JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ei verd med mange polar

Brics er eit symptom på ei verd i endring. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Luiz Inácio Lula da Silva frå Brasil, president Xi Jinping frå Kina, president i Sør-Afrika Cyril Ramaphosa, statsminister Narendra Modi frå India og Russlands utanriksminister Sergei Lavrov held hender på toppmøtet i Johannesburg.

Foto: Gianluigi Guercia / Reuters / NRB

13097
20230901

BRICS

Brics er ei gruppe framveksande statar som ønsker meir makt i internasjonale organisasjonar.

Brics hadde første offisielle toppmøte i Jekaterinburg i 2009 (utan Sør-Afrika). 

På toppmøtet i Sør-Afrika 22.–24. august i år vedtok Brics å invitere seks nye statar inn i gruppa.

Internasjonal politikk

magnus@dagogtid.no

Kva er Brics? Brics høyrest ut som noko konkret og solid. Bokstavane står for Brasil, Russland, India, Kina (China) og Sør-Afrika. Namnet Brics får ein til å tenke på mursteinar, men kva struktur desse mursteinane saman utgjer, er ikkje klart.

Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika er alle regionale makter som meiner at deira interesser ikkje vert godt nok sikra eller representerte i internasjonale institusjonar. Dei siste to tiåra har Brics-økonomiane vakse til å utgjere om lag ein fjerdedel av verdsøkonomien, og innbyggarane i landa utgjer rundt 42 prosent av befolkninga i verda.

Det er snakk om ei verd i endring og frustrasjon over at gamle institusjonar ikkje reflekterer nye realitetar. 

Opphav

Nemninga BRIC vart først brukt av økonomen Jim O’Neill i ein Goldman Sachs-rapport frå 2001. I rapporten peikte O’Neill på Brasil, Russland, India og Kina som framveksande marknadar som vil bli ein større og større del av verdsøkonomien.

Ofte vert O’Neill rapporten framstilt som inspirasjonen til samarbeidet og Bric-toppmøtet i 2009 som byrjinga. Me har snakka med Rajan Kumar, professor ved Jawaharlal Nehru University i New Delhi. Han har forska mykje på Brics og meiner røtene til gruppa går lenger tilbake.

– På 1990-talet vart ideen om RIC (Russland, India og Kina) veldig populær i India. Då den russiske statsministeren Jevgenij Primakov vitja India i 1998, foreslo han eit samarbeid mellom desse landa. Indiske politikarar meinte dette var ein god idé. Så eg sporar Brics tilbake til RIC.

I 2006 møttest leiarane i Brasil, Russland, India og Kina uformelt på sidelinja under G8-møtet i St. Petersburg, og sidan 2009 har Brics-leiarane møtst kvart år på eigne Brics-toppmøte og ved G20-møte. I 2010 vart Sør-Afrika medlem. Utanriksministrane møtest også vanlegvis to gongar i året.

Rajan Kumar forklarer at Brics ikkje er ein formell organisasjon, ettersom gruppa ikkje har noko hovudkvarter eller permanent sekretariat.

Bretton Woods

For å forstå kvifor Brics-landa ikkje er nøgde med maktfordelinga i internasjonale institusjonar, må ein sjå nærmare på korleis verdsordenen vart utforma i etterkrigstida. Mot slutten av andre verdskrig stod USA for om lag halvparten av produksjonskapasiteten i heile verda. Berre USA hadde atomvåpen.

I forhandlingane ved Bretton Woods-konferansen i 1944, der allierte land møttest for å lage internasjonale finansreglar og institusjonar, var det USAs syn som fekk størst gjennomslag. John Maynard Keynes, økonomen som representerte britane under forhandlingane, skulda amerikanarane for å behandle Storbritannia, ei stormakt, som eit konkursselskap.

IMF og Verdsbanken vart skipa som følge av forhandlingane, og USAs økonomiske styrke gjorde at amerikanarane stod for om lag ein tredjedel av dei økonomiske bidraga til begge institusjonane. Med bidraga følgde også innverknad. Organisasjonane fekk hovudkvarter i Washington D.C., og USA hadde om lag ein tredjedel av stemmene i begge. 

Ujamn fordeling

USAs del av bidraga og stemmene har minska relativt over tid, men stemmefordelinga er likevel forskyvd i favør av USA og rike vestlege land. Eit godt døme på det er stemmefordelinga i Verdsbanken. Me kan samanlikna stemmene til dei fem Brics-landa med stemmene til USA og fire andre vestlege land, Canada, Storbritannia, Frankrike og Tyskland. 

Samla har USA og desse fire landa per 2022 eit brutto nasjonalprodukt på 37,52 billionar amerikanske dollar. Justert for kjøpekraft er det samla nasjonalproduktet på 40,47 billionar dollar. Desse landa har 30,39 prosent av stemmene i Verdsbanken. Brics-landa har eit samla nasjonalprodukt på 25,92 billionar og 52,32 billionar dollar justert for kjøpekraft (tal henta frå Verdsbanken). 

Dersom forholdet mellom brutto nasjonalprodukt og prosentdel av stemmer var likt for dei vestelege landa og Brics, burde Brics-landa hatt 21 prosent av stemmene. Om stemmene skulle stått i stil med brutto nasjonalprodukt justert for kjøpekraft, burde Brics-landa hatt 40 prosent av stemmene. I røynda har Brics-landa berre 14,24 prosent av stemmene i Verdsbanken. 

I IMF er forskjellen endå litt større. Ulikskapen vert grellare om ein samanliknar stemmeprosenten til rike land generelt med fattigare land. Viktige avgjerder, til dømes om endringar i fordelinga av stemmer, krev eit fleirtal på 85 prosent. Ettersom USA har 15,73 og 16,5 prosent av stemmene i Verdsbanken og IMF, har amerikanarane åleine vetorett. Kina, med 5,58 og 6,08 prosent, har ikkje eingong veto om dei får heile Brics med på laget.

Reform

I felleserklæringa frå det første Bric-toppmøtet (utan Sør-Afrika) i 2009 stod det: «Me er samde om å fremje reformer av internasjonale finansinstitusjonar slik at dei reflekterer endringar i verdsøkonomien.»

Brics er også kritisk til korleis leiarane av finansinstitusjonane vert utpeikte. Det har nemleg vore ein uskriven praksis at ein amerikanar leier Verdsbanken og ein europear leier IMF. Praksisen har ikkje blitt broten. Rett nok er den noverande presidenten i Verdsbanken, Ajay Banga, fødd og utdanna i India, men han vart amerikansk statsborgar i 2007 og har hatt leiarverv i fleire amerikanske selskap.

Ønsket om reformer handlar ikkje berre om finansinstitusjonar. Det er også snakk om multilaterale reformer i FN-systemet. Dette er spesielt viktig for Brasil og India, som vil ha permanente sete i FNs tryggingsråd. 

Sanksjonar 

Ei anna side ved USAs makt i internasjonal politikk handlar om den rolla dollaren speler som verdas reservevaluta. USA har fleire økonomiske våpen og nøler ikkje med å bruke dei.

USA brukar sanksjonar meir enn noko anna land, og den omfattande bruken har frustrert både allierte og fiendar. EU, til dømes, har vore frustrerte over at amerikanske sanksjonar har innskrenka spelerommet deira for å handle med Cuba og Iran. 

Felles interesser

Sett frå eit tradisjonelt realist-perspektiv er ikkje denne dynamikken noko rar. Det at ei supermakt bruker posisjonen sin til å fremme eigne interesser i internasjonale organisasjonar, er like naturleg som at framveksande statar samarbeider for å motverke dette. 

I den grad nokre statar søker meir makt og handlefridom, er det berre å vente at dei vil kunne danne lause eller faste alliansar for å styrke interessene sine. Brics er slik ei laus samling av statar med ambisjonar som strir med USAs og Vestens makt i globale styringsorgan. 

USA trivst best med ei unipolar verd, Brics vil ha ei multipolar verd. USA vil halde på sine fordelar i institusjonar som IMF og Verdsbanken, Brics vil fjerne desse. USA og mange av deira allierte vil at andre land skal slutte opp om demokratiske og liberale styreformer, Brics vektlegg heller statssuverenitet. USA vil bruke dollaren til å fremme eigne interesser, Brics-landa vil ikkje vere sårbare for amerikanske sanksjonar. 

Det er viktig å understreke at Brics-landa ikkje er like einstemmige i alle desse måla. Som me skal sjå, er ikkje Brics utan indre motsetnadar. Tvert om. 

Brics’ triks

På kva måtar fremjar Brics interessene sine? Gjennom dialog og møte kan Brics-landa koordinere politikk og lage felles innstillingar til saker som vert tekne opp i andre internasjonale forum.

Meir konkret har Brics skipa to finansinstitusjonar i 2015. Desse er New Development Bank (NDB) og BRICS Contingent Reserve Arrangement (CRA), og begge byrja si verksemd i 2015. NDB er ein utviklingsbank slik som Verdsbanken, og CRA fungerer som IMF, ved å tilby mellombels likviditet til land med betalingsproblem. I NDB har Brics-landa lik stemmefordeling, i CRA har Kina rett under 40 prosent av stemmene.

Professor Rajan Kumar kallar desse for parallelle institusjonar og seier at dei ikkje er meint å erstatte dei eksisterande organisasjonane.

– Brics-land som Kina har tent mykje på den eksisterande verdsordenen, så Brics vil heller komplementere han med eigne institusjonar der dei kan fremje eigne interesser, enn å velte han.

Det har vore snakk om å lage ein eigen Brics-valuta, men det har enno ikkje blitt noko av. I staden har landa byrja å bruke eigne nasjonale valutaar meir i handelen seg imellom.

– Denne forma for av-dollarisering skjer allereie. Brics-landa vart uroa over den storskala beslaglegginga av valutareservar som vart gjord mot Russland, seier Kumar. 

Indre spenningar

Brics-landa har felles interesser og overlappande ambisjonar, men dei har òg fleire friksjonspunkt. For det første har landa ulike politiske system. Dei er heller ikkje samla geografisk, slik til dømes EU er. I Brics’ tilfelle kan det vere ein styrke. Ettersom Brics er samansett av regionale stormakter i Sør-Amerika, Afrika, Eurasia og Sør- og Aust-Asia, har dei innverknad i store delar av verda.

Eit spesielt ømt punkt i Brics er konkurransen og grensestriden mellom India og Kina. Seinast i 2020 døydde soldatar på kvar side i kampar ved den indisk-kinesiske grensa. India og Kina konkurrerer også om innverknad i Asia, og indisk motstand gjorde at «belte og veg»-initiativet til Kina ikkje vart kopla til Brics.

Rajan Kumar seier at Brics er viktigare for Kina og Russland enn for India, men at Brics likevel har brei støtte i India, frå begge dei to største politiske partia. Han legg vekt på at Brics-toppmøta har halde fram normalt trass i grensestriden mellom Kina og India.

Kinesisk makt er også noko dei andre landa i Brics er uroa for. Det at Kina har meir enn dobbelt så stort bruttonasjonalprodukt som dei andre Brics-landa lagde saman, gjer at handel og økonomisk samarbeid får eit asymmetrisk preg. Kumar seier at ein frihandelsavtale mellom Brics-landa vert vanskeleg nettopp av denne grunnen.

Nye medlemmar

Sidan Brics vart skipa, har fleire land uttrykt ønske om å bli med. På toppmøtet i Sør-Afrika førre månad overraska Brics ved å invitere seks land til medlemskap.

Saudi-Arabia, Iran, Etiopia, Egypt, Argentina og Dei sameinte arabiske emirata (UAE) vert no truleg offisielle medlemmar frå 2024.

Med Saudi-Arabia, Iran og UAE vil Brics-landa vil stå for 42 prosent av verdas oljeforsyningar, ifølge Gracelin Baskaran og Ben Cahill ved Center for Strategic and International Studies.

– Innan energimarknadar er utvidinga av Brics stort sett symbolsk førebels, men det er eit teikn på at land utforskar måtar å gå rundt det amerikanske finanssystemet og dollaren på, skriv dei.

Samstundes vil utvidinga kunne gjere det vanskelegare å lage felles politikk i gruppa. Dersom dei meistrar å lage felles politikk, vil utvidinga gjere at Brics får større innverknad i verda. Om politikken til Brics vert utvatna for å imøtekome interessene til stadig fleire medlemmar, kan Brics verte mindre mektig.  

Strategiske dilemma

Framveksten og utvidinga av Brics får fram eit strategisk dilemma USA og deira allierte står overfor. No som statar har fleire moglege geopolitiske grupper å samarbeide med, får USA eit vanskeleg val.

USA kan bruke økonomiske og militære tvangsmiddel for å hindre land i å søke mot rivalane deira. Samstundes vil slik åtferd gjere at fleire land vil prøve å samarbeide med USAs rivalar nettopp for å unngå slike grep.

Dersom USA ikkje bruker tvangsmiddel, vil land kunne vende seg til USAs rivalar uansett. Dette er på ingen måte eit nytt dilemma for USA, men det vert meir akutt med framveksten til Kina og Brics.

Før, då USA var relativt sett mykje rikare, var det lettare for dei å bruke økonomisk støtte som gulrot. No som amerikanske politikarar i mykje større grad er uroa for eigen økonomisk styrke, er det politisk vanskeleg å bruke mykje pengar på andre land. Men medan Brics-landa møttest i Johannesburg, sa president Joe Biden likevel at han ville auke støtta til utviklingsland gjennom Verdsbanken og IMF. 

Konkurranse

Den globale maktbalansen er i endring. Brics høyrer til denne endringsperioden. Gruppa gjer at land kan spele på fleire lag, noko som er særs nyttig når maktbalansen er skiftande. 

Medan land prøver å posisjonere seg i forhold til desse skiftande omstenda, driv stormaktene med reklame for sine verdsorden-visjonar. Både Brics og USA med allierte appellerer til FN og folkeretten. USA seier dei vernar om ein «regelbasert» verdsorden og universelle verdiar, medan Brics legg vekt på multilateralt samarbeid, respekt for suverenitet og inkludering av «det globale sør». 

Brics har blitt kritisert for å vere ein klubb der Russland og Kina er verna mot kritikk. Det er ikkje heilt feil, men Brics er neppe første klubb det kan seiast om. USAs tilnærming til kritikk er ikkje alltid på stell, den heller. I 1999 fekk talsmannen for ein kongresskomité i USA spørsmål om mogleg etterforsking av Nato-åtferd i Jugoslavia. Han svara: «Det er meir sannsynleg at du vil sjå FN-bygningen øydelagd brick-by-brick og kasta i Atlanterhavet, enn at du vil sjå Nato-pilotar i ein FN-tribunal.» 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis