Utanriks
Mellom virus og krig
Tysdag forlét eg Kiev for å vere ein dag eller to i den vesle fritidsbustaden vår. Som vanleg hadde eg to mål med denne turen: å få arbeide i det stille og å sjekke korleis det stod til med varmtvasstanken.
Tillhengjarar av partiet til ekspresident Petro Porosjenko kom frå alle kantar av Ukraina utan frykt for politiet, som hadde ordre frå styresmaktene om å hindre bussane deira i å nå fram til hovudstaden 19. januar.Tillhengjarar av partiet til ekspresident Petro Porosjenko kom frå alle kantar av Ukraina utan frykt for politiet, som hadde ordre frå styresmaktene om å hindre bussane deira i å nå fram til hovudstaden 19. januar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTBFoto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Vêret er lunefullt denne vinteren. Temperaturen kan falle til minus ti eller minus tolv, for så å gå opp til null att. I slikt vêr må du anten late varmen stå på og vere budd på å betale for den brukte gassen, eller slå av varmtvasstanken, tappe ut vatnet frå røyr og radiatorar, og så stengje huset til våren kjem.
Naboen Tolik
Den eldste sonen vår ringde meg same kvelden og fortalde at han var smitta av koronaviruset. For å vere på den sikre sida valde eg å ikkje vende attende til Kiev for tidleg. Vindauget på mitt «landsens» kontor har utsikt til gardsplassen til naboen. Kvar dag, fleire gonger om dagen, går den pensjonerte naboen min, Tolik, til porten for å røyke. Han liker å seie hei til landsbyfolka som går forbi på gata. Nokre stoggar eit par minutt for å slå av ein prat. Han går aldri lenger enn til porten – dei verkande beina hans tillèt ikkje det.
Av og til går eg og pratar med han over gjerdet. I går, medan vi stod der og snakka, kom ein kar som bur nedst i gata vår, forbi.
– Godt nytt! var den forretningsmessige helsinga hans.
– No kan vi bere jaktriflene våre utan etui. Lova er godkjend på grunn av det militære trugsmålet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.