Kvinner
Nok antikk, takk
Eg er i Athen, der antikken starta, den som mange i dag lengtar attende til. Er det plass til ei som meg i denne lengsla?
Doriske søyler på nordre fløy av Propyleane, inngangsportalen på Akropolis, bygd i marmor.
Foto: May Linn Clement
I ein trend på sosiale medium filma kvinner kjærastane sine medan dei spurde: «Kor ofte tenkjer du på Romarriket?» Det viste seg å vera svært ofte.
Nyleg skreiv Klassekampen om korleis alt frå demonstrantar til tekoligarkar i Maga-leiren siterer antikke tekstar, kler seg ut som Sparta-krigarar og samanliknar Amerika med Romarriket.
Det er lett å glorifisera antikken, som byrja i Hellas rundt 800 f.Kr. og enda i Romarriket 500 e.Kr. Rustningar, flagrande kapper, laurbærkransar og statuar av unge, nakne menn i marmor... Eg kjenner sjølv det kriblar i magen.
Det er nok fordi eg er på veg til Akropolis, det høgste punktet (akro) i den gamle bystaten (polis) Athen. Det er noko med stadar det var bilete av i kunsthistorieboka på grunnkurs teikning, form og farge då eg var 16 år, altså stadar som Akropolis, som gjer meg mo i knea.
I Noreg syng me om saganatt, i USA syng dei om Maga-natt, og eg syng mest om klassiske søyler.
– Dette er den beste tida på året å vitja Akropolis, seier guiden, som passande nok heiter Aristoteles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.