Utvida handelskrig
– Koplinga mellom handel og stormaktspolitikk har vorte skremmande, seier Arne Melchior ved NUPI om konflikten mellom Kina og USA.
Huawei seier selskapet ikkje er underlagt det kinesiske forsvaret. Men likevel vaktar soldatar forskingssenteret deira i Shanghai.
Foto: Aly Song / Reuters / NTB scanpix
Dei store amerikanske teknologimonopola, med Google i spissen, sa denne veka at dei ikkje lenger vil selja amerikansk teknologi til Huawei. Snart fylgde japanske, tyske og britiske teknologiselskap etter. No står fleire kinesiske firma framføre ein boikott grunna Trumps krav om at alt sal av det Trump-administrasjonen definerer som sensitiv amerikansk teknologi, skal godkjennast for sal til Kina av Det kvite huset. Arne Melchior forskar på handel hjå NUPI.
– Det som skjedde no, må vi vel kalla ei eskalering?
– Det har vore ei viss von om at ein skulle koma fram til ein handelsavtale. Den vona har vorte svakare no. Det ser ut til at kreftene i Trump-administrasjonen som ser på Kina som ein rival i både handels- og tryggingspolitikken, framleis har kontrollen. Det er tvilsamt om desse kreftene i det heile teke ynskjer ein avtale. Dette handlar ikkje berre om handelspolitikk. Det er stormaktspolitikk.
– Kven er ideologen her?
– Trumps apostel er Peter Navarro (økonomiprofessor som er Trumps rådgjevar om handel, red. merk.) Om ein les bøkene hans, ser ein at han vil nytta handelspolitikken som eit våpen for å svekkja Kina. Der er ei litt skremmande kopling mellom handel og tryggingspolitikk. Trumps tiltak for stål og aluminium har heimel i ein amerikansk lov om tryggingspolitikk, den såkalla Section 232. USA må ha stor produksjon av stål og aluminium for å vera trygge, er argumentet, sjølv der importen kjem frå nære allierte.
– Og det gjeld bilar òg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.