Utanriks
Imperiet slår attende
Dei som er mot undertrykking og imperialisme, bør halde att på sympatien for Vladimir Putin.
Som statsminister vann Vladimir Putin oppslutnad på heimebane med invasjonen i Tsjetsjenia i 1999. Her gjev han ein jaktkniv i gåve til ein russisk offiser 1. januar 2000.
Foto: AP / NTB
Russland har stilt opp ein hærstyrke på 100.000 mann i nærleiken av grensa til Ukraina, og spenninga i Europa har nådd høgder som minner om den kalde krigen. I det norske ordskiftet om krisa manar mange debattantar til forståing for det russiske perspektivet. Det er særleg politikarar og skribentar frå venstresida som meiner det er USA og Nato som ber det meste av skulda for den farlege situasjonen.
I Klassekampen 17. januar skreiv til dømes Ingrid Fiskaa, utanriks- og forsvarspolitisk talsperson i SV: «Russland har historiske erfaringar med angrep frå vest via Ukraina, seinast under andre verdskrig. Tanken om at det kan skje igjen, har ikkje blitt mindre aktuell etter dei siste tiåras utviding av USA si interessesfære i Europa, stadig lenger austover.»
I VG 11. januar skreiv Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom: «Når vår egen utenriksminister Anniken Huitfeldt eksplisitt påstår at det er Russland som har ansvaret for den økte spenningen, vitner det om historieløshet eller total ansvarsfraskrivelse.» Og Bjørgulv Braanen, politisk redaktør i Klassekampen, skreiv 1. februar om Russlands «legitime, nasjonale sikkerhetsbehov» og «den århundregamle russiske frykten for angrep fra vest».
Imperiemakt
Mange av dei som manar til forståing for Putin, viser til den russiske frykta for vestleg aggresjon. Russland vart invadert av Napoleon i 1812 og av Hitler i 1941, og Nato-utvidinga mot aust blir tolka som eit nytt vestleg trugsmål mot russarane. Dette argumentet kan ha noko for seg. Men det finst andre russiske perspektiv enn dette, og andre historiske erfaringar som er vel så godt eigna til å forklare Ukraina-krisa.
Russland er langt meir enn eit skremt offer for vestleg ekspansjon. Russland er verdas største stat og framleis ei militær supermakt. Det er òg ei gammal imperiemakt som ein gong herska frå Åland til Alaska, og forhistoria skin gjennom i oppførselen til Putin-regimet no. Trugsmåla mot Ukraina kjem frå ei stormakt som krev retten til å kontrollere dei tidlegare undersåttane sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.