Val utan ende
Valet i Israel gav ikkje eit klart resultat, men Benjamin Netanyahu vert nok framleis statsminister.
Alle middel vert tekne i bruk når Benjamin Netanyahu skal vinna val. Her brukar han røystesetelen i Jerusalem 23. mars.
Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB
Israel har gått gjennom endå eit val, og framleis vantar innbyggjarane eit klart regjeringsalternativ. Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo og arbeider med Israels historie.
– Gjev valet ei avklaring?
– Valet er berre ei ny stadfesting av kor djupt splitta det israelske samfunnet er. Men på mirakuløst vis overlever Likud og er det einaste partiet som klarer å stå fram som styringsdyktig. Dei fleste som røystar på Likud, held seg for nasen og misliker partiet sterkt. Det finst ikkje reelle og gode alternativ. Dei røystar Likud i mangel på noko anna.
– Men igjen kan Benjamin Netanyahu overleva?
– Han kan spelet, han er ein meister i spelet. Han sluker kamelar lett som ingen annan dersom det kan halda han ved makta, som er det einaste som har noko å seia for han. I denne valkampen har han til og med flørta med den palestinske folkesetnaden inne i Israel, den gruppa som til vanleg er den største motstandaren hans. Alle middel vert tekne i bruk når Netanyahu skal vinna val.
– Er det vaksinesuksessen som forklarar at han truleg held fram som statsminister?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.