JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

«Ikkje noko personleg!»

Dei fåfengde tingingane med Nato er over. Ettersom dei ikkje har oppnådd det ringaste resultat, vil Russland halde fram med å auke risikoen for krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Kiev markerer demonstrantar motstand mot politikken Vladimir Putin fører både mot Kasakhstad og Ukraina.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

12567
20220121

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kiev i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunion.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Sist fredag drog kona mi og eg for å vitje vener i landsbyen Germanivka, 65 kilometer sør for Kiev. Det bles kraftig, med vindkast opptil 20 meter i sekundet. Av og til verka det som bilen skulle blåse av vegen. I staden for den vanlege timen måtte vi køyre i nesten to timar på grunn av trafikkork i sentrum av Kiev.

Nett da vi tok av frå motorvegen, ringde vertinna, Julietta, og åtvara oss om at dei ikkje hadde straum i landsbyen.

– Truleg har vinden rive ned nokre kablar. Dei fiksar det snart, svara eg.

I Ukraina, som i alle andre land, kan sterk vind skape straumkutt på hundrevis av småstader, og folk er vande med det. Alle hus har eit lager av stearinlys og fyrstikker for slike høve.

Pusjkin

Da vi kom fram til venene våre, var dei framleis utan straum til lys og oppvarming. Så Julietta, mannen hennar og to felles kjende, Dasha og Katya, unge flyktningar frå Donetsk, sat med stearinlys på bordet og drakk vin og snakka om Pusjkin. Meir presist om det mest kjende verket hans, Eugen Onegin.

Julietta er afroukrainar. Far hennar var frå Afrika og kom til Sovjetsamveldet som student. Etter eksamen vende han attende til heimlandet og lét etter seg dotter si og mor hennar i Kiev. Mannen til Julietta, Arie, var ein av dei nederlandske forleggjarane mine. Han pensjonerte seg for nokre år sidan og overlét til ein ven å drive verksemda vidare. Det gjekk ikkje, og mot slutten av fjoråret stengde forlaget dørene.

I tillegg til å gje ut bøker har Arie omsett, og held fram med å omsetje, poesi og litt prosa frå ukrainsk og russisk til nederlandsk.

Russisk stipend

Gjennom eit nederlandsk forlag har Arie no motteke eit russisk stipend til ei ny omsetjing av versromanen til Aleksander Pusjkin: Eugen Onegin. I Russland ser dei på Pusjkins verk som sjølve ryggrada i nasjonallitteraturen. Det har òg framleis sin plass i det ukrainske skulepensumet, der russisk litteratur lenge har blitt undervist i som del av (den utanlandske) verdslitteraturen.

Det finst alt fire omsetjingar av Eugen Onegin på nederlandsk. Arie arbeider med den femte. Men Russland er ivrig etter å fremje den klassiske kulturen sin. Dei går truleg ut frå at eit kraftfullt kulturelt image er det beste motmiddelet mot eit ekstremt negativt og aggressivt image.

Den nederlandske haldninga til Russland er langt meir kritisk enn den ein finn i nabolanda Tyskland og Frankrike. I mars 2020, etter fleire år med etterforsking, opna Schiphol distriktsrett saka mot dei ansvarlege for nedskytinga av Malaysia Airlines’ rute MH17 med ein russisk Buk-rakett over Donbass. Rettssaka held fram.

Takka nei til pris

Dei seinaste omsetjingane av Eugen Onegin, Bronserytteren og andre verk til nederlandsk var det ein av dei mest kjende slavistane i Nederland, Hans Boland, som stod bak. Han brukte år på å omsette ei nesten komplett samling av dei lyriske verka til Aleksander Pusjkin. Da omsetjingane til Boland vart presenterte i 2013, sa den nederlandske utanriksministeren Frans Timmermans: «Dette er ei stor gåve til dei nederlandske lesarane. Det er òg ei stor gåve til det nederlandske språket.»

Boland hadde nokre tilsvarande sterke ord å seie da han i august 2014 avslo å ta imot den statlege russiske Pusjkinmedaljen for arbeidet sitt. Som grunn til å nekte å ta imot prisen, sa han: «Eg ville ha godteke æra som er synt meg, med takksemd, om det ikkje var for presidenten dykkar, framferda hans og tenkjemåten hans, som eg foraktar. Han utgjer eit stort trugsmål mot fridomen og freden på planeten vår. Måtte Gud gje at ’ideala’ hans vert fullstendig gjorde til inkje i nær framtid. All kopling mellom han og meg, hans namn og Pusjkins namn er fråstøytande og ikkje til å bere for meg.»

Eg er overtydd om at også Arie ville avslått Pusjkinmedaljen om den russiske staten hadde tilbydd han ein slik pris. Arie, til liks med Boland, elskar Pusjkin og mislikar Putin. Og dessutan elskar han kona Julietta og Ukraina svært høgt – nok til å selje bustaden sin i Rotterdam og kjøpe eit hus i en ukrainsk landsby.

Drosje

Skumringssamtalen vår om bøker heldt fram kring bordet, jamvel om straumen kom att og lampene slo seg på i huset. Vi bles ikkje ut lysa, for ikkje å måtte famle etter fyrstikker når lyset forsvann igjen – som det gjorde.

Ved midnatt byrja damene frå Donetsk å gjere seg i stand til å dra heim til Kiev. Eg var overraska:

– Er det råd å få ein drosje hit ut på denne tida av døgeret?

Det synte seg å vere mogleg. Julietta ringde til fleire private drosjesjåførar i byen Obukhov like ved, og ein av dei sa seg viljug til å køyre gjestene hennar til Kiev for 1000 hryvnja – om lag 33 euro. Heller billig for ein times køyretur, tenkjer du kanskje. Men hugs at minstepensjonen i Ukraina er 2500 hryvnja (om lag 80 euro), og minsteløna er 6500 hryvnja (om lag 210 euro). For ein drosjesjåfør, som må bruke 250 hryvnja på bensin, er dette likevel godt betalt, sjølv om han må køyre returen utan passasjerar.

Promillekøyring

Når kona mi og eg nyttar bilen når vi skal vitje folk, reknar vi alltid med å overnatte hos vertskapet. Kva er vitsen med å kome på besøk og ikkje drikke litt god vin? Diverre kan eg ikkje seie at alle sjåførar tenkjer slik. Det er framleis altfor mange promillekøyrarar på vegane i Ukraina, og blant dei finst det tilmed drukne politifolk.

Laurdag morgon var det stadig vindkast som freista blåse bilen ut av vegen. Kona mi og eg forlét venene våre i eit hus som enda ein gong var utan elektrisitet, og køyrde heim til Kiev medan vi høyrde på radioen. Radioverten gjorde narr av eit ferskt intervju med president Zelenskyj, som sa: «Sovjetunionen hadde sine plussar og minus.»

Så var det eit innslag om ein høgtståande politimann som var teken for promillekøyring. Samtalen hans med konstabelen som hadde stogga han, var teken opp på band, og vi høyrde den snøvlete røysta til brotsmannen som forklarte konstabelen at: «Kollegaer må støtte kvarandre, kor ville vi hamne elles?»

Det neste innslaget var om hackarane som dagen før hadde utført det mest kraftfulle åtaket dei siste fire åra mot nettsidene til den ukrainske regjeringa og dei fleste andre regjeringskontora. Russland slo med ein gong fast at landet ikkje hadde noko med saka å gjere, og gjekk til og med så langt som til å arrestere, etter krav frå USA, 14 russiske hackarar som er skulda for åtak på amerikanske verksemder.

Krig eller ikkje

Attende i Kiev drog eg for å møte ein kjenning frå Kharkiv, ein by med ein million innbyggjarar 30 kilometer frå grensa med Russland.

– Kva trur du, blir det krig, spurde han.

– Eg vonar ikkje det, svara eg.

– Eg trur det vert krig, sa han, trist til sinns.

– Men dei går ikkje inn i Kharkiv. Det kjem ikkje til å bli noko åtak på Kharkiv, la han til.

Han heldt fram med å forklare at dei russiske troppane som er samla i nærleiken av Rostov-na-Donu, saman med separatistane frå Donbass, gjer seg klare til å erobre byen Maruipol og kan hende bryte gjennom og lage ein landkorridor til Krim.

Troppane samla nær Voronezj har òg Donbass og den austlege delen av Kharkiv-regionen som mål, medan styrkane ved Bryansk er retta mot Tsjernihiv og Sumy, som ikkje er langt unna Kiev.

Kaffien i kafeen vi sat i, er til vanleg framifrå, men denne samtalen gav han ein særs bitter smak.

Skulematreform

Eg drog heim og valde å få tankane vekk frå krigen ved å sjå på Facebook. I den ukrainske delen av Facebook har det alltid vore fleire innslag om kattar enn om krigar. Forventningane mine viste seg å halde stikk, men eg hamna i ein oppheta diskusjon om skulemåltid.

Det synte seg at ein radikalt endra skulematmeny var innført i Ukraina frå 1. januar 2022. Søte bønner, sausar, kremkaker, sukker og salt, saman med ei lang liste over andre smakfulle ting, vart forbode. Mennesket bak reforma er den superpopulære TV-kokken Jevgen Klopotenko. Moralsk støtte til den vanskelege oppgåva å endre skulematen vart levert av kona til presidenten, Elena Zelenskyj. Ho er manusforfattar for Studio Kvartal 95, som vart starta av mannen hennar, den noverande presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj.

Det ukrainske Facebook-
samfunnet er no splitta i to jamstore delar: dei som støttar skulematreforma, og dei som rasar og skriv at ungane deira nektar å ete den nye, helsesame maten, og krev at dei går attende til den gamle, mindre sunne, men populære ernæringa.

Den nye skulemenyen, som består av 160 rettar, så vel som oppskrifter til dei alle, ligg på nettsidene til Helsedepartementet og Utdanningsdepartementet – når sidene ikkje ligg nede på grunn av hacking, sjølvsagt. No legg Jevgen Klopotenko siste hand på ein ny meny til barnehagar og yrkesskular.

Planane hans gjeld elles endringar i pensum til kokkeskular. Omfanget av aktivitetane hans er forbløffande, og forsonande nok er han tolerant overfor hatbølgja mot seg. Han erklærer rett og slett at all kritikken hjelper han til å fokusere enda meir effektivt på oppgåvene som ligg framfor han. Det må leggjast til at før reforma hans fekk borna i ukrainske skular mat i samsvar med standardar, normer og oppskrifter godkjende i Sovjet i 1956. Så kanskje kan det kome noko godt frå TV-kjendisar.

Personleg har eg alltid hatt innvendingar mot fjernsyn, særleg 1 og 1TV, som er kontrollerte av oligarken Igor Kolomoiskij. Nyleg dukka det opp ein artikkel med råd om nyårsgåver på nettsida til kanalen. Forfattaren rådde til ikkje å gje bøker til slekt og vener, og skremde lesarane med fæle konsekvensar om dei gjorde det. Til dømes ymta han om at «dersom du vil unngå krangel og mistydingar i familien, er det best å ikkje gje noko slikt (som bok) til mannen din! Og å gje ei bok til kona di på nyårsaftan kan føre til utruskap!».

Eg lyt likevel leggje til at etter støyande diskusjonar om desse «tipsa» på Facebook, fjerna nettsida dette avsnittet frå artikkelen. No er ikkje bøker nemnde i det heile teke.

Kurs i forsvar

Etter to ferieveker er landet så smått vendt attende til den dystre røynda. Under middagen vår i Germanivka fortalde dei to flyktningane frå Donetsk at dei tek kurs i territorialt forsvar i nærleiken av der dei bur no, i Kiev. Dei vert trena i militær førstehjelp og sivilforsvarstaktikk. Dei er klare til innsats om det skulle kome åtak.

Sidan 1. januar 2022 er det ikkje berre skulemåltida som er endra. Landets forsvarssystem er òg reformert. Lova om oppretting av ein territorial forsvarsstyrke på opptil 11.000 personar er sett ut i livet. Her snakkar vi om friviljuge som vil måtte forsvare landsbyane og byane sine med våpen i hand.

Parlamentsmedlemen Fjodor Venislavskyj, som arbeider med tryggleik, forsvar og etterretningssaker, har sagt at innan februar vil alle medlemane av territoriale forsvarsgrupper ha fått våpen og vere klare til å bruke dei. Samstundes har Kreml byrja overføre missilsystemet Iskander, som er i stand til å øydeleggje mål 500 kilometer unna, frå den fjerne austlege delen av Russland til grensa mot Ukraina.

Krigsrisiko

Eg trur det er «trygt» å seie at kokepunktet for denne geopolitiske konflikten som lenge har slått gneistar på grensa til Ukraina, vil bli nådd innan ein månad. Det er alt klart for meg at Russland ikkje utan vidare vil trekkje styrkane sine vekk frå den ukrainske grensa.

Dei fåfengde tingingane med Nato er over. Ettersom dei ikkje har oppnådd det ringaste resultat, vil Russland halde fram med å auke risikoen for krig. Dei ser at eit militært åtak på Ukraina vil vere eit slag mot Natos omdømme.

Når alt kjem til alt, vil Nato ta tre steg bakover og berre observere det som skjer, ved utbrotet av krigshandlingar i Ukraina. Det er mogleg at ei svekking av omdømmet til Nato er viktigare for Vladimir Putin enn å ta enda ein bit av Ukraina. Kan hende vil han be Ukraina om orsak seinare, etter krigen. Han vil seie «Ikkje noko personleg!», som mafiafolk av og til seier i amerikanske gangsterfilmar før dei drep offeret sitt.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ukrainske Facebook-samfunnet er no splitta i to jamstore delar: dei som støttar skulematreforma, og dei som rasar og skriv at ungane deira nektar å ete den nye, helsesame maten.

Det er mogleg at ei svekking av omdømmet til Nato er viktigare for Vladimir Putin enn å ta enda ein bit av Ukraina.

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis