Barnevernet

Vald i førstelinja til velferdsstaten

Det tragiske drapet på ein barneversntilsett i Oslo minner oss på at arbeidskvardagen i barnevernstenesta er prega av vald og trugsmål.

Blomar og lys utanfor barnevernsinstitusjonen der Tamima Nibras Juhar blei drepen natt til søndag, 34 år gammal.
Publisert Sist oppdatert

Natt til søndag blei 34 år gamle Tamima Nibras Juhar drepen av ein 18-åring ved eit privat barnevernstiltak i Oslo. Tenåringen hadde høgreekstremistiske haldningar, melder politiet. Ifølgje vener av den drepne skal ho sjølv ha varsla om den no terrorsikta tenåringen. Også arbeidsgivaren, Gemt AS, hadde sendt bekymringsmeldingar til PST tidlegare i sommar. Likevel var Juhar åleine på jobb den natta ho blei drepen.

Tysdag melde Oslo politidistrikt at arbeidsgjevaren er mistenkt for brot på arbeidsmiljølova.

Det er ikkje det første drapet som har råka norsk barnevernsteneste. I 2014 blei Anna Kristin Gillebo Backlund drepen av ein 15-åring. Også ho var åleine på nattevakt. Ho blei 30 år gamal.

I førstelina

– Dei som arbeider i det kommunale barnevernet, er utsette for trugslar og vald i særleg høg grad, fortel Morten Birkeland Nielsen ved Statens arbeidsmiljøinstitutt.

Mellom 2019 og 2024 leidde han eit forskingsprosjekt som kartla vald og trugsmål mot barnevernstilsette. I 2020 spurde forskarane tilsette i Oslo kommune om korleis dette prega arbeidskvardagen deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement