Kommentar
Utan skamvett
Avtroppande Høgre-leiar Erna Solberg meiner å vere i posisjon til å felle dom over statsminister Jonas Gahr Støre. Ho kallar resultatet av budsjettforhandlingane «pinleg for Arbeidarpartiet».
«Jeg har vært med i norsk politikk lenge og har opplevd mye rart, men dette er pinlig for Arbeiderpartiet», skreiv Erna Solberg i ein e-post til NTB laurdag kveld.
«Slik styrer man ikke et land. Avtalen Arbeiderpartiet har presentert i kveld, er ikke verdt papiret den er skrevet på og milevis unna flertall i Stortinget. Vi må forvente mer av de som tar på seg den store oppgaven det er å lede landet», skreiv Solberg vidare.
Solberg kan ikkje ha sett seg sjølv i spegelen, for i så fall har ho fortrengt det ho såg. Ho har som statsminister ei merittliste utan like og meinte jamvel at ho var skikka til å kome tilbake som statsminister. Men Høgre-veljarane ville det annleis, til stor overrasking for både henne og resten av partitoppane, skal vi forstå evalueringa i partiet rett.
La oss minne Solberg på noko av det som skjedde på hennar vakt. Ho aksepterte som statsminister at Frp-statsrådar fleire gonger kom med utspel som var direkte i strid med det som var erklært politikk frå regjeringa. Det vitna om ein regjeringssjef utan styring og autoritet. Ein «normal statsminister» ville ikkje ha funne seg i noko slikt.
«I dag deg – i morgon meg»
Solberg innførte også eit nytt prinsipp i norsk statsskikk ved å utnemne sitjande statsrådar, eigne partifellar, til nye embete. Stortinget tok eit oppgjer med ein slik praksis allereie i 1908 og 1909, noko Dag og Tid dokumenterte i 2021.
Det Solberg-regjeringa gjorde, var mykje verre. Ikkje berre utnemnde dei ein av sine eigne kollegaer; vedkomande statsråd vart sitjande i regjeringa. Det var med andre ord slik at kvar og ein av dei kunne sikre seg ei feit stilling medan dei sat i regjering. Prinsippet vart då: «I dag deg – i morgon meg.»
Vakkert var det ikkje.
Avisa Moss Tilskuer, som i utgangspunktet var ei Venstre-avis, gjekk i ein artikkel 24. mars 1908 til kraftig åtak på sjølvutnemning av sitjande statsrådar til nye embetsstillingar, slik Venstre-regjeringa leia av Jørgen Løvland gjorde i 1908. Avisa viste til drøftingar som gjekk føre seg i stortingskrinsar med bakgrunn i det som skjedde veka før, og der siktemålet var å få slutt på ordninga.
Avisa avslutta slik: «Og opinionen vil blive beroliget ved at der på denne maade sættes bom for, hvad der ialfald kan se ud som en ublufærdig udnyttelse af egen magt til egen fordel.»
Alle norske regjeringar, uavhengig av partifarge, fram til Solberg-regjeringa i 2014, har halde seg for gode til å utnemne ein av sine eigne medlemer til nytt embete.
Gangsynet
Erna Solberg mangla det gangsynet som Stortinget knesette i 1908 og 1909:
- Elisabeth Aspaker var fiskeriminister då ho i juni 2014 vart utnemnd til fylkesmann i Troms og Finnmark. Ho heldt fram som statsråd ut 2016 før ho tiltredde i stillinga i 2017.
- Bent Høie var helse- og omsorgsminister då han i oktober 2018 var utnemnd til statsforvaltar i Rogaland. Han vart sitjande som statsråd fram til regjeringa fall etter stortingsvalet i 2021, og overtok som statsforvaltar i november det året.
- Frank Bakke Jensen var forsvarsminister då han vart utnemnd til fiskeridirektør i september 2020. Han heldt fram som statsråd fram til regjeringa fall etter valet i 2021. Venstre-statsråd Iselin Nybø presterte det kunststykket å hemmeleghalde søknaden hans fram til han vart utnemnd. For det fekk ho klar kritikk frå Sivilombodet, etter klage frå Dag og Tid og i Stortinget.
Men Erna Solberg har meir på rullebladet: Ho unnlet å fylgje ansvaret ho som statsminister hadde til å syte for at ho ikkje vart ugild. Pliktene framgår klart av retningslinene for politisk leiing. Ho visste at ektemannen, Sindre Finnes, dreiv aksjehandel. Men ho let, ifylgje eigne forklaringar, vere å sjekke omfanget og kva han faktisk gjorde.
Rullebladet
Då Solberg og Høgre vart pressa på spørsmål om omfanget av aksjehandelen på ettersommaren 2023, greidde dei å halde omfanget løynt til kommunevalet var over. Men då demninga brast, viste det seg at Solberg hadde vore ugild i eit utal saker ho som statsminister hadde hatt til behandling.
Omfanget var så stort at det vart konkludert med at det var ugjerleg å ettergå alle sakene.
Solberg sjølv, og partiet, konkluderte likevel med at ho var partiets statsministerkandidat. To år seinare trudde ho og partiet at alt var gløymt. Så feil kan ein ta.
Og nå meiner Erna Solberg at ho er i posisjon til å refse Jonas Gahr Støre for korleis han verkar som statsminister.