JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Trur demokratiet overlever i USA

Er demokratiet i USA truga? Landet har lenge levd med konflikt og heterogenitet og vil kunna takla problema, meiner professor i statsvitskap David Mayhew.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trump-veljarar meiner framleis at presidentvalet i 2020 vart «stole».

Foto: Stephen M. Dowell (/ AP / NTB

6975
20220204
6975
20220204

USA

bernt.hagtvet@stv.uio.no

Professor David Mayhew ved universitetet Yale i New Haven i Connecticut har brukt all si tid på å studera det amerikanske politiske systemet. No for tida er media fulle av spådomar om eit komande samanbrot for det amerikanske demokratiet. Som statsvitar kommenterer han slike utsegner på dette viset:

– Samanbrot? Eg tvilar på om vi står framom eit «samanbrot». Vi ser ein god del polarisering, men veljarane i USA har ikkje mykje sans for ekstremisme. Grunnlova i USA er nokså god til å førebyggja og svekkja konfliktar. Lova vart konstruert nett for det på 1700-talet. Dei einskilde delstatane, og ikkje minst byane, har monaleg breitt politisk handlingsrom. Maktfordelingsordningar er på plass også på føderalt nivå. Alle veit at kontrollen med Kongressen rutinemessig vekslar mellom partia, og at å vinna det neste valet er den beste løysinga på politisk usemje.

– Om ein likevel skulle førestilla seg eit samanbrot: Korleis kunne ein tenkja seg eit scenario i den retninga?

– Uttrykket «samanbrot» er ein metafor, og slike mentale bilete kan lett føra oss på ville vegar og bli misleiande. Ord som «erosjon» og «forvitring» høyrer me også.

Farefulle teikn

Mayhew vedgår at han ser farefulle teikn. Tilliten til amerikanske politiske institusjonar er på eit botnnivå, og polariseringa – i tydinga avstand mellom partia – er på høgste nivå.

– Me ser òg eit scenario som går ut på å venta seg ein sterk mann. Sterke maktpersonar ser ut til å ha store fylgjarskarar ute i verda nett no. Veljarane i USA kan bli så skitlei bråket kring demokratiet at dei vel ein heilt annan modell. Krisa for dei parlamentariske demokratia i Europa på trettitalet ligg nær å tenkja på i denne samanhengen. Oppløysinga kan ta tid. Langvarig militær konflikt med Russland, Kina eller Iran kan føra til ein opphoping av makt sentralt i USA. Kuppliknande planar med generalar i førarsetet er ikkje sannsynleg i USA. Få likar tanken på slikt blant folk eller i det militære.

– Kva om vi får meir vald og ulike former for okkupasjon av typen me såg til dømes i den andre republikken i Spania på trettitalet?

– Ei slik undergraving kan utløysa drastiske motaksjonar av borgarkrigsliknande karakter. Sentralt her er trugsmål mot den offentlege orden som kan gje påskot til å gripa inn for å «berga landet». Det har vore teikn til dette i USA, seinast 6. januar i fjor. Det var akkurat denne type kaos som var utløysande for borgarkrigen i Spania. Men denne uroa var sjølvsagt symptom på djupe strukturelle problem i det landet, til dømes mellom proletariat og arbeidsgivarar, mellom landlause bønder og godseigarar og mellom sekulære og kyrkja. Dette er eit heilt anna konfliktmønster enn i dagens USA.

Kongresstorminga

Mayhew meiner det var rett at Donald Trump vart stilt for riksrett og dømd for å ha hissa opp mobben i Washington før storminga av Kongressen 6. januar 2021.

­– Likevel ser eg ikkje noko prov på at Trump og venene hans planla eller venta ein invasjon av Kongressen. Kongresskommisjonen som undersøkjer det som hende, ser ikkje ut til å skriva under på tesen om at Trump planla eit kupp. Framfor alt mangla Det kvite huset under Trump ressursane til å gjennomføra eit kupp. Dessutan var tilstanden i Det kvite huset under Trump på slutten så kaotisk, underlagd impulsivitet, og så gjennomsiktig – alle lak heile tida, at det ikkje var vilje eller ressursar til eit kupp.

– For mange her i Europa er det ikkje til å tru at så mange amerikanarar framleis meiner at valet i 2019 var rigga og stole. Kan du forklara oss kvifor?

– Vel, det er mykje dumskap der ute, og Trump pustar på elden heile tida. Det er mest republikanar som er inne i denne glasklokka. Ordet stolen kan ha mange tydingar. Det kan tyde svindel juridisk forstått. Men det kan òg forståast meir saftig, så å seia, i ljos av dei reglane som delstatane stod for etter covid-19 smittespreiinga i 2020. Då galt det å gjera det lettare å røysta.

Fordi det vart lettare å røysta utan sjølv å møta fram ved urnene, meinte Trump det vart opna rom for valfusk og svekt kontroll.

– Trump hevdar at demokratane nytta seg av covid-19 for å endra valreglane til sin fordel. Men ingenting tyder på at lettare tilgang til å røysta har påverka resultata på dramatisk vis. Når det er sagt, er det likevel alvorleg at så mange ser ut til å tru på ideen om «stolne» val. Merk også at 2020 var det andre valet på rad der mistanken om «illegitimitet» hang over resultatet ei lang stund. I 2016 var det mistanke om russisk innblanding som kasta skugge over resultatet. Ikkje bra!

Splitta parti

– Det demokratiske partiet er splitta mellom ei moderat og ei progressiv fløy. Vil dei riva kvarandre i sund?

– Nei. Demokratane vil måtta tilpassa seg indre spenningar som alle må støtt og stadig. Partiet vil alltid ha både ei moderat og ei progressiv retning. Ikkje noko nytt der. Hugs at den avgjerande vegen til å vinna val i USA er primærvala på lokalt, statleg og nasjonalt nivå. Alle som vil, kan melda seg på og vona å få eit godkjenningsstempel frå partiet.

– Mange bøker framstiller USA som ein fastfrosen stat som på grunn av maktfordelingssystemet i grunnlova er ute av stand til å reformera seg sjølv. Er det treffande?

– Noko ein alltid må ha i mente, er at USA er svært stort og heterogent. Ikkje samanlikn USA med Noreg, men med EU, som strekkjer seg frå Danmark til Ungarn. Djupe skilnader må tilpassast og handsamast. I dag er det mange skilnader som vert handsama gjennom desentralisering.

Desentralisering

Mayhew fortel at han nyleg las ein artikkel frå Florida om å vandra rundt i delstaten.

– Der var poenget desentralisering: Kor dramatisk annleis det var å vera der samanlikna med til dømes i New York. I Florida er det nesten ikkje skatt, og ein merkar ikkje mykje til covid-19-reguleringar. Slik er det ikkje i New York. I desse delstatane er det med andre ord skilnader som går djupt ned i kvardagslivet, og som vert handsama gjennom desentralisering. Gløym heller ikkje, som eg alt har nemnt, at det amerikanske systemet vart skapt for 250 år sidan for å handtera desse utfordringane.

Konflikt og heterogenitet låg langt framme som utfordringar på grunnlovkonvensjonane på delstatsnivået, som førte fram til den nasjonale konstitusjonen i 1781, meiner han.

– Det er ikkje til å undrast over. Kva kunne vera meir heterogent enn den amerikanske republikken som i 1790 var halvt ein slavestat og halvt ein stat av frie borgarar – utan at småfolk og kvinner skulle ha så mykje dei skulle ha sagt? Alt frå byrjinga var det eit skarpt medvit om kor skjør politikken kan vera i slike heterogene samfunn. Men fastfrosen? Det trur eg ikkje treffer så godt på USA.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg ser ikkje noko prov på at Trump og venene hans planla eller venta ein invasjon av Kongressen.

David Mayhew, professor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis