Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ein inspirerande arv

Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskeretts­aktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.

Foto: David Goldman / Ap / NTB

5523
20250103
5523
20250103

Den 39. presidenten i USA, som eigenleg heitte James Earl Carter jr., døydde 29. desember heime i den enkle tomannsbustaden sin i Plains i Georgia. Han var den lengstlevande amerikanske presidenten nokosinne. Carter overlevde kona si, Rosalynn, som han var gift med i 77 år. Ho var ein aktivistisk rådgjevar for mannen sin heile livet og døydde i ein alder av 96, 23. februar 2023. Saman hadde dei fire born, Jack, Chip, Jeff og Amy, elleve barneborn og fjorten oldeborn.

Carter var opphavleg marineoffiser og peanøttbonde, og med sitt breie smil og sin southern drawl (sørstatsdialekt) vil han bli hugsa ikkje minst for det enkle livet han førte. I så måte likna han ein annan smålåten mann, Harry S. Truman, som etter å ha takka nei til renominasjon i 1953, drog heim til kona Bess i landsbyen Independence i Missouri.

Carter nekta å håva inn millionhonorar som førelesar etter presidentperioden sin («eg vil ikkje tena pengar på å ha vore i Det kvite huset», som han sa), og han vigde livet sitt til å gjera godt.

Betra omdøme

Carter vart berre ein éin-periode-president (han sat frå 1977 til 1981) og vart slått med god margin av Ronald Reagan. Men nett det etterlivet Carter fekk, har sett han i fyrste rekkje mellom amerikanske presidentar. (Her er det endå ein likskap med Truman, som også fekk eit betre omdøme i ettertida enn då han tenestegjorde.)

Carter må framfor alt sjåast på som ein president som ville atterreisa moralen i presidentembetet etter korrupsjon og skandalar under Nixon og Ford. Også i utanrikspolitikken kom dette draget fort fram. Carter ville distansera seg frå den til dels rå realpolitikken som Nixon og Kissinger stod for (til dømes med stønaden til kuppet mot Salvador Allende i 1973).

Og han ville ha forsoning innanriks etter Vietnamkrigens polariseringar. Det gjorde at han gav nåde til alle som flykta frå krigstenesta, til protesthyl frå dei konservative.

Han etablerte også Carter-senteret i Atlanta i 1982, som i skrivande stund har overvakt 115 val i meir enn 40 land, og i dag er del av eit verdsomspennande menneskerettsleg overvakingssystem. I Trump-æraen vert desse overvakarane viktigare og viktigare. Senteret har òg vore førande i fleire helsekampanjar.

Menneskerettar

Carter står her som ein som tok FN-pakta og FNs menneskerettserklæring av 1948 på alvor. Men det var lett å sjå at med dei mange tryggingsinteressene USA hadde, ville menneskerettsvurderingane ofte koma i andre rekkje i utanrikspolitikken. For Carter galt dette til dømes då han skulle vega menneskerettsbrota i Saudi-Arabia opp mot ynsket til saudiane om å kjøpa amerikansk militærteknologi og samstundes tryggja USAs interesse i å halda straumen av olje intakt.

Då Carter fekk fredsprisen i 2002, var Gunnar Berge den som sette ord på heile virket hans: «Carter vil neppe gå ned i amerikansk soge som den mest effektive presidenten. Men han er den beste ekspresidenten landet har hatt.»

På felt etter felt synte Carter seg som pioner. Han etablerte to nye departement – utdanning og miljø – og etablerte eit gigantfond for å reinska opp i miljøforureiningar. Han meir enn dobla områda som skulle vernast som nasjonalpark. På taket til Det kvite huset installerte han 32 solpanel (som Reagan sjølvsagt tok bort).

Krise i 1979

Carters fremste krise kom i november 1979, då ein mobb tok over den amerikanske ambassaden i Teheran og heldt 52 amerikanske diplomatar som gislar. I 444 dagar var dei innesperra. Dei vart ikkje lauslatne før 20. januar 1981, dagen då Carter gjekk av.

I april 1980 gav Carter grønt lys for ein bergingsoperasjon for gislane, men operasjonen enda katastrofalt då to amerikanske fly kolliderte i ørkenen og åtte amerikanske soldatar vart drepne. Vi veit no at Reagan-kampanjen, gjennom utsendingen Ben Barnes, gjorde alt dei kunne for å torpedera alle framlegg frå Carter om å få frigjeve fangane. Sumaren 1980 hadde Barnes reist rundt i Midtausten og fått formidla til Iran at dei ikkje måtte sleppe fri gislane medan Carter sat i embetet. Bodskapen var at dei ville få ein betre avtale med Reagan. Nokre kalla dette landsforræderi.

Carter var til å byrja med ikkje fremst i rekkja av dei som ville avskaffa raseskiljet i sør, men vann i 1976 86 prosent av røystene til dei svarte. Han var baptist heile livet, men gjekk ut av den lokale kyrkja då han meinte at ho ikkje handsama kvinner og menn likt. Bibelen seier at menn og kvinner er likeverdige, som han skreiv.

Carter skreiv 33 bøker om ulike emne. Han endra også syn på Israel og kalla boka si om landet Palestine: Peace, not Apartheid (2006). 14 tilsette ved Carter-senteret gjekk av. Men etter nokre år stod dei fremste fram att og sa at dei innsåg at Carter hadde rett: Israel hadde utvikla seg til å bli ein apartheidstat.

Carter var inspirert, som også Martin Luther King jr. og Barack Obama, av teologen Reinhold Niebuhr, som i 1932 gav ut boka Moral Man and Immoral Society.

I 2018 sa Carter i eit intervju med Washington Post at han var mest stolt av fredsavtalen mellom Anwar Sadat og Menachem Begin og normaliseringa med Kina. Han hadde mykje å orsaka frå tida som president, men han «hadde halde landet i fred, kjempa for menneskerettane» – og det er ein sjeldan ting for ein president etter andre verdskrigen å seia – «og hadde alltid sagt sanninga».

Det er ekte Niebuhr.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis