JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Eit kynisk spel på grensa

Same korleis vi snur og vender på det, er EU-landa forplikta til å taka mot søknader om asyl på grensa, seier Flyktninghjelpen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hundrevis av flyktningar har sett opp teltleir i Kviterussland, heilt inntil den polske grensa. Fotoet er teke av det polske forsvarsdepartementet onsdag denne veka.

Foto via Reuters / NTB

5331
20211112

Samtalen

Eirik
Christophersen

Seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen

Aktuelt

Kviterussland sender flyktningar til grensa mot Polen

jon@dagogtid.no

Kviterussland er den mest totalitære staten i Europa og vert styrt med jarnhand av diktatoren Aleksandr Lukasjenko, som har styrt landet sidan 1994. På grunn av stadig grovare menneskerettsbrot har EU og Noreg innført stadig strengare sanksjonar mot landet, som i stor grad har vore lukka mot omverda. Men dei siste fem månadene har landet opna opp flyruter til Midtausten, og i desse flya har det vore flyktningar frå Irak, Afghanistan, Jemen og Syria, berre for å nemna nokre få.

Personar frå desse landa har for fyrste gong kunne reisa visumfritt inn i Kviterussland. Financial Times trur det er 10.000 flyktningar frå det utvida Midtausten i Kviterussland. Særs mange har reist til den polske grensa for å søkja om asyl der. Dei har alle vorte avviste og tvinga attende. Polen seier vidare at dei har registrert 26.000 freistnader på kryssa grensa ulovleg. Eirik Christophersen er seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen.

– Bør Polen opna grensa og sleppa inn alle desse menneska?

– Polen, som andre land, har rett til å kontrollere grensene sine. Men det vi seier, er det same som folkeretten seier, at dei må gje personar rett til å søkja asyl ved grensa. Dei må altså ikkje skyva nokon attende over grensa, som dei no gjer. Dette er noko som alle land som har ratifisert Flyktningkonvensjonen, som både Polen og Kviterussland har gjort, er pliktige til. Særleg sterk er denne plikta for EU-landa som også er ein del av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMD). Polen handlar i strid med EMD også.

– Men asylsøkjarar kan ikkje fritt velja land. Dei er etter Flyktningkonvensjonen pliktige til å søkja asyl i det fyrste trygge landet dei kjem til?

– Vi ser at nokre tolkar konvensjonen slik. Men det er i røynda ei mistyding. FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) avviser denne tolkinga, og i sjølve konvensjonen er UNHCR gitt mandatet til å rettleia korleis konvensjonen skal forståast. Dei meiner regelen som seier at ein asylsøkjar har rett til ikkje å verta straffa for å kryssa ei grense ulovleg, er vorten tolka som om asylsøkjarar er pliktige til å søkja asyl i det landet som ikkje straffar dei for grensekryssinga. UNHCR avviser denne tolkinga.

– Men Noreg har også den tolkinga. Vi nekta etter kvart å realitetshandsama asylsøkjarar som kom til Storskog via Russland?

– Den endringa kom i 2015, då Stortinget endra lovverket. Vi protesterte mot denne tolkinga og regelendringa. Det same gjorde UNHCR. Det Noreg då sa, var at ein kan verte send attende til eit trygt land utan å få handsama asylsøknaden. Og det er rett at det Dublin-samarbeidet som Noreg lenge har vore ein del av, seier det. Men Dublin-avtalen er eit samarbeid innanfor ein EU-kontekst mellom land med tilnærma likt asylsystem. Dublin-land kan ikkje senda flyktningar attende utan at dei er sikre på at dei ikkje vert forfylgde der, heller ikkje om dei ikkje får handsama asylsøknaden.

– Og slik er ikkje stoda i Russland eller Kviterussland?

– Nei, ikkje i Russland og endå mindre i Kviterussland, som knapt handsamar asylsøknader i det heile teke. Det skal vera sikre avtalar mellom land om at asylsøknader vert handsama. Dublin-samarbeidet er tufta på EUs garantiar om menneskerettar i alle EU-land.

– Så er det berre det at EU i røynda gjev full støtte til Polen. Ursula von der Leyen, EU-presidenten, seier no til og med at flyselskap som flyg flyktningar til Kviterussland, skal bannlysast frå EUs luftrom.

– Vi er særs kritiske til signala som kjem frå EU. Men ja, vi ser at Kviterussland nyttar flyktningar i eit kynisk spel. EU kallar no det som går føre seg for organisert trafficking. Om EU kan dokumentera at flyselskap er med på slikt, kan vi forstå sanksjonar. Men EU går vidare. Dei støttar i praksis at folk ikkje får høve til å søkja asyl på grensene. Men vi ser at det er ein skilnad på det som har skjedd i Tyrkia, der folk har nytta landet som transitt og sjølve har teke seg fram til grensa til EU, og det Kviterussland gjer, der dei truleg fraktar flyktningar direkte til grensa. EU er likevel forplikta til å taka mot søknader på grensa.

– Men dette minner om «chicken run»-spelet som vi hugsar frå James Dean-filmen. Den som gjev etter fyrst, taper. Gjev EU etter, kjem Lukasjenko berre til å senda endå fleire.

– Eg forstår kva du meiner, men det fjernar ikkje juridiske forpliktingar. Men dette er ein del av eit større bilete. Kviterussland hadde ikkje vore eit tema om EU ikkje hadde stengt grensene andre stadar. Noreg stengde grensa mot Russland, Hellas stengde grensa mot Tyrkia. I dag er det så godt som umogleg for legitime asylsøkjarar å koma seg inn i EU, om dei då ikkje tyr til menneskesmuglarar. EU lid i dag av ei handlingslamming. Alt presset ligg no på grensestatane, som stenger grensene av di dei ikkje får noka hjelp av dei andre EU-landa. Dei kjenner seg heilt åleine. Tak Noreg: Vi har ikkje fått færre asylsøkjarar sidan 1985. Vi har definitivt kapasitet til gjera meir.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Alt presset ligg på grensestatane, som stenger grensene av di dei ikkje får noka hjelp av dei andre EU-landa.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis