Utanriks
Ei nøytralisert venstreside
Statsvitar David Mayhew trur Joe Biden vil møte veksande motstand etter kvart som presidentglansen vert sliten av.
David Mayhew er professor emeritus ved Yale.
Dei fyrste hundre dagane til Joe Biden er over. Det ser ut til at han har starta godt med ein storm av initiativ. Eg spør professor emeritus David Mayhew ved Yale, som har studert amerikansk politikk i meir enn eit halvt hundreår, om han vart overraska av eit slikt tempo i ljos av at så mange såg på han som ein gamal mann utan energi i valkampen.
– Eg er ikkje overraska over talet på presidentordrar, men meir over ambisjonane og på same tid òg kor sekterisk lovprogrammet hans er. Som partileiar har han lukkast godt i å halda partiet samla. Han har nøytralisert eller fanga inn venstrefløya. Me høyrer ikkje så mykje frå dei for tida. Det er særs dyktig manøvrert. Bernie Sanders og Elizabeth Warren er stort sett ute av biletet no.
– Kan ein tala om ei grunnleggjande endring i retning Biden i veljarskaren?
– Neppe. Det er grunn til å venta ein reaksjon i sommar når dei ulike programma hans møter motstand i Kongressen. Bidens støtte i gallupar – ratinga hans – er ned mot 50 prosent. Det er ikkje særleg imponerande. Veljarane ser ut til å ha sovna inn, noko som sjåartala for dei siste talane frå Biden i fjernsynet tyder på. Det ser ut til at folk vil ha fred og ro no etter fire år med Trump. Men me veit ikkje.
– Korleis vil dette påverka det demokratiske partiet generelt?
– Det er tenkjeleg at demokratane vil vinna stemmer over det heile, det vil seia ikkje berre i ulike spesifikke grupper. Nett det skjedde i 1970-åra. Då reagerte folk på republikanarane etter Watergate, og demokratane voks. Det finst nokre teikn på at skilnadene i identifikasjon mellom demokratar og republikanarar har auka noko. Det kan vera mellombels, neppe noko varig. Å tala om kva statsvitarane kallar ny basal ordning av valmønsetra, trur eg neppe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.