Utanriks
Kvart over tolv
Tida er overmoden for å sjå dei kalde realitetane i Palestina-konflikten i auga.
Når bustadblokkene eller mediesenteret i Gaza styrtar mot bakken og blir til grus, håpar vanlege folk at ikkje for mange menneske blir drepne. Uvanlege folk, derimot, dei hyllar Israels menneskelege innstilling, sidan dei sender SMS-ar til bebuarane, minutt før rakettane treffer.
Eg håpar ingen gløymde å setje mobilen til lading, slik at dei fekk meldinga som informerte om at dei ville bli drepne, saman med heile familien, når heimen deira blei sprengd og høgblokka rasa saman.
Vanlege folk blir opprørte, men samstundes er det nesten blitt rutine. Eg har sjølv mista oversikta over kor mange gonger Gaza er blitt bomba, og kor mange tusen som er blitt drepne, dei siste femten åra. Og det kjem garantert til å skje igjen. Situasjonen er heilt sementert, det er ikkje von i sikte.
Lat oss freiste å sjå kva det inneber, reint analytisk, for israelarar, for palestinarar og for oss.
I dag er det ingen med relevans – ingen ekspert, tenkjetank, organisasjon eller stat – som meiner at ei tostatleg løysing er realistisk. Konsensusen er massiv over heile det politiske spektrumet. Kanskje vil det endre seg ein gong, langt inn i framtida, men slik det ser ut no, er det nyttelaust å tenkje på fredsforhandlingar.
I dag er det dessutan plass att til ein palestinsk stat. Israel kjem framleis til å ta land og heim frå palestinarar, for å endre «fakta på bakken». Dette gjer ei fredeleg og forhandla løysing endå mindre sannsynleg i framtida enn ho er i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.