JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Vondt blod og vilje til makt

Frykt for Nato kan ikkje forklare det russiske åtaket på Ukraina, meiner russlandskjennar Kåre Johan Mjør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Prorussiske aktivistar i byen Donetsk feirar anerkjenninga av utbrytarrepublikken med fyrverkeri på kvelden 21. februar.

Foto: Aleksander Ermotsjenko / Reuters / NTB

8915
20220225

Ukraina-krisa

I vinter har Russland samla store styrkar i nærleiken av grensene mot Ukraina

Russland har òg flytta styrkar inn i nabolandet Kviterussland

USA har dei siste vekene åtvara om at Russland førebur eit åtak på Ukraina

Sidan 2014 har russiskstøtta separatistar kontrollert delar av dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk

Denne veka anerkjende Putin desse to områda som statar

Russland vil òg sende nye styrkar til Donetsk og Luhansk

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Torsdag morgon gjekk Russland til eit stort militært åtak på Ukraina frå fleire kantar. Invasjonen kjem etter at president Putin tidlegare i veka anerkjende dei ukrainske utbrytarrepublikkane Donetsk og Luhansk og varsla at han ville sende militær støtte. Han kom òg med nye trugsmål mot Ukraina, og både Putin og utanriksminister Sergej Lavrov har hevda at Ukraina ikkje er ein legitim stat.

Den nye aggresjonen frå Kreml er vanskeleg å skjøne, meiner Kåre Johan Mjør. Han er russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av Russiske imperium frå 2017. I den boka trekte han dei lange linene frå byrjinga av det russiske imperiet og fram til annekteringa av Krim-halvøya i Ukraina i 2014. Den russiske framferda no er eit framhald av strevet for å utvide russisk makt i den gamle sovjetsfæren, meiner han.

– I talen sin på måndag verka Putin nærast rasande. Mykje av innhaldet var ting han har sagt før, men no sa han det med meir aggresjon, bitterheit og sinne. Talen der han kunngjorde invasjonen torsdag morgon, heldt fram i same stil. Det er vanskeleg å skjøne kva som har skjedd i seinare tid som kan forklare dette, seier Mjør.

Han viser til at konflikten mellom Russland og Ukraina har vore fastlåst sidan 2014, da Russland erobra Krim og russiskstøtta separatistar tok kontrollen i store delar av dei austlege ukrainske fylka Donetsk og Luhansk. Krigen der har truleg kosta mellom 13.000 og 14.000 liv, men frontlina er nær uendra sidan 2015.

Opne truslar

Mjør vegrar seg for å spå om kva dei neste russiske trekka kan bli, eller kor langt Putin er villig til å gå.

– I første omgang tolka eg Putin slik at han ville anerkjenne Donetsk og Luhansk langs dagens frontliner. Deretter kom signala om at anerkjenninga gjaldt heile Donetsk og Luhansk fylke, noko som ville vere ei dobling av arealet separatistane held. No ser det ut til at invasjonen gjeld heile Ukraina.

– Kan det tenkjast at han vil erobre ein korridor sørover til Krim-halvøya?

– Det er i alle fall ikkje utenkjeleg. Om Russland tek heile Donetsk, er det ikkje så langt att til Krim.

–?Putin snakkar om russarar og ukrainarar som eitt folk. Det kan tolkast som at han vil at landa skal bli éin stat?

– Det er ein mogleg konsekvens av det Putin seier. Og i talen sin måndag bygde han nærast opp ein argumentasjon for at Russland har rett på heile Ukraina. Men samstundes har han ridd to hestar. Putin har tidlegare sagt at grensene mellom landa er teikna feil, særleg i Donbass, som han meiner er russisk. Men det inneber jo i så fall at Ukraina er noko anna enn Russland. Ut frå den logikken kunne det halde å endre grensene mellom landa. Den siste utviklinga tyder likevel på at det er heile Ukraina som ifølgje Putin er «russisk land».

Vanlege synspunkt

– I beste fall kunne ein håpe at Putin ville nøye seg med å sikre seg Donetsk og Luhansk, for å blokkere for at Ukraina kan bli Nato-medlem i framtida?

–?Ja, men det var jo alt uaktuelt i og med at Aust-Ukraina ser ut som det gjer. Nato kan ikkje ta opp ein ny medlemsstat med væpna konflikt på eige territorium, og slik har det vore lenge i Ukraina.

– Mykje av det Putin seier om Ukraina, kan verke ekstremt for oss. Men det er ikkje like ekstremt i ein russisk kontekst?

– Nei, i alle fall ikkje i konservative, regjeringsvenlege krinsar i Moskva. Store delar av det russiske parlamentet og mange andre i det politiske miljøet i Russland deler slike oppfatningar om Ukraina. Mykje av dette tankegodset sirkulerer i russisk debatt. Og det er ikkje alltid Putin som kjem med ideane først. Mange av tankane han artikulerer, kjem frå andre. Men han likar sjølv å framstå som ein politisk tenkjar.

Makta rår

I den norske debatten har somme heilt til no hevda at den russiske oppførselen no er av defensiv karakter, og at USA og Nato er å klandre for spenninga. Alt på Nato-toppmøtet i 2008 vart det opna for framtidig medlemskap for Ukraina, og russarane ser på ein mogleg ukrainsk Nato-medlemskap som eit trugsmål. Mjør er skeptisk til den forklaringa.

– Alt dette kan ikkje forklarast med eit offensivt Nato, og ukrainsk Nato-medlemskap stod ikkje på dagsordenen no. Heller ikkje Euromaidan-revolusjonen i 2014 handla om dette. Eg tippar at konflikten mellom Russland og Ukraina ville ha kome uavhengig av Nato-spørsmålet.

Den som forklarer konflikten no med Russlands legitime trong for tryggleik, ser samstundes vekk frå ønska til ukrainarane, meiner Mjør.

– Det er same stormaktsperspektivet som Kreml har: Dei mindre statane får ikkje ha nokon eigen vilje. Ein kan hevde det var uklokt å opne for at Ukraina skulle kunne bli Nato-medlem. Men det prinsipielle spørsmålet er: Skal mindre nasjonar få bestemme lagnaden sin sjølv, eller skal stormaktene bestemme for dei?

Utvida makt

Vel så viktig som frykta for Nato er Putins ambisjonar om å vinne attende makt i nærområda, meiner Mjør.

– Putin har gåande eit prosjekt med å utvide maktsfæren til Russland, og det har vore openbert lenge. Han vil gjere Russland større og sterkare enn det var da han tok over, og gjenreise stormaktstatusen. Putin ønskjer å gjenopprette eit russisk hegemoni i det postsovjetiske området, og det største prosjektet hans har vore den eurasiske økonomiske unionen, seier Mjør.

Den unionen vart oppretta i 2014, som eit austleg motstykke til EU, og medlemslanda i dag er Russland, Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan og Armenia. Håpet om å få med Ukraina brast da den Moskva-venlege presidenten Viktor Janukovitsj vart styrta i 2014. Kort tid etter kom annekteringa av Krim og den russiskstøtta oppstanden aust i Ukraina.

– Ukraina var tiltenkt ei nøkkelrolle i unionen, og noko av sinnet Putin har mot Ukraina, kan truleg sporast dit. Vi har sett før at Ukraina spelar ei heilt spesiell rolle for Russland, seier Mjør.

Spesielt forhold

Han peikar på at den såkalla oransjerevolusjonen i Ukraina i 2004, da ukrainarane protesterte mot valjukset til president Janukovitsj, vekte mykje sterkare reaksjonar i Russland enn at dei tidlegare sovjetrepublikkane Estland, Latvia og Litauen vart Nato-medlemer same året.

– Ukraina er noko spesielt for Russland og for Putin, det viser seg igjen no. Mykje tyder på at Putin faktisk trur på si eiga forteljing om at russarar og ukrainarar er eitt folk.

– Det stemmer jo at desse folka er tett samanvovne?

–?Ja, det er nære band mellom landa. Sidan 2014 har nok fleire fått meir fiendtlege haldningar, men russarar og ukrainarar er framleis naboar med mykje sams historie. Og mange trur at dette vil hindre ein storkrig mellom dei. Rett nok er det mange russarar som deler Kreml-forteljinga om at Vesten har skulda for det som har skjedd i Ukraina. Men det inneber ikkje at russarar flest ønskjer krig. Annekteringa av Krim i 2014 var populær i Russland, men eg tviler på at ein stor krig i Ukraina vil ha same effekt.

– Men etter alt som har skjedd, har truleg Putin støytt frå seg dei fleste ukrainarar for godt?

– Ja, og slik sett er det vanskeleg å forstå kva han ville med talen sin på måndag. Kvifor var han så nedlatande? Han sa at Ukraina ikkje var ein legitim stat, han kalla det eit utan land tradisjonar, eit land som ikkje burde vere sjølvstendig. Samtidig prøver han altså å appellere til ukrainarane. Det er litt vanskeleg å sjå kva han kan oppnå no.

–?Det verkar no uunngåeleg at ukrainarane vil orientere seg vestover, om da ikkje Putin erobrar heile landet?

– Eg ser ikkje korleis det kan bli annleis. Og om russarane skal okkupere heile Ukraina, ville det bli kampar i lang tid framover, og det ville ikkje vere populært i Russland.

Storspelar

Da står ein plausibel motivasjon att for spelet Putin driv i Ukraina, meiner Mjør: å sikre seg posisjon som ein av dei store spelarane i internasjonal politikk.

– Stormaktsambisjonane er viktige for Russland. Putin ønskjer å vere leiar for ei makt som alle må rekne med, og dei siste vekene har vestlege statsleiarar stått i kø for å møte han. Dette er noko Kreml likar. Putin vil ikkje snakke med leiarane i Ukraina, men med leiarane i stormaktene i Vesten. Dette ønsket om anerkjenning kan vere ei drivkraft. Og om du skal vere ei stormakt, må du ha ein interessesfære der du hevdar makta di, seier Kåre Johan Mjør.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I talen sin måndag verka Putin nærast rasande.

Kåre Johan Mjør, russlandskjennar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis