Energi
Utsleppa skal ned
Nei, det er ikkje lønsamt å elektrifisera sokkelen. Men det er heller ikkje så dyrt som ein kunne frykta.
Oljegiganten Johan Sverdrup pumpar opp olje utan å sleppa ut CO2. All straum kjem frå land.
Foto: Nerijus Adomaitis / Reuters / NTB
«Sokkelen må elektrifiserast», er dei tre orda som har skremt norske samfunnsøkonomar mest dei siste åra. Og ja, samfunnsøkonomien i eit slikt prosjekt er for å seia det rett ut, skral. Men no er det i alle høve avgjort: Equinor seier dei skal få ned utsleppa med 40 prosent før 2030 målt mot 2005. Innan 2050 skal 90 til 95 prosent av utsleppa bort. Likevel: Når vi no eingong har sagt at vi skal prioritera nedgang i nasjonale utslepp i staden for internasjonale, er kan henda ikkje sokkelen den verste staden å starta, syner ein fersk rapport frå Oljedirektoratet. Teknologien endrar seg raskt, kostnadene har lenge vore på veg ned. Men same kor vi snur og vender på det, må særleg dei nordpå betala mykje for dei reduserte CO2-utsleppa.
Éin av grunnane til at mange har vore urolege for elektrifisering, er ein rapport frå Statnett om korleis heile Noreg skal verta fullelektrifisert. Men den rapporten er heldigvis ei nokså hypotetisk øving som vi godt kan sjå bort frå. Han er basert på forbruket i 2017. «I dette notatet beregner vi hvor mye kraftforbruket vil øke dersom dagens fossile energibruk blir elektrisk», står det alt i fyrste setninga i drøftinga til Statnett. Talet dei kjem fram til for norsk sokkel, inkludert Melkøya utanfor Hammerfest, er 33 TWh. Noreg treng altså 33 milliardar kWh ekstra for at sokkelen skal verta fullt ut elektrifisert. Dette talet har opinionen festa seg ved. Det er forståeleg, for 33 TWh er uhorveleg mykje.
Tenk på eit tal
Talet er rein teori av di norsk olje og gassnæring er overmoden, mange felt skal stengjast ned dei neste tiåra, og dessutan er alt mykje av Nordsjøen elektrifisert. Det finst ingen indikasjonar på at olje- og gassnæringa vil halda fram med å måtta nytta så mykje energi som i 2017 dei komande tiåra. Tak feltet Johan Sverdrup, som kom etter 2017 og er knytt saman med Edvard Grieg, Gina Krogh og Ivar Aasen. Sverdrup I er alt fullelektrifisert, og dei andre felta er i ferd med å verta det. Sverdrup I og II kjem i 2025 til å stå for 30 prosent av norsk oljeproduksjon, området vil med tida verta det dominerande på norsk sokkel. Heile området kjem til å nytta under 1 TWh. Sverdrup har vorte bygd til ein mykje lægre kostnad enn opphavleg planlagt og er i dag lønsamt, med ein oljepris på langt under 20 dollar. Og det maktar Sverdrup trass i at feltet er elektrifisert.
Fyrste året i drift var CO2-utsleppa per fat produsert 0,17 kilo, nesten 100 gonger under gjennomsnittet globalt for oljeproduksjon. Utsleppsreduksjon ved elektrifisering for Sverdrup åleine er 690.000 tonn, samla vil utsleppsreduksjonen frå heile området vera nærare 1 million tonn per år. Nei, det har ikkje vore samfunnsøkonomisk lønsamt å elektrifisera feltet om vi nyttar Equinors eigne tal, og det kjem det truleg heller ikkje til å vera om ikkje karbonprisane både i EU og globalt går sterkt opp. Vi nordmenn vert fattigare enn kva vi elles kunne ha vore. Men det er ei rekkje norske tiltak for å få ned utsleppa på land som er langt dyrare enn elektrifisering av Sverdrup og grannefelta. Men Sverdrup er også eit døme på kvifor rapporten frå Statkraft vert feil. Sverdrup var ikkje med i deira reknestykke, men Sverdrup vert altså med tida den dominerande aktøren i norsk oljenæring. Og det knapt utan utslepp eller bruk av særleg mykje kraft.
Ei dynamisk næring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.