Utanriks
Vel orda dine
Det russiske språket vil ikkje forsvinne som emne frå media og det politiske rommet, for no er Russland klart til å forsvare alle russisktalande, ikkje berre russiske, overalt i verda.
Politikar og krimtatar Nariman Djelal er politisk fange.
Foto: Petr Perepechenko
Kjenner du reglane for å brevveksle med politiske fangar? Det gjer eg. Eg brevvekslar med Nariman Djelal, ein politisk fange som er krimtatar. Han er ein politikar som aldri har lagt skjul på at han er kritisk til anneksjonen av Krim, men vart halden for å vere svært moderat blant kollegaene sine.
Han vart arrestert i september i fjor, etter å ha vendt attende frå Kiev, der han hadde delteke i det første møtet i den internasjonale «Krim-plattforma». Det er ein organisasjon som freistar få Krim attende til Ukraina med diplomatiske middel. Ifølgje russisk tradisjon får dei som ikkje er samde i Putins politikk, planta på seg narkotika eller granatar, så vert dei skulda for narkohandel eller terrorisme.
Nariman Djelal, til liks med det store fleirtalet av arresterte krimtatarar, vart skulda for terrorisme. Han og Akhmetov-brørne er skulda for å ha freista sprengje ei landsens gassleidning – det vil seie at dei har planlagt eit åtak på den allmektige russiske gassen.
Så eg skriv eit brev til Nariman Djelal med penn og papir, tek eit bilete av det og sender det via WhatsApp til kona hans, Leviza. Ho skriv det ut og leverer det til mannen sin i fengselet via ein advokat. Han skriv eit svar, sender det til kona via ein advokat, og ho, som så har fotografert det, sender det til meg på WhatsApp.
Mange frå Ukraina og andre land skriv til Nariman Djelal i fengselet. Ikkje alle breva når han, for dei fleste sender breva til fengselsadressa. Der vert dei opna, og det blir avgjort kva brev han skal få og ikkje få. Hovudregelen for russiske fangar er at brev berre kan skrivast på russisk. Elles vert dei straks makulerte, og adressaten får dei sjølvsagt ikkje.
Dette gjeld òg for utanlandske fangar i russiske fengsel, også dei som ikkje kan russisk. Eg skriv brev på russisk, som er morsmålet mitt. Morsmålet til Nariman er krimtatarisk, men som alle innbyggjarane på Krim kan han flytande russisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.