Utanriks
– Lita interesse for Palestina
Både Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata har no sagt dei vil normalisera tilhøvet til Israel. I røynda har desse statane samarbeidd i mange år, seier Odd Karsten Tveit.
Dei sameinte arabiske emirata har vorte steinrike. No vil dei ha Israel med på laget.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
I mange år etter 1948 var det brei semje mellom dei arabiske landa om at dei ikkje skulle ha noka form for samarbeid med Israel på grunn av det palestinske spørsmålet. Samstundes var PLO gjennom diasporaen ein mektig aktør. Arabarane var usamde om mykje, men éin ting var dei samde om: Noko diplomatisk godkjenning av Israel kom ikkje på tale. Så braut Anwar Sadat semja og inngjekk Camp David-avtalen i 1978. Nokre år etter Osloavtalen frå 1993 gjekk kong Hussein av Jordan òg inn i ein fredsavtale og eit diplomatisk samarbeid med Israel. Så var det lenge stilt, men i sumar og haust har to nye arabiske land, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata, også sagt at dei vil normalisera tilhøvet sitt til Israel. Odd Karsten Tveit har i mange år vore korrespondent i Israel og den arabiske verda, og han har gjeve ut ei rekkje bøker med tema frå Midtausten.
– Kvifor har Israel fått til dette no?
– Sanninga er, som mange veit, at både emirata og Bahrain gjennom mange år rett under overflata har samarbeidd nært med Israel. Dette har skjedd særleg på grunn av Iran, men òg fordi Bahrain og emirata har vore interesserte i israelsk teknologi som dei mellom anna har nytta til å overvaka opposisjonen, særleg sjiamuslimane i Bahrain. Der gjorde dei som kjent opprør under Den arabiske våren, eit opprør som leiinga fekk hjelp av Saudi-Arabia, som òg samarbeider med Israel, til å slå ned.
– Men fyrst og fremst handlar dette om éin ting, Iran?
– No handlar det aldri om éin ting i Midtausten. Det handlar om familiar, forretningar og mange kryssande omsyn, men ja, Iran er den viktige fellesnemnaren her. Min fiendes fiende er min ven. Så ja, det har i mange år vore eit nært samarbeid. No har tydelegvis leiinga i dei sju emirata og Bahrain kome til at det ikkje lenger er nokon grunn til å skjula noko som likevel har vore så kjent. I tillegg lyt vi hugsa at Israel og golfstatane aldri har hatt ein open konflikt.
– Men også desse to har ein palestinsk diaspora. Er ikkje leiarane redde for at dei skal gjera opprør?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.