 år

Global årsmiddeltemperatur var kring 1,5 gradar høgare enn i dag

Havnivået var fleire meter høgare enn i dag

Klima

peranders@dagogtid.no

Det er ingen mangel på dommedagsscenario i klimadebatten. «Vi er på ein motorveg til eit klimahelvete», sa António Gutteres, generalsekretæren i FN, på klimatoppmøtet i Egypt. Mange snakkar om ein komande klimakatastrofe, og somme seier at den globale oppvarminga kjem til å gjere jorda uleveleg for menneske. Kvar fjerde unge vaksne har klimaangst, ifølgje NRK.

Men kor er vi eigentleg på veg? Jorda er no meir enn ein grad varmare enn i førindustriell tid, og vi er ikkje i rute til å halde oppvarminga under to gradar. Med ein betre klimapolitikk dei neste tiåra er det mogleg å stogge kring 2,5 gradar. Om det blir utfallet – korleis vil da kloden sjå ut? Klimaforskarane arbeider på spreng med å lage scenario for framtida. Men det finst òg empiri frå ei slik verd, for jorda har vore der før.

Fortid og framtid

Empirien stammar frå ein epoke da verda var omtrent 2,5 gradar varmare enn i førindustriell tid – altså halvannan grad varmare enn i dag. Så varmt var det nemleg for 125.000 år sidan, i den førre mellomistida. Det var ei tid da flodhestar plaska rundt i Themsen, og havet stod fleire meter høgare enn no. Epoken ber namnet eem og kan fortelje oss mykje om tilstanden på jorda nokre tiår fram i tid.

– Klimaforskarane prøver å lage modellar for klimaet i framtida, men eem var ein realitet og er difor spesielt interessant. Den perioden er ein god analogi til verda vi nærmar oss, seier geolog og forfattar Reidar Muller. Han har vigd eem ein god del plass i den nye boka Ild og is. En kort innføring i klimaets historie, og mykje av denne artikkelen er bygd på framstillinga hans.

40 istider

Vi skal kome attende til desse flodhestane. Men først kjem vi ikkje unna ein kort gjennomgang av fenomenet istider. Når vi snakkar om «istida» i eintal, viser vi som regel til weichsel, den siste frosne epoken på jorda, som tok slutt for kring 11.700 år sidan. Men jorda har gått inn i og ut av istider gong på gong gjennom dei siste 2,6 millionar åra, ein epoke vi kallar kvartær. Kanskje har det vore så mykje som 40 istider i dette kjølige kapittelet i planethistoria, med varmare periodar innimellom. Vår eigen varme periode, dei siste 11.700 åra, ber namnet holocen.

Store klokker

Når vi snakkar om klimaendringar i dag, handlar det som regel om CO2 og andre klimagassar. Men det var ikkje endringar i CO2-nivået som dreiv vekslinga mellom istidene og dei varmare periodane mellom dei. Dei fysiske forklaringane på desse skifta er særs kompliserte.

Svært kort fortalt handlar det om tre fysiske variablar: endringar i jordbanen kring sola, i aksen som jorda roterer rundt, og i hellingsvinkelen til jorda mot sola.

Desse endringane følgjer kvar sin rytme gjennom tusenåra, som gigantiske klokker, og har vore drivaren for skifta mellom istider og mellomistider. I dag blir fenomenet kalla Milankovic-syklusar, etter den serbiske fysikaren Milutin Milankovic, som la fram teorien sin alt i 1914. Det tok meir 60 år før ideen hans fekk gjennomslag.

Kalde somrar

Det er vanskeleg å skjøne at dei små endringane som Milankovic skildra, kan vere nok til å fryse ned mykje av jorda. Avstanden til sola er uansett så lang, og desse subtile skifta gjer liten skilnad på den totale solinnstrålinga til kloden. Men Milankovic fann ut at nøkkelen låg i korleis rørslene til jorda påverka sommartemperaturane på den nordlege halvkula.

Når alle tre variablane trekte i same retning, vart det kjølige somrar i nord, og mindre av snøen smelta i løpet av sommaren. Når stadig meir av jorda vart snødekt, vart meir av solvarmen reflektert frå jorda – den såkalla albedoeffekten –?og prosessen vart sjølvforsterkande. Til slutt var jorda inne i ei istid. Og når planetsyklusen igjen gjorde somrane varmare på den nordlege halvkula, gjekk prosessen i revers: meir snøfri jord, meir skog, mindre albedo, meir varme, meir snøsmelting.

Løver i London

Ein slik smelteprosess gjekk jorda gjennom for omtrent 130.000 år sidan. Da var ei lang og uvanleg hard istid over, og verda gjekk inn i den varme perioden som vi no kallar eem. Namnet kjem frå elva Eem ved Amersfort i Nederland, der utgravingar på 1800-talet avdekte sniglehus frå artar som ikkje lenger fanst i Nordsjøen, men var vanlege lenger sør. Dette tydde på eit varmare klima ein gong i fortida.

I dag veit forskarane at eem varte i kring 13.000 år, og på det meste var jorda truleg kring halvannan grad varmare enn i dag. Det høyrest ikkje veldig mykje ut, men varmen var ikkje jamt fordelt, og Nord-Europa må ha hatt ei sterkare oppvarming. I Ild og is fortel Reidar Muller om utgravingar ved Trafalgar Square i London som ikkje berre avdekte knoklar etter flodhestar. Også holeløver, sumpskjelpadder, elefantar, hyenar og nashorn luska rundt ved Themsen. «Den britiske hovedstaden hadde for bare snaue 130.000 år siden et dyreliv ikke ulikt det vi finner i Serengeti i Afrika i dag», skriv Muller.

Skog på Nordkapp

Korleis såg så Noreg ut i denne perioden? Det veit vi mindre om, for den siste istida har skrubba bort det aller meste av spor frå eem. Men dei store utgravingane som geolog Jan Mangerud leidde ved Fjøsanger i Fana i 1976, fortalde at også Noreg var vesentleg varmare enn i dag.

– Vi fann skjel som ein i dag ikkje finn nord for dei britiske øyane, seier Mangerud, professor emeritus ved Universitetet i Bergen.

Også vegetasjonen var vesentleg annleis, fortel Mangerud. Pollenfunna i utgravingane fortalde om mykje kristtorn og eikeskogar som liknar dei ein no finn i det sørlege Danmark.

– Truleg var klimaet i Noreg i eem 2,5 til 3 gradar varmare enn det er i dag. Vi kan rekne med at alle breane i Noreg var borte. Skoggrensa gjekk mykje høgare i fjellet enn no, og Finnmark var truleg skogkledd heilt til Nordkapp, seier Mangerud.

Høgare hav

Om meir eikeskog og eit rikare dyreliv i Nord-Europa var dei einaste konsekvensane av varmen i eem, ville det ikkje gje særleg grunn til uro. Men andre spor er meir illevarslande. Gamle strandliner og restar av korallrev langt oppe på land i tropiske strøk fortel at havet stod mykje høgare den gongen. Austersjøen nådde opp til Kvitsjøen i nord og gjorde Skandinavia til ei øy.

Kor mykje høgare havet var, er omdiskutert. I Store norske leksikon brukar Jan Mangerud anslaget 5 til 7 meter. Klimaforskar Eystein Jansen, professor ved Universitetet i Bergen, har eit enda vidare anslag.

– Eg vil seie ein stad mellom to og ti meter, og truleg minst fire meter, seier Jansen.

Kor kom så alt dette vatnet frå? Mykje kom frå smelting på Grønland, men langt frå alt.

– Frå iskjerneboringane veit vi at grønlandsisen var kring 30 prosent mindre enn i dag. Men det er ikkje nok til å heve havnivået meir enn mellom ein og to meter. Det tyder på smelting i Antarktis òg.

Joker i sør

Antarktis er ein av dei store jokerane i forskinga på klimaendringane også i vår tid. Uroa er særleg knytt til halvøya Vest-Antarktis, ei landtunge som strekkjer seg ut i havet mot Sør-Amerika. I Ild og is viser Reidar Muller til studiar som syner at isen i Vest-Antarktis trekte seg meir enn 200 kilometer attende i løpet av eem. Også i dag krympar breane på halvøya raskt. Thwaitesbreen, som er på storleik med Storbritannia, har til dømes trekt seg ein kilometer attende årleg sidan 1992. Om heile iskappa i Vest-Antarktis skulle smelte, vil det åleine få havet til å stige med nærare fire meter.

Ein ting er sikker: Temperaturane som er trulege i dette hundreåret, vil føre til stor issmelting både på Grønland og i Antarktis, nett som i eem. Og sjølv om temperaturen blir stabilisert kring 2,5 gradar over førindustrielt nivå, vil smeltinga halde fram svært lenge, inntil havnivået kanskje er fem meter høgare enn no. Det får i så fall enorme følgjer for ei rekkje millionbyar ved havet og lågtliggjande land som Bangladesh.

Uvisst tempo

Så er spørsmålet kor fort det går. Førebels er tempoet moderat: Havnivået stig for tida med fire millimeter i året. Ifølgje FNs klimapanel kan vi vente oss at havet stig med mellom 43 og 84 centimeter innan 2100, avhengig av kor store klimagassutsleppa blir. Det vil ta lang tid før havet kan nå same høgder som i eem.

– Kanskje nærare tusen år, er tipset frå klimaforskar Eystein Jansen. Ein av grunnane er at smeltinga på Grønland kjem til å gå seinare når dei krympande breane ikkje lenger når ut i fjordane.

Den tidshorisonten føreset at smeltinga held fram omtrent i dagens tempo i hundreåra som kjem. Men kor fort steig eigentleg havet i eem? Det er det ingen sikre svar på, men stiginga skjedde neppe jamt og trutt. Forskaren Paul Blanchon, som har studert fossile korallrev i Mexico, meiner at havet steig kring to meter på berre 50 år for 125.000 år sidan. Dette er omstridd, men det er ikkje eit ukjent fenomen at store brear kan kollapse og få havet til å stige raskt. Også tidleg i holocen, i vår eiga mellomistid, har det vore periodar med havstiging på fleire centimeter årleg.

Grøn Sahara

Også når det gjeld ørkenspreiing, er det interessante ting å lære av eem. Og det er ikkje berre dårleg nytt å finne, for varmare treng ikkje alltid å tyde tørrare. I Sahara har forskarar funne spor etter ein periode i eem med langt meir nedbør enn i dag, og mykje av det som no er ørken, var grønkledd.

Denne våte perioden i Sahara fell saman med ei utvandringsbølgje av menneska frå det sørlege Afrika, og mange forskarar meiner klimaendringane gjorde denne folkevandringa mogleg. Mønsteret ser ut til å vere at monsunregnet flyttar seg inn over Sahara når det er varmt på den nordlege halvkula. Det same skjedde òg i ein varm periode ganske tidleg i holocen, vår eiga mellomistid. I siste istida ekspanderte derimot Sahara og strekte seg 400 kilometer lenger sør enn i dag.

I Ild og is peikar Reidar Muller på eit anna godt nyhende frå eem. Eit skrekkscenario for klimautviklinga er massive utslepp av metan frå tinande permafrost. Metan er ein langt sterkare klimagass enn CO2, og i verste fall kan vi få ein sjølvgåande prosess av metanutslepp og oppvarming.

– Sjølv om eem var langt varmare enn notida, og sjølv om nordområda også da vart varma opp meir enn resten av verda, ser det ikkje ut til at det kom store utslepp av metan frå permafrosten. Det er litt oppløftande, seier Muller.

Polarisert

Vi skal ikkje overdrive: Det er grenser for kor mykje eem kan fortelje oss om klimautviklinga som ventar. Til dømes er det uvisst om breane i Himalaya, vasstårnet til Asia, smelta heilt ned i den epoken. Steinaldermenneska hadde ikkje åtte milliardar munnar å mette med jordbruk. Og vi kan ikkje seie mykje om tropiske stormar, hetebølgjer, flaumfare eller framtida til matproduksjonen i ulike verdsdelar ut frå kunnskapen om eem.

– Materialet vi har frå siste mellomistid, er som ei historiebok der mange av sidene er rivne ut. Det er fragmentarisk. Men likevel er denne kunnskapen svært relevant i dag, seier Muller.

Han trur den polariserte klimadebatten har gjort det vanskelegare for forskarane å snakke om klimaet i fortida.

– Alle klimaforskarar veit at det har vore varmare før enn det er no, og at årsakene er komplekse. I arbeida til Klimapanelet blir klimahistoria diskutert inngåande, og det burde ikkje vere eit problem å snakke om. Men når alt blir svart eller kvitt, risikerer ein at somme stemplar deg som «ein sånn klimaskeptikar» om du snakkar om historia.

Både og

I historia om eem kan ein finne både oppmuntrande og urovekkjande trekk ved vår eiga klimaframtid, meiner Muller.

– Den oppvarminga vi kan vente oss i dette hundreåret, kjem ikkje til å gjere verda uleveleg. Klimahistoria fortel at menneska kan tilpasse seg mykje, og i dag kan vi transportere mat over store avstandar. På andre sida: Situasjonen er alvorleg. Vi har ein sivilisasjon tilpassa eit visst klima, og det er ingen grunn til å vente med å få ned klimagassutsleppa. Held oppvarminga fram forbi temperaturen i eem, kjem vi til andre scenario som er langt meir uhyggelege. Blir det fire eller fem gradar varmare, er det ei heilt anna verd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eem er ein god analogi til verda vi nærmar oss.

Reidar Muller, geolog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis