Donald Trump mobiliserte veljarar ved hjelp av ordkraft og ideologi, meiner USA-kjennar Gjermund Stenberg Eriksen.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Samtalen
Gjermund Stenberg Eriksen
serieskapar og USA-kjennar
Aktuelt
presidentvalet i USA
Samtalen
Gjermund Stenberg Eriksen
serieskapar og USA-kjennar
Aktuelt
presidentvalet i USA
christiane@dagogtid.no
– Onsdag morgon vart det klart at Donald Trump, med klar margin, er vald til den 47. presidenten i USA. Korleis vil du forklare resultatet?
– At Trump har vunne valet med dei sterke kommunikative evnene sine, som mange av oss har åtvara om at vi ikkje måtte undervurdere. Det er ikkje noko magisk annleis eller rart med halvparten av dei amerikanske veljarane. Det magisk annleise og rare ligg i den evna Trump har til å få veljarane til å tenkje, føle og verte motiverte av andre ting enn for ni–ti år sidan. Det er Trump som er forklaringa på at valet går som det går. Det er mange grunnar til at folk går og røystar, men dette valet har handla om mobilisering. Trump har klart å mobilisere fleire enn mange hadde trudd han skulle klare.
– Ifølgje veljarundersøkinga til The Associated Press svarer så mange som 39 prosent at økonomi var den viktigaste saka for dei, og 20 prosent svarer innvandring. Langt færre svarer abort (11 prosent), helse (8 prosent) og klima (7 prosent). Endå færre svarer rasisme og utanrikspolitikk. Kan det ikkje vere her vi finn forklaringa på at Trump vart vald?
– Dei politiske sakene har vore til sterk fordel for Trump – det gjeld både økonomi og innvandring. Så ja, eg trur sakene har spelt inn, men det er evna hans til å utnytte dei som er hovudforklaringa på at han vinn valet. Den gjentakande kommunikasjonen om at folk hadde betre økonomi for fire år sidan, har verka mobiliserande.
– Kor viktig trur du at den meir djuptliggjande protesten mot det demokratiske partiet og det såkalla «systemet» har vore?
– Eg trur at trumpismen og Maga-rørsla har vore viktigast. Trump vinn med sin ideologi og kommunikasjon. I amerikanske presidentval skil ein gjerne mellom change og choice. Skal ein velje den som sit med makta, eller utfordraren? I dette valet har det vore konkurranse om kven som skulle vere change-kandidaten. Trump vann den konkurransen. At inflasjonen og politikken under Biden har vore upopulær, har vore ein openberr grunn til at folk ønskjer change. Det er misnøye med økonomi, misnøye med innvandring, med abortpolitikk og med systemet. Trump har misnøye som sin strategi.
Foto: Javad Parsa / NTB
– Det er ein mykje meir skolert Trump som tek over.
– Eg har høyrt deg rose kampanjen Kamala Harris har ført, men ho nådde ikkje fram. Kan ho ha vore feil kandidat?
– Forklaringa er vel heller at ho hadde for lite tid. Harris-kampanjen hadde hundre dagar på seg til å ta igjen forspranget Trump hadde, og ingen hadde vel sett føre seg at det skulle verte så jamt. Om ein skal fordele skuld, må det verte sagt at Joe Biden skulle ha informert dei demokratiske veljarane om helsetilstanden sin tidlegare. Han har hatt avgrensa evne til å reise rundt og selje politikken sin, slik ein president som skal vinne to periodar, må gjere. Chuck Todd, hovudanalytikar i NBC, sa dette alt sommaren 2023, men partiet tok ikkje konsekvensen av det. Det er ikkje sikkert at Harris hadde vorte vald til presidentkandidat dersom Biden hadde trekt seg i januar eller februar. Det inneber ikkje at ho ikkje likevel kan ha vore den beste kandidaten. Og så er det synd, men kanskje sant, at det er vanskeleg å vinne eit presidentval i USA som kvinne. Men det må ein bruke tid på å greie ut før ein kan trekkje bastante konklusjonar.
– Trump er involvert i fleire straffesaker, han har feilaktig hevda at valet i 2020 vart stole frå han, og han oppmoda til protestar før demonstrantar storma Kongressen 6. januar 2021. Slike saker gjer at mange meiner han er uskikka til å vere president. Det meiner altså ikkje fleirtalet av dei amerikanske veljarane. Korleis forklare det?
– Trump har med sine kommunikative evner radikalisert det republikanske partiet dei siste ni åra, slik at det knapt er til å kjenne att. Og han har gjort dette kvar dag. Sjølv om han seier imot seg sjølv og kan seie mykje rart og usamanhengande, er han konsistent og koherent når det gjeld å bryte ned oppfatninga av kva sanning er. Sanninga er det han til kvar tid seier at ho er. The Washington Post dokumenterte at Trump laug meir enn 30.000 gonger i den første presidentperioden. Dei tidlegare medarbeidarane hans, forsvarsministeren, forsvarssjefen og stabssjefen, laug ikkje då dei sa at ein skal vere redd for kva denne mannen meiner om demokratiet. Trump har ingen grenser for kva ein president kan seie og gjere. Det er sikkert mange som ikkje kjenner til all kritikken mot Trump, men mange må ha gått frå dei prinsippa dei hadde tidlegare.
– På kva måte meiner du at veljarane har gått frå prinsippa sine?
– Det republikanske partiet stilte krav til presidentkandidatar heilt fram til Trump kom inn i politikken. Veljarar over ein viss alder veit at dei stilte krav til sanning og familieverdiar, og sette grenser for kor nedsetjande ein kunne snakke om folk med ein annan hudfarge, eller kva som helst. Desse krava har dei gått bort frå i flokk i det republikanske partiet. Det har vorte eit parti som støttar autokratisk tankegods og no vert leia av ein autoritær leiar. Vi får håpe at institusjonane, høgsterett og Kongressen, set grenser for han.
– Sidan du er oppteken av retorikk, har du kanskje høyrt sigerstalen hans?
– Nei, men eg har høyrt alt fram til valet, og eg meiner at folk må slutte å seie at «det er berre ord». For det er ordkrafta hans og evna til masseforføring og massemanipulasjon som gjer at han vinn valet. Då kan vi ikkje tenkje på retorikk som eit skjellsord. Det er ein viktig del av verktøykassa hans.
– Trump pratar på ein måte som gjer det vanskeleg å sitere han – ofte i usamanhengande setningar. På kva måte kan det gjere han til ein god retorikar?
– Han er oppdregen i ein tabloid tidsalder og tenkjer i overskrifter og ingressar. Han er ikkje nøye på at setningane skal henge saman, og han er glad i digresjonar. Dette er det skrive mykje om, mellom anna i ei bok av journalisten Maggie Haberman. Språkbruken hans har vorte dårlegare enn før, fordi han har vorte 78 år gammal, er vorten meir radikalisert og driven av hemn. Trump bruker meir skremmande ord enn tidlegare. Før eller seinare vil alderen setje spor, men han vil nok klare å halde talar som evnar å påverke i den neste fireårsperioden.
– Kor stor makt vil Trump kunne få i denne presidentperioden?
– Republikanarane har fått fleirtal i Senatet, og det er framleis uavklart om han også får kontroll over Representanthuset. Det kan sjå ut til at han kan få kontroll over begge kammer. Det er ein mykje meir skolert Trump som tek over. Den førre gongen var det mange kløner som hadde dei første dagane sine på jobb. Slik er det ikkje no. Trump har mange som har jobba og lagt planar for seg. Han har sagt at han ikkje kjende til Project 2025 frå tenkjetanken The Heritage Foundation. Det var og er løgn. Når ein legg ut ein utrullingsplan på 900 sider på internett, så viser det sterk styringsvilje. Dette er folk som vil gå inn i regjering. Vi får sjå kor mykje som vert gjennomført, men Agenda 47, som er planen frå Trump, har henta mykje frå Project 2025. Vi veit ikkje kven som vert leiar for republikanarane i Senatet, men Trump vil kunne peike ut den han vil ha. Den republikanske delen av Senatet vil vere heilt annleis enn i førre periode, og stå lenger til høgre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø