JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

– Presset går i feil retning

Situasjonen i Kosovo kjem ikkje til å løyse seg om ikkje vestlege politikarar legg meir press på Serbia, meiner forsvarsforskar Jon Kværne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KFOR-soldatar frå USA slår ring om rådhuset i Leposavic i Kosovo, der etniske serbarar er samla til protest.

Foto: Valdrin Xhemaj / reuters / NTB

5284
20230609

Samtalen

Jon Kværne

forskar ved Institutt for forsvarsstudium

Aktuell

Ny uro i Kosovo

eva@dagogtid.no

Nato har vedteke å sende 700 fleire soldatar til Kosovo etter at KFOR-soldatar førre veke vart bombarderte med bensinbomber, stein og flasker i dei serbiskdominerte kommunane nord i republikken. Bak åtaka stod serbarar som protesterte mot at styresmaktene i Kosovo sette inn albanske borgarmeistrar etter lokalvalet, som serbarane sjølv boikotta, i april.

Gjesteforskar Jon Kværne ved Institutt for forsvarsstudium har vore observatør i Kosovo for EU og assistent for forsvarsattacheen ved den norske ambassaden i Beograd. Han seier at dei serbiske protestane mot maktovertakinga ikkje må sjåast som nokon politisk demonstrasjon.

– Det er snakk om demonstrantar i gåseauge, som snarare er ein type uformelle fotsoldatar som serbiske politiske leiarar brukar til valdelege aksjonar. Dei byrja å kaste granatar med metallkuler og skadde 30 KFOR-soldatar. Tre av dei vart også skadde av skytevåpen, så det er snakk om ei ganske tydeleg handling og medvitne åtak frå serbarane.

– Men eit lokalval som éin part boikottar, og med kosovoalbanarar som tek over makta i serbiskdominerte kommunar, er det kanskje ikkje så underleg at det vert protestar?

– Det er Beograd som har instruert serbarane i Kosovo om å boikotte valet. Skulle styresmaktene i Kosovo då late vere å halde val, ville det vere det same som å la Kosovos politikk bestemmast frå Serbia. Styresmaktene i Kosovo meiner valet er gjort på rett måte, og EU og USA har også stadfesta det, men alle er samstundes samde om at dei nye ordførarane i desse kommunane ikkje representerer befolkninga i kommunane.

– Bakgrunnen for lokalvalet var at parlamentarikarane i det serbiske partiet som er dominerande nord i Kosovo, trekte seg frå plassane sine i protest mot at serbarane skulle byte til mellombels Kosovo-bilskilt og eit eige reisedokument når dei var i Kosovo. Dei ønskjer òg meir sjølvstyre. Er ikkje det forståeleg?

– Her er det viktig å ha med at lokale kosovoserbarar som har prøvd å registrere bilen sin med Kosovo-skilt, eller prøvd å engasjere seg politisk i alternative parti enn det dominerande serbiske, har fått bilen brend og vorte arresterte etter lite truverdige skuldingar. Handlingane frå Serbia er såleis også i stor grad retta mot den kosovoserbiske befolkninga i Nord-Kosovo. Det som går føre seg, er ikkje fyrst og fremst ein kamp mellom serbiske og albanske interesser. Dette er i større grad ein konflikt mellom dei som ønskjer at Kosovo skal gå i demokratisk retning, og dei som vil at den serbiskdominerte delen av Kosovo, til liks med Serbia, skal gå i stadig meir autoritær retning.

– Så dei fleste kosovoserbarane støttar ikkje protestane mot maktovertakinga?

– Spør du folk på gata nord i Kosovo om det, får du like lite opplysande svar som om du spør folk i Moskva om dei støttar Putin. Det er delvis eit resultat av ein ekstremt omfattande mediepropaganda frå Serbia, og delvis også eit resultat av at folk vert utsette for direkte press frå serbiske styresmakter i kvardagslivet.

– Kva for type press?

– Demonstrasjonane nord i Kosovo held fram etter åtaka på KFOR, og vi har mange vitnemål om at folk får beskjed om å gå frå arbeidsplassen sin for å vere med på demonstrasjonar. Mange av dei er tilsette i det offentlege nord i Kosovo, i helsevesen, skular, vegvesen og kommunar.

– Du jamførte med Moskva, og det er spekulert i om Russland kan ha ein finger med i spelet i konflikten nord i Kosovo. Ser du det som truleg?

– Russland treng ikkje gjere noko her. Det er Serbias eigne styresmakter som nører oppunder nasjonalisme og vald, og dei gjer det med teknikkar dei har lært av Putin-regimet, som å kontrollere media og dei ikkje-statlege organisasjonane. Og media som serbiske styresmakter kontrollerer, er proppfulle av prorussisk informasjon. Så seint som i september i fjor inngjekk Serbia ein avtale med Russland om eit styrkt samarbeid, og sjefen for etterretningsvesenet i Serbia var nett i Moskva. Slik sett er det koordinering og samarbeid mellom Russland og Serbia.

– Vestlege leiarar har auka det diplomatiske presset mot Kosovo og Serbia no. Kjem det til å hjelpe?

– Uroa mi er at presset går i feil retning. EU og USA ønskjer ei rask løysing og legg i dag einsidig press på Kosovo om å opprette ei samanslåing av serbiskdominerte kommunar. Ei slik samanslåing kjem ikkje til å verte brukt til å skape stabilitet, men kjem til å verte misbrukt av Serbia til å skape nye spenningar. Å handsame valdsmenn bak åtak mot KFOR som partnarar er ikkje fruktbart. Ved å gjere det gjev EU OG USA legitimitet til dei autokratiske serbiske leiarane som ikkje ønskjer eit velfungerande demokratisk samfunn i Kosovo, samstundes som dei òg gjer Kosovo sårbart for fleire valdsepisodar. Serbarane kjem til å halde fram med å eskalere konflikten så lenge dei ikkje møter monaleg motstand frå KFOR, eller det dei gjer får følgjer for EU-tilnærminga og Serbias stilling i det internasjonale samfunnet. Det er såleis opp til vestlege politikarar om situasjonen eskalerer eller ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis