JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Du gamla, du fria

Tysdag feirar svenskane 500 år med sjølvstende.
At det skjer same år som Sverige skal verta Nato-medlem, er meir enn ein kuriositet for Noreg som har vore i tretten krigar med grannelandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6. juni 2013: I Borggarden på Slottet i Stockholm feirar ein svensk gut nasjonaldagen med flagg og blå kjærleik på pinne. Ti år seinare er den svenske nasjonaldagsmarkeringa større enn nokon gong.

Foto: Lise Åserud / NTB

13118
20230602
13118
20230602

havard@dagogtid.no

Kvifor er det for oss i Noreg meir enn ein kuriositet at Sverige skal feira eit halv tusenår som fritt land samstundes som landet sluttar seg til Nato? Jau, av di hendingane i 1523 sende dei to grannelanda ut på kvar sin militær- og geopolitiske veg – som no endeleg møtest.

I 300 år låg Sverige og Noreg i jamleg krig og konflikt. Så fylgde 90 år der det eine landet var i motviljug union med det andre. Og til slutt fylgde 80 år med ulik tryggingspolitisk tilhøyrsle.

No er det over. At me i år truleg vert ståande som medlemar av den same forsvars- og militærpolitiske alliansen, set endeleg sluttstrek for 500 år med påtakeleg ulik soge.

Nasjonaldag

Ein laurdag i førre tusenåret sat eg på ein kafé i Stockholm og førebudde ei diktopplesing på Dramaten. Eg gjekk gjennom tekstane for å kunna dei utanåt og for å sjå etter om dei inneheldt referansar som svenskane ikkje ville skjøna. I eit kjærleiksdikt var ei av strofene tettpakka med norske referansar:

Du var Sonja Henie

Eg var Oddvar Brå

Du var 17. mai

Eg var dagen derpå

Om eg hugsar rett, og året var 1988, kunne eg rekna med at mange svenskar visste at Oddvar Brå var skilaupar, med eit urettmessig rykte som «æveleg toar», kjend frå duellar med Thomas Wassberg, og at Sonja Henie både var olympisk kunstlaupar og det næraste Noreg kom ei slik Hollywood-stjerne som svenskane hadde fleire av: Grete Garbo, Ingrid Bergman.

Men 17. mai? Nasjonaldagen som ein folkefest så stor at han kom med ein dagen derpå? Eg rådførte meg med nokre svenskar.

– Veit de kva 17. mai er? Og 18. mai?

–?Ein del gjer det. Men ikkje alle.

– Kan eg byta det ut med noko svensk? Kva er svensk 17. mai?

– Me har 6. juni.

– Er det nasjonaldagen?

– Ja, på eit vis. Men han er ikkje som 17. mai.

På sett og vis skal svenskane vera nøgde med at 6. juni ikkje er som 17. mai. Hadde Noreg klart å riva seg laus frå Kalmarunionen og Danmark for 500 år sidan, slik svenskane klarte, i staden for å få ei «firehundreårsnatt» som usjølvstendig lydrike, ja, då hadde nok heller ikkje me gått mann av huse på nasjonaldagen, sjølvstendedagen, frigjeringsdagen, grunnlovsdagen eller kva me då hadde hatt som ei årleg markering.

Ulik soge

Etter å ha delt monark med Danmark og Noreg i drygt 100 år, under Kalmarunionen (1397–1523), valde svenskane i 1523 sin eigen konge, Gustav Vasa, 6. juni. Men dei har i liten grad feira dagen. Han fekk heller ikkje eit oppsving etter andre verdskrigen, slik 17. mai fekk hjå oss. Berre ei dryg veke etter tysk kapitulasjon og fem års okkupasjon kom 17. mai 1945 og kveikja norsk nasjonaldagsfeiring. Tre veker seinare, 6. juni 1945, lydde ikkje hurraropa like høgt i Sverige.

Etter 1523 vart soga så ulik. I hundreåra Noreg var kolonisert, var Sverige ei imperialistisk stormakt. I åra Noreg var okkupert, var Sverige ein tysk samarbeidspartnar. Svenskane heldt seg nøytrale til naziregimet som okkuperte grannelanda. For å bøta på det i ettertid har svenskane vore mindre sjåvinistiske. Det er oftare antirasistiske aksjonar under ei sjenert 6. juni-markering i Sverige enn under ei høglydt 17. mai-feiring i Noreg.

Ein svensk dag

Men det er ikkje slik at 6. juni er i ferd med å døy. Nei, tvert om. Det eg ikkje visste der eg sat på kafeen utanfor Dramaten, var at den svenske riksdagen nyleg hadde gjeve 6. juni offisiell status som nasjonaldag. Vedtaket var gjort i 1983.

Kvifor i 1983, 460 år etter valet av Gustav Vasa som konge? Det har nok samanheng med at det ikkje var før i 1982 at Sverige vedtok ei forordning om kva som skulle vera offisielle flaggdagar i landet. 6. juni hadde då vore uoffisiell flaggdag i lang tid. I 1893 valde den nyopna «kungliga nationalstadsparken» Skansen i Stockholm å runda av vårfesten med ei 6. juni-markering, og frå 1916 vart markeringa årviss.

6. juni-markeringa handla då om meir enn 1523 og Gustav Vasa. At flaggdagen vart nasjonaldag for 40 år sidan, låg i korta. 6. juni går att i svensk soge. Det var på den dagen i 1654 at Karl 10. tok over trona då dronning Kristina vart katolikk og abdiserte. Seks år seinare var det den 6. juni stormaktene tvinga Sverige og Danmark-Noreg til å inngå ein fredsavtale – som for svenskane ikkje var så mykje å feira av di dei laut gje Trøndelag, «Trondhjems len», attende til Danmark. Og 200 år seinare vart 6. juni 1857 bryllaupsdagen til den svensk-norske kong Oscar 2. då han gifta seg med Sofie (1836–1913), dronning og noregsven.

At 6. juni vart nasjonaldag samstundes med at tennisspelaren Björn Borg – ein av Sveriges største idrettslegender gjennom tidene, og det seier ikkje så lite – feira dei største sigrane sine, er tilfeldig, men han er faktisk fødd 6. juni 1956, og kring 1980 var han verd ein nasjonaldag åleine.

Statusen til den svenske nasjonaldagen har sidan berre auka. I 1996 vart 6. juni salutteringsdag, og i 2006 var dagen jamvel raud, som offisiell fridag, då 6. juni tok over heilagdagstatusen til andre pinsedag.

Som kjent er nasjonaldagen i både Danmark og Noreg ein grunnlovsdag, og faktisk er 6. juni ein slik dag òg. Det var 6. juni 1809 at riksdagen vedtok å innføra ei ny styreform i Sverige, og bytte ut eineveldet med maktfordelingsprinsippet. Og neste gong riksdagen føretok ei større endring i regjeringsforma, i 1973, då ein formelt vedtok at landet er eit parlamentarisk og konstitusjonelt monarki, ja, då fatta ein vedtaket 6. juni, då òg.

Krigane

Berre fem veker etter den svenske 500-årsmarkeringa tysdag er planen at notorisk nøytrale Sverige vert Nato-medlem. Tysdag 11. juli møtest medlemslanda til eit toppmøte i Vilnius i Litauen. Eit hinder har vore tyrkisk godkjenning, men sist helg vart det tyrkiske valet avgjort, og ein har no von om å få godkjent svenskane, dei kring 100.000 kurdarane deira medrekna.

At Sveriges 500-årsmarkering og Nato-medlemsskap hender samstundes, om Erdogan vil, vert knapt registrert ute i den store verda, men for Noreg gjev samanfallet meining. Den djupe ulikskapen i svensk og norsk soge handlar om langt meir enn nasjonaldagsmarkeringa. Geopolitisk, militært og tryggingspolitisk er sogene så ulike at ein aldri skulle ha trudd at landa deler ei halvøy.

Mellom Sverige og Noreg eller Danmark-Noreg har det vore krig og konflikt så mange gonger at det framstår som ein nesten samanhengjande militær unnatakstilstand frå slutten av mellomalderen til byrjinga av nytida.

Kva er kjernen i denne krigs- og konfliktsoga? At Noreg i nær 400 år, frå slutten av Kalmarunionen til 1905, gjekk som ein kasteball og eit krigsbytte mellom Danmark og Sverige.

Kaotisk tid

Bakteppet for dei mange krigane og konfliktane var Kalmarunionen mellom Sverige, Danmark og Noreg frå 1397, gjerne forstått som eit naudsynt samarbeid for å stå sterkare i lag mot det mektige Hansaforbundet. Men alt på 1400-talet vart det krig og opprør i staden for forbund.

Dei verste skadane etter Svartedauden og andre pestar byrja å verta lækte. Folketalet nærma seg nivået frå før pesten – i det minste i Sverige og Danmark, Noreg låg etter. Handelskonkurranse frå hollendarar og engelskmenn svekte Hansaforbundet og dimed legitimiteten til det skandinaviske forbundet. Endå ei sak gav grunn til å avvikla unionen ­­­– for var det i røynda ein union eller eit utvida Danmark? Det som hadde byrja som eit forbund, var i ferd med å verta dominert av danskane.

1523

Kring tretten svensknorske krigar vart det, og her fylgjer ei oppramsing, ein krigsrapp:

Kring 1433 kom Engelbrektsopprøret, ein svensk freistnad på å bryta ut av unionen. I 1471 kom slaget ved Brunkeberg, der Sverige for ei kort tid frigjorde seg. I 1501–02 freista både Sverige og Noreg å riva seg laus, svenskane leidde av Sven Sture, nordmennene av Knut Alvsson. I 1510 kom det til ny krig mellom Sverige og Danmark om unionstilhøyrsla. I 1520 invaderte Danmark Sverige og halshogg svensk adel for å kvela sjølvstendetrongen.

Så kom lagnadsåret 1523 – i ei kaotisk tid i Nord-Europa, som for 500 år sidan stod i eit trusskifte, 500 år etter det førre, då frå åsatru til katolisisme, no frå katolisisme til protestantisme. Tida kring 1523 markerte òg overgangen frå mellomalder til moderne tid, frå nedgangstider til sjølvstende, frå union til nasjon, frå språkkaos til riksspråket som no vart standardisert og etablert med bibelomsetjingane.

Noreg var ikkje med på denne ferda, men det var Sverige. I Noreg vart opprør slått ned. I Sverige byrja det i Dalarna, og spreidde seg frå landsdel til landsdel. I 1523 kunne det svenske riksrådet velja seg ein konge, Gustav Vasa, den 27 år gamle leiaren for frigjeringskrigen mot Danmark, snart Danmark-Noreg. Så heiv dei danskane ut av landet.

Dimed vart ikkje dei skandinaviske krigane færre. Krigsrappen held fram:

Alt same året gjekk ein svensk hær til åtak på Oslo og Akershus festning, for å ta Noreg med seg i lausrivinga. 40 år etter, i 1563, kom den nordiske sjuårskrigen med svensk invasjon av Trøndelag i 1564 og av Austlandet i 1567, då Akershus vart kringsett. Sist på 1500-talet kriga svenskane på Finnmarkskysten for å erobra isfrie hamner, eit krav dei med kvart gav opp.

I 1611 byrja Kalmarkrigen mellom Sverige og eit Danmark som no omfatta regionen Noreg òg, men utan ein norsk hær av di danskekongen frykta at ein slik kunne gjera opprør mot København. Norske bønder utrydda ein skotsk hær som Sverige hadde leigd inn, og som laut gå gjennom Noreg av di Sverige ikkje hadde hamner mot havet.

Bit for bit

I 1643 byrja Hannibalfeiden (Torstensonska kriget eller Horns krig), ein krig mellom Sverige og Danmark-Noreg som enda med at Noreg mista Jemtland og Herjedalen. Og meir land skulle me mista. I 1657 kom Krabbefeiden, ein krig som gav Sverige tilgjenge til både Norskehavet og Skagerrak av di svenskane då tok både Trondhjems len og Båhuslen frå Danmark og dimed frå Noreg.

Året etter, i 1658, kom Bjelkefeiden, der Danmark-Noreg tok attende Trondhjems len, men ikkje Båhuslen. I 1675 kom Gyldenløvefeiden (Skånska kriget) som enda utan landavståing. I 1709 byrja den store nordiske krigen, kjend som elleveårskrigen òg, som kosta Sverige tollfridom i Austersjøen då Danmark­-Noreg vann. I 1788 byrja tyttebærkrigen (teaterkriget). Danmark-Noreg freista å invadera Sverige for å hjelpa ein alliert, Russland, Sveriges erkefiende.

Og så, i 1808, byrja nye dansk-norske krigar med Sverige, no som ein del av Napoleonskrigane. Danmark valde feil side, Frankrike og Russland, og laut betala for det. Sverige valde med kvart å alliera seg med England og dei allierte. Kvifor? I von om å få ta over Noreg frå Danmark.

Og slik gjekk det som kjent i 1814. At Danmark då mista heile Noreg til Sverige, var berre det logiske framhaldet av at dei då alt hadde mista dei nemnde delane.

Teiknaren Andreas Bloch (1860–1917): «Svenskane kapitulerer etter å ha vore kringsett i slaget ved Trangen, 25. april 1808.» (Utsnitt).

Illustrasjon: Wikimedia

Nøytralitet

Og no var det vel over? Nei, det var nær å koma til ein ny norsk-svensk krig i 1905, då Noreg valde å bryta ut av unionen. Om hausten vart det mobilisert på båe sider av grensa. Den øvste militære leiinga i Sverige, og delar av Riksdagen, ynskte å gå til krig. Den tyske keisaren oppmoda svenskane til å slå det norske opprøret ned med jarnhand.

I staden for krig gav svenskane etter, og det kom til semje om ei oppløysing av unionen. Men geo- og tryggingspolitisk heldt dei to grannelanda fram med å spela i ulike divisjonar. I 1940 vart Noreg okkupert medan Sverige valde nøytralitet. I 1949 gjekk Noreg inn i Nato medan Sverige valde å halda på nøytraliteten. Og slik kom det alltid til å vera, trudde me.

Men i fjor byrja ein annan granne, Russland, å røra på seg. Då dei gjekk inn i Ukraina, sende Sverige inn søknad om Nato-medlemsskap.

Tryggleik

Det er nok ikkje berre 500-årsmarkeringa som gjer at svenskane tysdag markerer 6. juni meir enn nokon gong. Talet på svenskar som feirar dagen, har auka jamt i nyare tid, frå kvar fjerde svenske kring 2010 til kvar tredje svenske kring 2017. Og i år?

Med auka oppslutnad har tradisjonar byrja å etablera seg. 6. juni opnar kongehuset dørene til store delar av slottet i Stockholm, som folk kan vitja, utan inngangspengar. I parkane slår folk seg ned for å halda piknik, og grillmat ser ut til å ha vorte nasjonaldagsretten.

På Skansen, der markeringa av ein svensk flaggdag byrja for drygt 100 år sidan, vert det på dagtid «firande för hela familjen med försommarkonsert, flaggpyssel, samiskt hantverk och mycket mer». På kvelden kjem kongefamilien for å vera til stades under konsertar, folkedans og taler, ja, prinsesse Madelaine og familien hennar flyttar heim frå USA nokre månader før planen for å vera i Sverige 6. juni.

Svenskane kan om dei vil: «Kungafamiljen anländer i kortege med häst och vagn, det blir tal till Sverige av Kung Carl XVI Gustaf, flagghissning, fanutdelning och nationalsång.»

Du gamla, du fria er opningsord som gjev meining. Jamført med Noreg, og i eit halvttusenårig perspektiv, er Sverige som nasjon på eit heilt anna vis nettopp gamal og fri.

Det skal dei feira medan dei flyttar seg i tryggleik, ikkje under vengjene til Gripen, men til USA.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

«At diktaturene Kina og Russland skulle bli noen gode og frelsende partnere for resten av verden siden Vesten lot dem i stikken, står ikke til troende», skriv Jon Haugen.

Foto: Sergei Guneev / Reuters / NTB

Ordskifte

«At diktaturene Russland og Kina skulle ha noen historisk rett til å hevne Vestens urett gjennom hundreårene, er helt absurd.»

JonHaugen

«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis