Utanriks

Eit forsvar for erobring

Vladimir Putin leverte i fjor eit ideologisk forsvar for krigen som går føre seg no.

«Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» av Ilja Repin. Dette er andre versjonen han måla av dette motivet. Det uferdige biletet finst i kunstmuseet i Kharkiv i Ukraina.
«Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» av Ilja Repin. Dette er andre versjonen han måla av dette motivet. Det uferdige biletet finst i kunstmuseet i Kharkiv i Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

Artikkelen som Putin offentleggjorde i juli i fjor, er viktig. Der kan ein lesa kva plass den russiske leiaren ser føre seg at Ukraina skal ha innanfor det russiske imperiet. Den lange historiske utgreiinga er lagd ut på heimesida til Kreml, og ho er sjølvsagt blitt studert av både tilhengarar og motstandarar av Putin-regimet.

Heilt i byrjinga i artikkelen slår Putin fast nokre uomstridde fakta om den fyrste austslaviske staten, som blei grunnlagd med sentrum i Kyiv kring år 900. Så langt er historieframstillinga nokolunde grei. Men så går det meste i ball. Det vil seia: Putin lyg ikkje så mykje. Det han gjer, er å hoppa bukk over viktige historiske kjennsgjerningar. Slik får han det til å sjå ut som om det russiske imperiet var ei storarta statsdanning som framleis bør eksistera.

Brutal herskarmakt

For om ein les Putin, kan ein koma til å tru at det russiske imperiet var ei meir eller mindre friviljug samanslutning av alle dei slaviske folka lengst aust på det europeiske kontinentet. Putin skriv mellom anna at «det gjekk slik at Moskva blei senteret for gjenforeininga [av Russland] og slik heldt fram tradisjonen frå den gamle russiske staten». Det han ikkje skriv, er at dei austslaviske områda blei samla før og etter år 1500 av herskarar i Moskva som var minst like despotiske som det dei mongolske invasjonstyrkane hadde vore då dei i året 1240 jamna Kyiv med jorda.

Når me kjem til det viktige året 1654, blei også Ukraina aust for Dnipro trekt inn i denne staten. Kosakkane i Ukraina vona at dei kunne danna ein allianse med tsaren i Moskva for betre å stå imot dei aggressive tyrkarane i sør og dei polske godseigarane i vest. Etter at alliansen var oppretta, oppdaga kosakkane at dei gjekk frå å ha vore polske undersåttar til å bli tsarens undersåttar.

Endå verre skulle det bli: Etter at kosakkane hadde tent imperiet i ein lang krig mot Tyrkia, sende Katarina II i 1775 den russiske hæren mot øya Khortytsja i Dnipro, sjølve bastionen til kosakkane. Kosakksamfunnet langs Dnipro, som hadde vore ryggrada i det ukrainske samfunnet, blei øydelagt. Dette skriv Putin ingenting om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement