Kommentar
Valets tapar
Media var den store taparen i stortingsvalet.
«Det var to sensasjonelle valresultat: At Frp som juniorpartnar gjekk mindre attende enn Høgre, og at Venstre kom over sperregrensa. Frp gjorde det såpass bra grunna éin ting: Sylvi Lishaug og innvandring. Kor mange gonger tok NRK og TV2 opp innvandring? Så vidt eg kunne sjå, ingen gonger. Dei nemnde ikkje elefanten i romet», skriv Jon Hustad.
Foto: Lise serud / NTB scanpix
Det verste ein kommentator kan vera, er banal, men eg lyt likevel byrja med ei banal setning: Eg har aldri opplevd ein meir spanande valdag enn sist måndag. Men det var ikkje takka vera valdagssendingane. Det var to sensasjonelle valresultat: At Frp som juniorpartnar gjekk mindre attende enn Høgre, og at Venstre kom over sperregrensa. Frp gjorde det såpass bra grunna éin ting: Sylvi Listhaug og innvandring. Kor mange gonger tok NRK og TV2 opp innvandring i valdagssendingane? Så vidt eg kunne sjå, ingen gonger. Dei nemnde ikkje elefanten i romet, og det sjølv om TV2s eiga meiningsmåling synte at veljarane meinte at nett innvandring hadde vore hovudtemaet i valkampen. Det skal eg koma attende til.
TAKTISK RØYSTING
At Venstre kom over sperregrensa grunna taktisk røysting, vart eit tema, men det kom altfor seint. Eg rekna på førehand med at Venstre skulle kome over grensa grunna taktisk røysting, og det visste eg grunna Facebook. Eg har berre vel 100 vener der, men eg har ressurssterke vener som bur der eg bur: Oslo vest, Asker og Bærum. Mellom desse har det vore ei sterk, ja, nærast unison stemning for å røysta taktisk ved dette valet. Berre éin av venene mine har vore for Venstre, men det enda med at særs mange likevel røysta Venstre, medan dei – som éin sa det – «hadde med seg spyposen og heldt seg for nasen». Den taktiske røystinga vart då også særs avgjerande, og dette burde NRK og TV2 ha gjort til eit tema av frå starten av. Hadde Venstre fått like mange røyster i Oslo vest, Asker og Bærum som i landstrenden, skulle dei ha kome 9050 under sperregrensa; dei kom 8300 over sperregrensa. Høgre gjorde det til dømes dramatisk dårlegare i Vestre Aker enn normalt. Både Frp- og Høgre-veljarar stilte sterkt opp for Venstre. Taktisk veljing hjelper. Båe dei raudgrøne regjeringane til Jens Stoltenberg vart valde med eit mindretal av veljarane. No fekk Erna Solberg den same effekten. Trine Skei Grande takka likevel organisasjonen for at ho kom over sperregrensa. Det må ha vore ei av dei mest utakksame valtalene nokon gong.
TAPAREN I VALET
Om det finst ein tapar etter dette valet, så er det media. Valkampen har vore dekt på eit dårleg vis. Tak temaet som var hovudtemaet før Sylvi Listhaug kom attende etter fødselen, formueskatt, som vart dekt på eit rotete vis. Høgre hevda at vi treng lægre formueskatt for å få til ei omstilling av norsk næringsliv. Ap sa på si side at vi treng formueskatt for å få til omfordeling. Båe påstandane er langt på veg usanne. Staten har i dag ein finansformue på 10.400 milliardar, formueskatten er berre 13 milliardar av eit statsbudsjett på 1300 milliardar i utgifter. Omfordelingseffekten er dimed nær null. Men det er heller ikkje slik at desse 13 milliardane skapar store problem for norsk næringsliv. Private norske aktørar utgjer ein liten del av norsk næringsliv. På Oslo Børs eig utlendingar 40 prosent av aksjane, staten 35 prosent. Av dei resterande 25 prosent eig individuelle nordmenn berre 4 prosent, resten av den norske eigarskapen ligg i pensjonsfond og store institusjonar. Svært lite vert eigd av nordmenn som hamnar i formueposisjon. I det ikkje-børsnoterte næringslivet er den norske eigarskapen større, men korkje Rema eller Norgesgruppen har problem med å reisa kapital.
Tak oljenæringa, som alltid er den største investeringsaktøren i norsk næringsliv. Nesten alt av investeringar på norsk sokkel er det staten og utanlandske selskap som står for. Det har aldri vore vanskeleg å reisa kapital for lønsame felt på norsk sokkel, og det som gjeld på norsk sokkel, gjeld i næringslivet elles. Gode prosjekt i Noreg får kapital. Den einaste grunnen vi har for å kvitta oss med formueskatten, er nasjonal kontroll. Om nordmenn slepp formueskatt, vil gradvis meir av norsk næringsliv hamna på norske hender. Eg tviler sterkt på at veljarane forstod dette på basis av korleis media dekte valkampen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.