JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Utan nynazistar

GÖTEBORG: I fjor skremde nynazistane publikum bort frå bokmessa i Göteborg. I år gjekk det betre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2800
20181005
2800
20181005

Bokmesse

ottar@dagogtid.no

I 2017 fekk den vesle høgreekstreme avisa Nya Tider plass i ein liten monter inne på messa.

Det vekte sterke reaksjonar og mykje debatt i Sverige. Dei som sa ja til avisa, viste til ytringsfridomen, til frykta for å gjera dei høgreekstreme til martyrar, og meinte at monteren til den vesle avisa kom til å drukna i den store aktiviteten på bokmessa.

Men debatten var heftig, og kring 150 forfattarar valde å boikotta messa. Dei som var mest mot, arrangerte ei mindre, alternativ messe.

Skremde folk bort

I tillegg til at ei høgreekstrem avis fekk plass på bokmessa i fjor, valde nynazistane i Den nordiska motståndsrörelsen å leggja ein demonstrasjon til gatene utanfor messeområdet. Store politistyrkar vart kalla inn. Det vart uro og steinkasting, men politiet greidde å hindra den store konfrontasjonen.

Men støyen kring nynazistane skremde folk vekk frå bokmessa. Besøkstalet gjekk ned med 20 prosent i høve til året før, og på demonstrasjonsdagen var publikumsbesøket 35 prosent mindre enn på tilsvarande dag året før. Forlaga måtte tola økonomiske tap, og det vart ein nedtur for Nordens største kultur- og mediearrangement.

I glansåra hadde messa mange store internasjonale namn på plakaten, men dei var det færre av i år.

«En mellanmässa i blekaste laget», konstaterer Maria Schottenius i Dagens Nyheter.

Nokre norske forfattarar brukar alltid vera med i programmet, og i var Nina Lykke, Geir Gulliksen og Helga Flatland plukka ut.

Og bokmessa er framleis gigantisk. Statistikken fortel om til saman 762 forfattarar, meir enn 800 utstillarar, 3800 programpunkt og over 900 akkrediterte frå media.

Større publikum

Då messa i Göteborg var på høgda, hadde ho meir enn 100.000 besøkjande. Men i fjor var publikumstalet heilt nede i 77.300, og det vart rekna for eit labert år.

Etter støyen rundt messa vart leiinga skifta ut, og i år fekk Nya Tider ikkje delta. Det førte til at den vesle høgreekstreme avisa søkte om å få arrangera ei alternativ messe, men politiet viste til at det skulle vera sportsarrangement i det same området, og sa nei.

Dermed var ein tilbake til normalen, og den 35 år gamle bokmessa registrerte 85.400 besøkjande, ein auke på om lag 10 prosent.

Nynazistane

Merkeleg nok har ikkje nynazistane som deltok i bråket i fjor, fått straffa si. Men Simon Engelin, som var nominert som riksdagskandidat for Den nordiska motståndsrörelsen (NMR) i Vest-Sverige, vart i vår dømd til å betala 12.500 kroner i bot for ulydnad. Elles er det snakk om å tiltale 17 personar som var knytte til NMR. Det høyrer med til historia at elleve motdemonstrantar er dømde for valdelege opptøyar, i hovudsak steinkasting mot politiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis