JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Utopist-partiet

Miljøpartiet Dei Grøne har vorte for atomkraft, betong og verkeleg stor pengebruk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei nasjonal talspersonane i MDG, Arild Hermstad og Une Bastholm, heldt landsmøtetalane på den digitale møteplattforma Zoom frå eit møterom på Stortinget i Oslo. På grunn av den pågåande koronapandemien kunne ikkje partiet møtast fysisk, og heile landsmøtet vart halde digitalt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

14807
20210416

Bakgrunn

Miljøpartiet Dei Grøne vart stifta i 1988. 

Dei har i dag éin stortingsrepresentant, men vonar å passera sperregrensa no i haust. 

Dei ynskjer å få ned norske klimagassutslepp med 80 prosent innan 2030 og med 95 prosent innan 2035.

MDG-programmet

SAMLA: Det MDG vil, er ikkje mogleg å få til på så kort tid som dei ynskjer. Samstundes får dei andre partia noko å strekkja seg mot. Terningkast 2

REALISTISK: Nei, dette finst ikkje realistisk. MDG vil til dømes kutta alle norske utslepp, utan hjelp av EUs kvotesystem, med 80 prosent innan 2030. Det er umogleg. Terningkast 1

SPRÅK: Språket er greitt og flyt godt, men manglar den prosalyrisk stemninga frå tidlegare program. Terningkast 4

PROFIL: Her trumfar miljø og klima alt. Det går ikkje an å overby dei grøne på dette området. Terningkast 6

MDG

jon@dagogtid.no

Alle religionar, jamvel ateistar, har sine heilage kyr. Hjå Miljøpartiet Dei Grøne er kua vorten miljøversting. I byrjinga av april, etter det siste landsmøtet, fekk den mest markante MDG-aren i Drammen, Ståle Sørensen, nok. Han melde seg ut. Han hevda at partiet hadde vorte ei «sekt for rettroende» og noko heilt anna enn det han melde seg inn i: «Det MDG jeg ble med i i 2013, var et litt rufsete, hippie-inspirert parti. På mange måter et svært liberalt parti og iallefall nytenkende.» Det var visst den siste landsmøtemiddagen han fekk servert for eit par år sidan, som til slutt hadde fått begeret til å renna over.

På det fyrste landsmøtet hadde han fått både kjøt, fisk og alkohol: «Landsmøtet etter dette ble helvegetarisk med vegansk som mulig tilvalg og så flyttet man alkoholserveringen fra bordene til en bar i et annet rom hvor man måtte gå ut og hente seg en øl selv. Så til slutt kulminerte det hele med et helvegetarisk/vegansk landsmøte med totalt alkoholforbud under landsmøtemiddagen.»

No er det i og for seg forståeleg at MDG-arar ikkje liker kjøt, for som vi veit, er både kyr og sauer plaga med flatulens, men å laga øl er ein eldgamal konserveringsteknikk for korn, som dimed ikkje rotnar og slepper ut CO2, og difor er nokså greitt for klimaet. Men som det står i programmet: MDG vil «videreføre en restriktiv alkoholpolitikk».

Vedteke program

Og det er dette eg er mest nyfiken på når eg igjen skal lesa MDGs program: Kor religiøse eller kor rasjonelle vel dei å vera denne gongen? Kva vektlegg dei ved dette høvet? For det er den spagaten eit miljøparti står i: Skal dei taka omsyn til det som er mogleg, eller skal dei leggja vekt på å vera mest mogleg fromme? I alle høve vart det også vedteke partiprogram på det digitale landsmøtet i år. Det må vera ein vellukka start på programmet når eit landsmøtet knapt genererer utslepp.

I år har dei vedteke at dei er eit parti for framtida, den verkeleg lange framtida: «Vi vil mobilisere menneskehetens viljestyrke, skaperkraft og optimisme for å ta vare på livsgrunnlaget på jorda, og fremme samhørighet med alt levende på planeten vår – nå, og i årtusenene som kommer.»

Sjølv om programmet er vedteke for stortingsperioden 2021–2025, strekkjer altså ambisjonane seg noko lenger. «For å få til dette, må all politikk være samstemt og trekke i samme retning i tråd med bærekraftsmålene (til FN, red. merk.) og Parisavtalen.»

Legg merke til ordet «samstemt». Difor kunne det her kanskje vore ei von at dei problematiserte den ibuande motsetnaden mellom måla i Parisavtalen og berekraftsmåla til FN. Det fyrste og viktigaste målet til FN er dette: «Bærekraftsmål 1 har som mål å utrydde ekstrem fattigdom og halvere andel mennesker som lever i relativ fattigdom.» Dei siste tiåra har det gått nokså godt. «Andel mennesker som lever i ekstrem fattigdom har gått drastisk ned siden 1990», skriv FN. Men korleis har den nedgangen kome? Gjennom ein dramatisk auke i bruk av fossilt brennstoff. MDG er neppe mot nedgangen i fattigdom, men Kina slepper no ut langt meir CO2 enn USA og EU til saman.

Atomkraft, ja takk

Kina vert nemnt to gonger i programmet, båe gongene i samband med at Noreg må krevja betre menneskerettar. «Eksempelvis skal handelsavtalen mellom Norge og Kina inneholde krav om en bedret menneskerettighetssituasjon i landet.» Det står ingenting i programmet om krav om redusert bruk av kol frå Kinas side.

Frå januar 2018 til juni 2019 gjekk verdas installerte effekt i kolkraftverk, om vi held Kina utanom, ned med 8 gigawatt (GW), skal vi tru storbanken JP Morgan. Særleg i USA vart kolkraftproduksjon lagd ned. Kina auka sin effekt med 43 GW. Samstundes hadde dei 121 nye GW under utbygging. Den auka bruken av kol i Asia, særleg i Kina og India, har hatt ein utruleg positiv effekt på FNs fyrste berekraftsmål, men ikkje på måla i Parisavtalen.

Når det er sagt – MDG omfamnar denne gongen atomkraft, her har dei fromme tapt mot vitskapen. «Miljøpartiet De Grønne mener at moderne kjernekraftteknologi har en viktig rolle i det grønne skiftet.» Og ikkje nok med det, dei vedgår no til og med heilt ope at vind og sol ikkje er pålitelege kraftkjelder: «Vind- og solenergi er per definisjon ustabile, og kjernekraft spiller derfor en stor rolle som stabiliserende kraftkilde i fremtidens globale energimiks.» Men kva med ureininga og faren for nedsmelting, som apokalypsetenkjarane i alle år har vore redde for? «Moderne reaktorteknologi er like sikker som andre energikilder.» Dette er som å høyra teknologioptimistane i 1950- og 1960-åra.

Men kva har MDG meint i tidlegare program? MDG ville «Nedlegge atomreaktoren i Halden» – som dei no vil halda på – og «ved å øke produksjonen av fornybar kraft kan vi hjelpe andre land til raskere å avvikle (…) atomkraftverk», skreiv dei i 2013. No skal derimot atomkraft vera berebjelken i verdas energisystem og hjelpa den ustabile vinden og sola. Rett nok står det ingenting i det nye programmet om at dei vil ha kjernekraftproduksjon til Noreg. Men sjå ikkje vekk frå at det kjem i neste programperiode, for her endrar ting seg snøgt. Alt no vil dei «videreutvikle Norges miljøer innenfor utdanning og forskning på moderne atomreaktorteknologi».  

Med atomkrafta har dei gjort ei vanskeleg val, dei har stilt seg på sida til atomfysikarane. Men når det gjeld annan fysikk, slikt som ressursbruk og tid, stiller det seg annleis, der stiller dei seg utanfor rasjonell debatt. Der er dei utopistar.  

Framleis hurtigtog

Før eg byrja å lesa det nye partiprogram lyt eg vedgå at eg var særleg spent på kva dei denne gongen meinte om hurtig- og lyntog mellom dei store byane, som i ein klimasamanheng har stor negativ effekt i mange tiår. Energibruken er enorm. Dessutan vert det nytta så mykje betong og bora så mykje i fjell og det kostar så mykje at den positive effekten av klimautsleppa må målast i livsløp. Ein analyse av Asplan Viak for Jarnbaneverket, til dømes, viste at ei snøggtogutbygging av Bergensbanen hadde negativ klimaverdi samanlikna med fly i opp mot 100 år. Likevel har MDG vore tydeleg for slike utbyggingar i tidlegare program.

Her sit det lenger inne å gje slepp på gamle kjepphestar: MDG vil «jobbe for redusert reisetid og kapasitetsøkning med tog slik at tog kan erstatte fly mellom Bergen–Oslo, Trondheim–Oslo og Stavanger–Oslo, herunder utrede dobbeltsporede høyhastighetsbaner». No kan den siste formuleringa om å «utrede dobbeltsporede høyhastighetsbaner» tolkast som at partiet eigentleg ikkje vil ha slike jarnbaner lenger. Men kvifor spørja etter utgreiingar på felt der utgreiingane alt står i kø?

Økonomiprofessor Steinar Strøm var med på å kvalitetssikra den førre og særs omfemnande utgreiinga av hurtigtog. Han skriv: «Konklusjonene var de følgende: Det ville bli vanvittig dyrt. Kapitalkostnaden per meter bane (2012 priser) var 504.000 kr Oslo–Trondheim, Oslo–Bergen fra 640.000 til 695.000, avhengig av trasevalg, Oslo–Stavanger 716.000, og 704.000 fra Stavanger til Bergen. Totale risikojusterte investeringskostnader ble anslått til 1173 milliarder kr. I 2012 var dette litt mer enn de totale utgiftene på statsbudsjettet. Hvis disse investeringene skulle finne sted, måtte mange andre offentlige utgifter reduseres og/eller oljefondet ville ha blitt kraftig tappet. Grunnen til de høye kapitalkostnadene var at tunnelprosenten var rundt 60, bortsett fra til Trondheim hvor den var 42 prosent.» Og la han til: «Pga all sement og betong som ville gå med i tunnelene, ville de samlede utslippene av CO2 først gå i null etter mer enn 60 år for banestrekningene samlet.»

Null økonomi

Det er i økonomisk tenking det skortar mest for MDG. Ja, dei vil greia ut litt om tog, men på dei fleste andre felt manglar dei heilt ein indre logikk mellom dei ulike tinga dei vil oppnå, og der skal det heller ikkje hentast inn fagbaserte utgreiingar. Hovudmåla ligg fast: redusert arbeidstid, enorm teknologisatsing og avvikling av oljenæringa dei neste 14 åra. MDG seier at 95 prosent av utsleppa frå Noreg skal bort innan 2035 og 80 prosent innan 2030 samanlikna med 1990, då Noreg sleppte ut omtrent like mykje som i dag. Og alt skal takast «fra norsk territorium». Der rauk EUs kvotesystem. 

Det fyrste vi her lyt hugsa, er at 9 og 14 år faktisk er kort tid. Eg, til dømes, har ein dieselbil som eg ser på som nokså ny, og som hadde gått 80.000 kilometer då eg kjøpte han i fjor. Bilen har ikkje rust, og verkstaden seier at slike bilar fint kan gå minst 300.000 km. Bilen er sju år, og eg vonar eg kan ha han i 10–15 år til. Dieselbilar varer lenge. Dessutan liker eg denne vesle Ford Fiestaen. Eg vil ikkje nytta pengar på ein ny bil. Det er særs mykje godt brukande mekanisk utstyr og solide transportmiddel som må kastast om vi skal nå 2030- eller 2035-målet, og det frå eit parti som vil ha slutt på sløsing.

Dessutan vil slike klimamål i høve til Noregs storleik krevja ei økonomisk satsing med få sidestykke i verdssoga, ei satsing som undervegs vil måtta føra til enorme utslepp av CO2, for her skal det verkeleg byggjast, borast og skytast på kort tid. Dette skriv dei om norsk industri, og det same skriv dei om ei rekkje andre felt i økonomien, og det altså samstundes som vi skal arbeida kortare og ganske snart leggja ned olje- og gassindustrien: MDG vil «at den norske fastlandsindustrien skal ha null utslipp av klimagasser innen 2035. For å få til dette vil vi gjennomføre en storstilt satsing på karbonfangst og -lagring (CCS), hydrogen fra fornybare energikilder og satse på fornybart råstoff og brensel». Og ein av måtane dei vil gje industrien meir energi på, er gjennom «flytende havvind».

Umogleg

Lat oss skalera litt opp, og desse tala har eg henta frå Vaclav Smil, Bill Gates’ favorittforfattar og utan tvil ein av dei fremste energiekspertane i verda. Og hugs at MDG altså vil «gjennomføre en storstilt satsing på karbonfangst og -lagring», og det på særs kort tid. 

Kvart år vert det pumpa opp, transportert og raffinert 5 milliardar kubikkmeter med olje globalt. Lat oss seia at vi har eit ynske om å fanga, raffinera og lagra 6 milliardar kubikkmeter CO2. Det utgjer 15 prosent av utsleppa i verda. Sagt på ein annan måte: For å redusera dagens utslepp med 15 prosent må vi byggja opp ein større infrastruktur for karbonfangst enn heile verdas produksjons- og lagringsline for olje. Oppbygging av ein slik infrastruktur vil i seg sjølv føra til ekstreme CO2-utslepp.

Men vi kan faktisk omsetja desse tala til norske tilhøve: Stortinget har vedteke å satsa på det såkalla Langskip-prosjektet. Noreg slepper i dag ut om lag 50 millionar tonn CO2-ekvivalentar i året. Langskip-satsinga handlar om at Noreg skal fanga 400.000 av dei 800.000 tonna som Norcem slepper ut frå anlegget i Telemark. Når CO2-en er fanga og pressa i hop i eit svært anlegg, skal han fraktast med tankbåtar til Vestlandet og deretter pumpast ut og ned i sokkelen.

Satsinga, vonar regjeringa, skal kosta 25 milliardar dei fyrste ti åra inkludert investeringar. Staten tek ei direkte rekning på 17 milliardar, langt meir om vi reknar med skattefrådrag. Ingen veit når prosjektet er ferdig. Men vi er langt inni dei 14 åra MDG gjev norsk industri på å verta utsleppsfri, før infrastrukturen står der, og det for eit så marginalt prosjekt som å fjerna 400.000 tonn.

Flytande havvind

Kva med flytande havvind? Også der har vi norsk empiri. Hywind Tampen er eit pilotprosjekt ute i Nordsjøen. Budsjettet er på 5 milliardar. Gjennom subsidiar og skattefrådrag tek skattebetalarane 4,85 milliardar av rekninga. Installert effekt vert på 88 MW. Samla installert effekt i norsk kraftproduksjon er i dag knapt 38.000 MW.

Eg skreiv i fjor ei bok om eit mellomstort kraftverk inst i heimfjorden, Tussa kraftverk. Det har ein installert effekt på 60 MW og leverer nesten like mykje straum som Hywind Tampen kjem til å gjera, ein straum som i motsetnad til flytande havvind kan regulerast. Kostnaden ved utbygginga av Tussa i dagens pengar var vel 300 millionar kroner. Her skal vi berre kort nemna at det aller meste av energien som vert nytta til å produsera hydrogen, går tapt og kostar store summar.

Sagt rett ut: Om MDG vil gjera norske industri utsleppsfri gjennom havvind, hydrogensatsing og karbonfangst utan at svært mykje av den same industrien vert lagd ned undervegs dei neste 14 åra, vil det krevja så mykje pengar og så redusert levestandard at det er umogleg å førestilla seg. I tillegg kjem utsleppa, til dømes frå sementproduksjon.

Som Tina Bru sa då ho kunngjorde at Hywind Tampen kom: «Hywind Tampen blir bygget ved bruk av vår stolte betongtradisjon og med norske aktører i sentrale roller.» Hywind Tampen vert elles verdas største flytande havvindprosjekt. Det kjem altså til å produsera straummengder som eit tilfeldig og nokså lite magasinkraftverk i ein liten fjord på Vestlandet. Dette er verkeleg produktivitets- og velstandsnedgang i stor skala. 

Uendeleg med pengar

Ja då, MDG vil nytta mykje meir pengar på langt fleire ting enn berre klima. Heller ikkje andre stadar tek dei omsyn til at ressursar er avgrensa. Men sidan dei fyrst kallar seg eit miljøparti, har eg konsentrert meg mest om korleis dei vil få ned utsleppa i Noreg. Svaret er at dei vil bruka fantastiske mengder med oljepengar og nytta betong og diesel som ingen andre. Bygg- og anleggssektoren står for 40 prosent av verdas samla CO2-utslepp. Med MDG skal utsleppa verta større.

Nemnde eg at dei òg vil ha jarnbane til Tromsø? Skal Noreg byggja alt det MDG vil byggja, kjem Noregs klimautslepp til å auka drastisk i tiår framover, og det frå eit parti som seier dei vil ha ned utsleppa med 80 prosent om 9 år og med 95 prosent om 14 år.

Vegen til nullutsleppssamfunnet til MDG er brulagd med klimagassar og betong. Dei er sterke i trua, Miljøpartiet Dei Grøne. Men til paradis kjem dei som brulegg med noko anna enn gode intensjonar og utslepp.  

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei vil bruka fantastiske mengder med oljepengar og nytta betong og diesel som ingen andre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis