Ukrainsk såpeopera
Medan ukrainske og russiske TV-sjåarar lo framfor TV-skjermane, gjekk dei første av ei rad samtalar om Ukraina mellom USA og Russland føre seg i Genève.
Petjerskij-distriktet i Kiev er det politiske hjartet i Ukraina. Innanfor arealet til eitt eller to kvartal finst regjeringskontora, parlamentet, presidentens kontor og mange andre viktige styringsinstitusjonar.
Foto: Wikipedia
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Busett i Kiev i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunion.
Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.
Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Det høgste fjellet i Ukraina ligg i Karpatane og heiter Hoverla. Det er 2061 meter høgt. Men det viktigaste fjellet ligg i Kiev. Det er Petjerskij-høgda på berre 195 meter. Petjerskij-distriktet i Kiev, på høgda med same namn, er det politiske hjartet i Ukraina. Her, innanfor arealet til eitt eller to kvartal, finst regjeringskontora, parlamentet, presidentkontoret og mange andre viktige styringsinstitusjonar.
Blant alle departement og andre statlege organ har distriktsdomstolen i Petjerskij hatt eit særleg dårleg rykte i over 20 år. Det var dommaren i denne retten, Rodion Kirejev, som i oktober 2011, på direkte ordre frå administrasjonen til president Viktor Janukovitsj, dømde Julia Tymosjenko til sju års fengsel og ei bot på 150 millionar dollar for å ha skadd Ukraina ved å skrive under på ein «gassavtale» med Russland.
Den tidlegare ukrainske presidenten Viktor Janukovytsj hadde to sterke kjensler for Julia Tymosjenko: frykt og hat. Etter sigeren til 2014-opprøret Euromaidan flykta dommar Kirejev frå Ukraina til Moskva. No arbeider har som sakførar der.
Eit toppunkt
Samstundes flykta Viktor Janukovitsj sjølv til Moskva saman med den servile sjefaktoren sin, Viktor Psjonka, og fleire hundre andre embetsfolk, dommarar og militære leiarar. Men Petjerskij distriktsdomstol vart verande og står igjen i nær kontakt med presidentkontoret – denne gongen til ein annan president, Volodymyr Zelenskyj.
Den 6. januar, på julaftan (etter den julianske kalenderen, red. merk.), medan president Zelenskyj stod på ski i dei karpatiske fjella, tok Petjerskij distriktsdomstol arrest i eigedomane og verdiane til den femte ukrainske presidenten, Petro Porosjenko.
Krigen mellom den sjette og den femte presidenten har nådd eit toppunkt. Det vart òg utferda ein arrestordre på Petro Porosjenko sjølv. Sant nok, for ikkje å underteikne denne ordren personleg, drog Ukrainas sjefaktor, Irina Venediktova, på ferie for ein dag. I staden vart arrestordren på Petro Porosjenko den dagen underteikna av fullmektigen hennar, som må stå til ansvar for underskrifta i all framtid.
I eksil
Petro Porosjenko sjølv er framleis i Polen, men lovar å vende attende i andre halvdelen av januar. Som røynd politikar skjønar han at ikkje å returnere er det same som å vedgå at han er skuldig. Endatil i dag er Porosjenko leiar av opposisjonen og formann i det nest mest populære politiske partiet, Europeisk solidaritet.
Oppgåva for Porosjenko er difor å gjere ein storslått retur til Ukraina og bruke den moglege arrestasjonen til fordel for den politiske kampen han kjempar for å vinne makta attende. Offisielt er Porosjenko skulda for «høgforræderi» og – meir spesifikt – for «å finansiere terrorisme».
Denne skuldinga er grunna på det faktumet at han godkjende kjøp av kol til dei ukrainske kraftverka direkte frå separatistane i Donbass. Det gjorde han i ei tid da kraftverka sårt trong kol. Etter annekteringa av Krim og krigsutbrotet i Donbass vart nesten alle kolgruvene i Ukraina liggjande i områda som var tekne av separatistane. «Separatistkol» vart levert med tog gjennom russisk territorium medan krigshandlingar heldt fram ved fronten.
Tre fiendar
Historia om utferdinga av ein arrestordre mot Petro Porosjenko minner oss om rettssaka mot og arresten av Julia Tymosjenko. Det er likevel ein aldri så liten forskjell. I 2011 var det berre Viktor Janukovytsj som frykta og hata Tymosjenko, medan Porosjenko har tre høgtståande fiendar på ein gong: Volodymyr Zelenskyj, oligarken Igor Kolomoisky og presidenten i Den russiske føderasjonen, Vladimir Putin, som nektar blankt ikkje berre å møte, men endatil snakke med Porosjenko på telefonen.
Den tidlegare ukrainske ambassadøren til USA (2015–2019) Valerij Chaly ymta i eit intervju om at arrestasjonen av Porosjenko er eitt av vilkåra Kreml har for å stelle til eit møte mellom Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj.
Hittil har alle freistnadene frå Zelenskyjs side på å få til ein telefonsamtale, for ikkje å snakke om eit møte med Putin, ikkje ført til noko som helst. Men Porosjenko er ikkje arrestert enno. I alle tilfelle vil ein ny episode i serien «Forfølginga av den femte presidenten» snart vere å sjå på alle ukrainske fjernsynsapparat.
Ser til Kasakhstan
I mellomtida ser ukrainarane storøygde på det som skjer i Kasakhstan, og diskuterer utviklinga ivrig.
Protestane i Kasakhstan vekte den revolusjonære ånda i Ukraina, og dei mest sofaradikale analytikarane byrja føreseie eit Euromaidan for Kasakhstan med vidare demokratisering og ein sigerrik kamp mot korrupsjon.
Men Russlands spontane reaksjon sette ein stoppar for alt snakk om siger og den store sentralasiatiske nasjonens strålande framtid. På førespurnad frå presidenten i Kasakhstan gjekk dei «fredsbevarande styrkane» i Collective Security Treaty Organization, som omfattar Russland, Kviterussland, Kasakhstan, Armenia, Kirgisistan og Tadsjikistan, inn i Kasakhstan. Det har fått alle til å tenkje nøyare igjennom kva det er som skjer i Almaty og Astana.
Mange kritiske røyster har alt reist seg i Kiev mot dei ukrainske styresmaktene, som enno ikkje har kome med ei offisiell støttefråsegn til den kasakhstanske revolusjonen. President Zelenskyj eller andre frå leiarskapen i landet har så langt ikkje eingong kommentert hendingane som går føre seg.
På den andre sida reiste parlamentsmedlem Jevgenij Sjevtsjenko, som er lite kjend utanfor Ukraina, straks til hovudstaden i Kasakhstan, der han har sagt at han ventar på innmarsjen av russiske troppar, ettersom han ikkje trur at president Tokajev er i stand til å ta kontroll over situasjonen.
Prorussiske haldningar
Jevgenij Sjevtsjenko kom inn i parlamentet med Zelenskyj-partiet Folkets tenar, og dessutan var han i 2019 rådgjevar for presidentkandidat Zelenskyj. Han la aldri skjul på prorussiske og antiamerikanske haldningar. I fjor vart han berømt i Ukraina da han, midt under kviterussiske protestar, drog til Minsk og oppmoda kviterussarane om å tilgje syndene til Aleksander Lukasjenko.
Der, i Minsk, møtte han Lukasjenko i presidentpalasset og gav uttrykk for støtte til han, noko som forvirra mange ukrainarar og kviterussarar. Det ukrainske samfunnet stilte nokre sentrale spørsmål: Kven sende han til Lukasjenko? Kven uttrykte han støtte på vegner av: på vegner av parlamentet eller på vegner av presidenten?
Jevgenij Sjevtsjenko vart snøgt kasta ut av parlamentsgruppa til Folkets tenar-partiet, som slo fast at han hadde møtt Lukasjenko på eige initiativ. Han var no ein uavhengig parlamentarikar, og, syner det seg, leiar for ei gruppe med interparlamentariske band til Kasakhstan.
Det finst meir enn nok av slike «prorussiske» James Bond-typar i Ukraina. Det er ikkje noko brotsverk å ha eit prorussisk eller antiamerikansk syn – vi lever, trass alt, i eit demokratisk land. Likevel, å erklære desse haldningane offentleg etter annekteringa av Krim og utbrotet av krig i Donbass er ikkje comme il faut. Ifølgje dei seinaste målingane er opptil 20 prosent av veljarane framleis klare til å røyste for prorussiske parti i Ukraina, og dette samstundes med opphopinga av russiske troppar ved dei ukrainske grensene.
Letnad
At russiske troppar vart sende inn i Kasakhstan, vart forresten møtt med letnad hos somme ukrainarar. Dei tenkte at no, på grunn av Kasakhstan, ville Russland gløyme Ukraina for ei stund. Geopolitisk naivitet er enda eit ulykksalig trekk ved det ukrainske samfunnet.
Same dagen som overføringa av fallskjermtroppar til Kasakhstan tok til, sende det russiske kommunistpartiet eit lovframlegg til dumaen om anerkjenning av «Den donetske folkerepublikken» og «Den duhanske folkerepublikken». Duma-representanten Kasbek Taisajev, medlem av sentralkomiteen til kommunistpartiet i Den russiske føderasjonen, sa at han trudde denne lova ville bli vedteken, og at den okkuperte delen av ukrainske Donbass snart ville bli eit territorium kontrollert av Russland, til liks med Sør-Ossetia og Abkhasia.
TV-komedie
Ukrainske massemedium reagerte knapt på nyhenda om aktivitetane til den russiske dumaen. Tradisjonelt varar nyttårs- og juleferiane i Ukraina ein heil månad: frå St. Nikolas-dagen (19. desember) til Johannes’ openberring (19. januar). Denne månaden vitjar ukrainarane, på same viset som russarane, vener og familie. Dei held gjestebod og ser på TV. Denne gongen vert både ukrainarar og russarar underhaldne og muntra av Studio Kvartal 95, oppretta i 2003 av han som skulle bli president, Volodymyr Zelenskyj.
Fjernsynssjåarar på begge sider av den russisk-ukrainske fronten frydar seg over den sjuande sesongen av den superpopulære TV-serien Davay pozhenimsya! («La oss gifte oss») med ukrainske og russiske kjendisskodespelarar. I 2017 vart serien bannlyst i Ukraina da den leiande skodespelaren Fjodor Dobronravov målbar støtte til annekteringa av Krim. Dobronravov og to andre skodespelarar i serien fekk forbod mot å kome inn i Ukraina. Volodymyr Zelenskyj, som var produsent for serien på den tida, kritiserte forboda og avgjerdene til dei ukrainske tryggingstenestene.
Etter at Zelenskyj vart president i mai 2019, blei innreiseforbodet for Fjodor Dobronravov oppheva, det same vart forbodet mot å vise serien på ukrainske fjernsynskanalar. Den sjuande sesongen av Davay pozhenimsya! vart filma på «nøytral grunn» – i Kviterussland.
I Russland blir han vist på TV-kanalen 1, som er forboden i Ukraina på grunn av antiukrainsk propaganda. I Ukraina blir serien vist på 1+1, som er eigd av oligarken Igor Kolomoisky. Den russiske kanalen kjøpte visningsrettane til denne ukrainske serien via eit utanlandsk mellomledd. Direkte handel med fjernsynsinnhald med Russland er forbode i Ukraina.
Fråvær i forhandlingar
Medan ukrainske og russiske TV-sjåarar lo framfor TV-skjermen, gjekk dei første av ei rad samtalar om Ukraina mellom USA og Russland føre seg i Genève. Partane gjorde nok ein gong greie for posisjonane dei tidlegare hadde annonsert. Få trur at USA og Russland vil kome med innrømmingar til kvarandre.
Dei planlagde tre møta mellom Nato og Den russiske føderasjonen skal rett og slett forlenge «tida for diplomati» og utsetje moglege militære aksjonar til seinare. I mellomtida er dei ukrainske leiarane enda ein gong uroa over fråværet av ukrainsk representasjon i forhandlingar om Ukraina.
Sjefen for presidentkontoret i Ukraina, Andrij Jermak, har sagt at han i nær framtid skal møte den russiske hovudforhandlaren, nestleiaren i den russiske presidentadministrasjonen, Dmitrij Kosak. Han nemnde òg eit mogleg møte mellom Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj i Beijing under OL.
Dette siste har skapt bekymring blant fleire ukrainske politiske ekspertar. Det er jo slik at USA og somme europeiske land har erklært politisk boikott av Beijing-OL, det vil seie at kva møte som helst mellom dei russiske og ukrainske presidentane er nøydt til å følgje det russiske scenarioet, særleg om møtet går føre seg utan representantar frå Tyskland, Frankrike eller USA. Utan deira deltaking er forhandlingar mellom Russland og Ukraina om Ukraina mykje farlegare enn forhandlingar mellom Russland og våre vestlege allierte utan Ukraina.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj tenkjer heilt sikkert på dette medan han står på ski og snøbrett i Karpatane, i Ukrainas beste skisenter, Bukovel, 30 kilometer frå Hoverla, den høgste fjelltoppen i Ukraina.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sendinga av russiske troppar inn i Kasakhstan vart møtt med letnad hos somme ukrainarar.
Geopolitisk naivitet er enda eit ulykksalig trekk ved det ukrainske samfunnet.
Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.